USN får midlar til tre oppbyggingsprosjekt i Palestina

Bilde av dekan Per -Ludvik Kjendlie
GLAD DEKAN: Per-Ludvik Kjendlie er glad for at prosjekt som USN deltek i, har fått tildelt til saman 1,8 millionar kroner over to år.

NorPal har delt ut nær fem millionar kronar til ni ulike prosjekt knytt til utdanning i Palestina. USN er ein sentral aktør i NorPal, som er eit konsortium beståande av 20 utdanningsinstitusjonar.

Per-Ludvik Kjendlie, dekan ved fakultetet for humaniora, idretts- og utdanningsvitskap, har delteke i arbeidet med oppstart av NorPal. Kjendlie sit òg i NorPal sitt styre.

– Fokus for arbeidet er akademiske verdiar, ikkje politiske spørsmål, sa Kjendlie etter etableringa av NorPal. Han sa også at USN kan tenkjast å bidra med fagleg kompetanse innan helse, lærarutdanning og teknologi, og dessutan med erfaringane våre frå tidlegare internasjonalt samarbeid.

Som eit konsortium skal NorPal mobilisere og koordinere ressursar og kompetanse for å støtte og byggje opp att palestinsk høgare utdanning og forsking etter øydeleggingane på Gaza. Det er eit langsiktig og breitt samarbeid, som òg inkluderer Vestbreidda.

LES MEIR: USN skal bidra til gjenoppbygging av høgare utdanning i Palestina

USN deltek i tre prosjekt

NorPal har no delt ut 4,8 millionar i støtte, over to år, til ni ulike prosjekt. Dei tre prosjekta som USN deltek i er:

  • PACTIE - Palestinian-Norwegian Collaboration for Trauma-Sensitive and Inclusive Education: Formålet med prosjektet er å bidra til betre utdanning for barn og unge som har opplevd kriser og traume. Prosjektet legg vekt på inkluderande undervisning som tek omsyn til kulturen og rettane til elevane. USN bidreg spesielt med kompetanse på rettsbasert og kultursensitiv utdanning. Lena Lybæk og Sesilie Smørholm deltek frå USN, saman med Oslomet, NTNU, UiT Norges arktiske universitet og Blindeforbundet.
  • NORPAL Teach-Flex: Formålet med denne arbeidsgruppa er å styrkje universitetssamarbeidet innan fleksible og digitale lærarutdanningstilbod på tvers av høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og Palestina. Lena Lybæk er også her kontaktperson for USN. Prosjektet blir leidd av Universitetet i Stavanger, og i tillegg deltek Universitetet i Oslo og Høgskulen på Vestlandet.
  • NorPal-ECHER: Norway-Palestine: Dette prosjektet blir leidd av Anders Davidsen frå USN, og er eit samarbeid mellom USN, OsloMet og Dronning Mauds Minne Høgskole.

Davidsen fortel at barnehagesektoren er hardt ramma i Palestina og at målet med prosjektet er å styrkje evna og kapasiteten til å utdanne fleire barnehagelærarar, spesielt i Gaza.

Langvarig samarbeid

USN har lenge samarbeidd med universitet i Hebron og Gaza om pedagogikkutdanning konsentrert rundt aktiv leik og læring, fagleg leiing og varetaking av traumatiserte barn.

Mellom anna har vi vore med å utvikle ei master i barnehagelærarutdanning, med fokus på pedagogisk leiing og korleis barnehagelærarane kan vareta traumatiserte barn.

LES MEIR: Utviklar barnehageutdanning i Palestina

Innspel til revidert nasjonalbudsjett

Per-Ludvik Kjendlie fortel at NorPal på sist styremøte også vedtok å sende eit innspel til revidert nasjonalbudsjett. 

I innspelet ber NorPal om ei øyremerkt støtte på omlag 100 millionar kroner til universiteta i Palestina. Dei skriv at dette er avgjerande for å halde oppe drifta av det digitale og avgrensa fysiske undervisningstilbodet som studentane er avhengige av for å kunne fullføre utdanningane sine. Ei løyving på 100 millionar kroner inneber at rundt 10 000 studentar kan få vitnemåla sine.

NorPal

  • Arbeidet i NorPal blir koordinert i samarbeid med SAIH (Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond) og med administrative støttetenester som går på rundgang mellom institusjonane.
  • Konsortiet samlar universitet, høgskular, studentorganisasjonar og SAIH for å bidra til gjenoppbygging av palestinsk høyrere utdanning og forsking. 
  • NorPal ble formelt stifta 24. november 2025. Avtalen gjeld i fem år frå 1.november 2025.

NorPal skal mellom anna støtte utvikling av helseutdanning, lærarutdanning og infrastruktur, gjennom å leggje til rette for arbeidsgrupper som utviklar konkrete utdannings- og forskingsprosjekt.

Les meir: 

Om NorPAL, deltakande institusjonar og kontaktpersonar