Vann innovasjonscamp: Vil at nordmenn skal opne heimane sine

Vinnerne Hamid Rezai, Anne Marie Dalene, Christina Starheim, Bente Jørgensborg, Marta Carm og Ameen Kazemi.
Vinnarane av inovasjonscampen for tredjeklassingar på barnevern og vernepleie hausten 2017. F.v. Vinnerne Hamid Rezai, Anne Marie Dalene, Christina Starheim, Bente Jørgensborg, Marta Carm og Ameen Kazemi.

Vinnarane av innovasjonscampen i Porsgrunn satsa på eit konsept som kan startast innan kort tid og kan få store ringverknadar.


Marta Carm, Anne Marie Dalene, Bente Jørgensborg, Ameen Kazemi, Hamid Rezai og Christina Starheim vann fyrsteplassen med løysinga «Frå hjarterot til familierom», som handlar om å legge vekt på møtet mellom menneske og haldingsendring i samfunnet.

Gruppa hadde valt å jobbe med ei løysing på oppdraget om integrering av innvandrarar.

Ideen gjekk ut på at nordmenn opnar heimen sin for innvandrarar, og lar dei bu i ein norsk heim for ein periode. Dette skal vere eit supplement til det offentlege introduksjonsprogrammet, og kan sammenliknast med prinsippet for fosterheim. Hhovudmålet er betre integrering gjennom å leve tett saman. Dette er effektivt for språk, kultur, skikkar og tradisjonar, utvikling av nettverk og det å bli sett som eit enkeltmenneske med styrker og svakheitar.

- Nettverksbygging er viktig. Da har me ein moglegheit for å unngå ekstremisme, seier dei jublande vinnarane.

Eit spel som famnar fleire

Andre plass gjekk til Ida Edquist, Marie Grønvold Flakk, Angelica Bjune Kittilsen, Karoline Mathisen, Dina Tronrud Svele og Karoline Tveitan fordi konseptet deira var så enkelt, men fengande.

Dei hadde utvikla eit spel som famnar om fleire. Egentleg er spelet mynta på ungdomsskuleelevar, men kan aldersmessig justerast både ned og opp.

Tredjeplass gjekk til Oda Tomine Foss, Mathilde Knippen, Eline Møllerbråten, Merethe Teigland og Sara Viken. Konseptet deira gjekk ut på å møte folk der dei er. Å kome vidare frå noko som ikkje var konstruktivt.

Kreativitetsprisen gjekk til Selam Melese Jenbere, Rebekka Jørnby, Susanne Oldervik og Tonje Røraas fordi dei tok i bruk moderne teknologi.

Tenke utanfor boksen

Denne veka arrangerte studiestad Porsgrunn Innovasjonscamp for tredjeårsstudentane på barnevern og vernepleie. Dei har mellom anna fått førelesing om innovasjon. Der lærte dei øvingar på å «tenke utanfor boksen».

- Me vil utvikle faget og legge vekt på auka brukerstyring og myndiggjering. Utvikle dette i samarbeid med praksisfeltet, og kunne bidra til fagutvikling som ein del av vårt samfunnsansvar, seier fyrstelektor ved helse-, sosial- og velferdsfag i Porsgrunn Nils-Petter Karlsson.

Høgskulen i Søraust-Noreg ønsker å gje studentane sjanse og inspirasjon til å bryne seg på reelle oppdrag fra praksisfeltet med moglegheit for å tenke nytt og utradisjonelt. Dette er ei fagleg utfordring, og gjev moglegheit for å kunne bruke fag inn i problemstillingar utan å vere bunde av dei rammer og forutsetingar som vaneigvis vil påvirke løysingsmoglegheiter.

- Dette er ein unik moglegheit til å treffe praksisfeltet utanfor tradisjonelle arenaer som praksisplassar, seier Karlsson.

Studentbedrift i sosialt entreprenørskap

Han fortel at sosial innovasjon og sosialt entreprenørskap er innført som deler av høgskulens undervising.

I tillegg arrangerer HSN, som fyrste høgskule i Noreg, moglegheit for å etablere studentbedrift i sosialt entreprenørskap som alternativ til tradisjonell praksisplass og bachelorskriving.

- Me legg vekt på dette fordi sosial innovasjon og sosialt entreprenørskap er identifisert som ein av fleire strategiar for å sikre ein beredyktig velferdsstat både i Noreg, og i Norden, seier fyrstelektoren.

Høgskulen vil at sine studentar skal vere førebudd på dette.

- Det viser seg at me også er svært tidleg ute med dette i forhold til andre europeiske lands sosialarbeidarutdanningar, seier Karlsson.

Innovasjon og entreprenørskap er også ein del av HSN’s strategier, og innovasjonscamp er ein av instituttets aktivitetar for å oppnå dette.

Innovasjonscamp for barnevern og vernepleiestudentar 14.- 15. november

Tysdag var det oppstart og opning av campen. Dei 100 studentane på tredje året barnevern og vernepleiestudiet blei delt inn i 17 grupper på tvers av utdanningane. Desse gruppene jobba saman på denne campen. Det er Ungt entreprenørskap som arrangerer innovasjonscampen saman med Høgskulen i Søraust-Noreg (HSN).  Kirkens Bymisjon i Tønsberg vart invitert som oppdragsgiver og oppgåver blei presentert tysdag morgon. Gruppene jobba da saman resten av dagen og fram til semifinalane starta klokka 10.00 på onsdag. Undervegs fekk dei rettleiing frå skulen og Ungt entreprenørskap.

Studentane fekk tre oppdrag å løyse:

  • Kome opp med ei løysing for framtida som kan bryte den sosiale arva og som forhindrar andre- og tredjegenerasjons brukarar på trygd. Løysinga kan vere ei teneste, ein heilt ny måte å organisere samfunnet på eller eit konkret produkt, eller ein kombinasjon.

  • Kome opp med framtidas raskaste og beste integreringsløysing som gjev størst meistring, læring, motivasjon og verdiskaping for samfunnet. Løysinga kan anten vere ei teneste, eit produkt eller ein heilt ny måte å organisere integreringsarbeidet.

  • Kome opp med ei løysing der ein ungdomsgjeng sjølv blir motivert for å ta tak i eige liv, både på kort og lang sikt. For å trigge og treffe ungdomane kan eit innspel vere å ta i bruk eksisterande og framtidas digitale plattformer, i tett samspel med øvrige mellommeneskelege møteplassar. Løysinga kan vere ei teneste, ein heilt ny måte å organisere samfunnet på eller eit konkret produkt, eller ein kombinasjon.