Verdifull praksis med eldre

Balleik: Det er høgt tempo og mykje humør når idrettstudentane frå studiestad Bø trenar eldre på Furuheim bu- og aktivitetssenter. Foto: NRK
Balleik: Det er høgt tempo og mykje humør når idrettstudentane frå studiestad Bø trenar eldre på Furuheim bu- og aktivitetssenter. Foto: NRK

HSN-studentane Sarah N. Evensen og Rune Sagneskar både gjev og får tilbake i praksisperioden tredje året på idrett, fysisk aktivitet og helse.


Kvar måndag får bebuarane på Furuheim bu- og aktivitetssenter i Sauherad besøk av to idrettsstudentar frå Høgskulen i Søraust-Noreg, studiestad Bø. Sarah N. Evensen (22) og Rune Sagneskar (23) har i haust hatt 20 praksisveker med fokus på trening for eldre. Kvar månadags føremiddag har dei køyrt ein time med trening. Det brukar å vera rundt åtte deltakarar, men det hender at dei har vore oppe i 12.

- Vårt ønske er at dei eldre skal vera sjølvgåande lengst mogleg. Den fysiske treninga skal vera sosial og gøy også, seier Evensen og Sagneskar.

Gode minneNøgde idrettsstudentar

Dei to studentane trente måndag for nest siste gong gruppa med eldre på Furuheim. Til våren er det andre idrettsstudentar som tek over. Evensen og Sagneskar sit att med mange gode minne.

- Dei eldre set pris på treninga. Me ser mykje glede. Det handlar også om å skape tilhøyrigheit i gruppa og med oss, seier Sagneskar.

Brukarane av treninga kan ha ulike utfordringar.

- Nokon har vonde skuldre, andre sit i rullestol. Det er eit stort spenn i funksjonsevna, seier Evensen.

- Me legg til rette treninga etter kvar enkelts nivå, ferdigheit og dagsform, legg Sagneskar til.

Dei to fortel at teorien er veldig A4. Da dei kom ut i praksis, så måtte dei kartlegge og finne ut kva dei kunne gjera.

Nøgde brukarar

- Eg prøvar å gjere det eg kan, men er ikkje så sterk lenger. Det er klart det hjelper å lea seg. Eg ber instruktørane ta ein song om det blir for tungt, ler Bergit Prestholt (84).

Tua Darrud, som er (96) likar treninga.

- Eg gjer det eg greier. Studentane er koslege og flinke. Me kjem til å sakne dei, seier ho.

 

Meir sjølvsikre

- Deltakarane har hatt veldig god framgang og blitt meir sjølvsikre når det kjem til trening. Dei har blitt tryggare på oss også og praten går heile tida nå, seier dei to.

Sjølve har dei lært mykje.

- Eldre er interessante å jobbe med. Det er ei koseleg gruppe me har arbeidd med. Det gjev meining å sjå framgangen når me jobbar med den fysiske funksjonen deira, seier dei to.

I tillegg til gruppetimen kvar veke har studentane gjeve deltakarane øvingar dei kan gjere på eigenhand elles. Dette har dei eldre nytta seg av. Praksisen har gjeve meirsmak.

- Eg har tenkt på å jobbe med eldre etter endt studie, seier Sagneskar.

Evensen jobbar på Bø sjukeheim utanom studiene og ho køyrer på med litt gym der også.

- Det handlar om å bryte rutiner og skape glede. Ei eldrebølge er på veg. Da er det viktig at dei eldre er aktive så lenge som mogleg, seier ho.

Tenker master

Det er med tungt hjarte dei to studentane snart avsluttar praksisen sin.

- Det er viktig for oss å trygge deltakarane om at dei er i gode hender når andre studentar overtek. Me har anbefalt dei andre i klassa å ta denne praksisen, seier Evensen og Sagneskar.

Sistnemnde var klar på at han ville jobbe med eldre da han søkte praksis. Andre studentar frå kullet har hatt praksisplass i Bø-barnehagar, Frisklivssentralen, SFO og Bø sjukeheim. Nå skal dei to lage ein praksisrapport. Sagneskar fortel at han kjem til å søke både jobb og mastergradsstudie.

- Eg har lyst til å fortsetje på mastergrad nå som eg er inne i studiekvardagen, stemmer Evensen i.

Viktig læringsarena

Forelesar: Solfrid Bratland-Sanda meiner det er viktig for HSN-studentane å bruke kunnskapen sin i nærmiljøet.

- Nærmiljøet er ein kjempeviktig læringsarena. Det blir verkelegheitsorientering oppi all teorien, seier Solfrid Bratland-Sanda, som er fyrsteamanuensis ved institutt for friluftsliv, idrett og kroppsøving ved høgskulen i Bø.

Ho fortel at det er Frisklivssentralen i Midt-Telemark som skaffar praksisplassane på dei ulike institusjonane.

- Kunnskapen som er på HSN er viktig å implementere i bygda raskt. Me kan nytte fersk kunnskap av god kvalitet, seier Svein Ivar Forberg, som er koordinator ved Frisklivssentralen i Midt-Telemark.

Einingsleiar for pleie og omsorg Torunn Hesthag synast det er eit pluss å la idrettsstudentane ha praksis på Furuheim.

- Det er viktig at deltakarane får røyrt på seg. Når ein blir eldre er det viktig å halde funksjonane i gang. Da meistrar dei kvardagen betre, seier ho.

Samarbeidet mellom HSN og Furuheim har vart i to år. Tidlegare hadde idrettsstudentane trening for eldre på Sauherad bygdeheim.

Idrettsutdanning ved HSN

HSN tilbyr idrettsutdanninger både i Bø, på Notodden og i Vestfold:

Faglærer i kroppsøving, Notodden

Idrett, ernæring og helse, Vestfold

Idrettsvitenskap, Bø

Vi har også master i kroppsøving, idrett og friluftsliv og mulighet for å bygge på med ph.d. i kulturstudier.