USN søker etter rektor

Campus Porsgrunn - arkivbilde
Studentar ved campus Porsgrunn. Arkivbilde.

Universitetet i Søraust-Noreg lyser ut stillinga som rektor etter styrevedtak 13. september.


I behandlinga si av saka vedtok styret å krevja "formell kompetanse for tilsetting i vitskapleg stilling (minimum doktorgrad) ved høgskole og universitet. Fortrinnsvis med professorkompetanse, men ikkje nødvendig."

Den nye styreleiaren Tore Isaksen meinte i møtet at det aller viktigaste er å finna den beste leiaren, og at eit absolutt krav om ein viss type akademisk kompetanse ikkje må vera til hinder for dette.

Styret er også opptatt av å oppfordra kvinner til å søka, mellom anna fordi USN har mange menn i leiinga.

Søknadsfristen til stillinga er 6. oktober, og kandidatane vil bli vurdert av eit innstillingsutval der òg tilsette og studentar er representert.

Utvalet skal legga fram ei innstilling for styret, som fattar vedtak om tilsetting, truleg i møtet sitt 21. november.

Åremålsperioden til noverande rektor Petter Aasen går ut ved nyttår. Han har då sete i fire år, sidan fusjonen med Høgskulen i Telemark i januar 2016. Før det var Aasen rektor ved Høgskulen i Buskerud og Vestfold og ved Høgskulen i Vestfold.

Aasen uttaler til Khrono 13. september at han kjem til å søka ein periode til for å fullføra det arbeidet og dei prosessane som er sett i verk, viss det nye styret vidarefører den strategiske kursen som det tidlegare styret har sett, og etterspør den typen kompetanse og erfaring som han har.

Universitetet i Søraust-Noreg er blant Noregs største universitet, og har ein sterk profesjonsrettet og arbeidslivsorientert profil.

Universitetet har omlag 19 000 studentar og 1700 tilsette.

USN er ein flercampus-institusjon med studiestader i Vestfold, Drammen, Kongsberg, Ringerike, Porsgrunn, Bø, Notodden og Rauland.