Disputas: Anne Grethe Sønsthagen

Anne Grethe Sønsthagen holder prøveforelesning og disputas for graden philosophiae doctor (ph.d) 2. november.


02 Nov

Praktisk informasjon

  • Dato: 2. november 2021
  • Tid: kl. 10.00 - 15.00
  • Sted: Webinar, Campus Sogndal
  • Last ned kalenderfil
  • Delta via Zoom her (klikk på lenka som blir aktiv når programmet starter)

    Program

    Kl 10.00-10.45: Prøveforelesning: Barnehagen som lærande organisasjon. Gjer greie for og drøft den teoretiske bakgrunnen for omgrepet ein lærande organisasjon. Korleis kan leiarar i barnehagen være med på å utvikle barnehagen som ein lærande organisasjon? 

    Kl 1200: Disputas. Anne Grethe Sønsthagen forsvarer avhandlingen «Leadership and responsibility: A study of early childcare institutions as inclusion arenas for parents with refugee backgrounds».

    Disputasen ledes av visedekan for forskning ved HIU Nils Asle Bergsgard.

    Bedømmelseskomité

    • Professor Eva Gulløv, Universitetet i Aarhus.
    • Professor Kjell Aage Gotvassli, Nord universitetet.
    • Førsteamanuensis Janne Solberg, USN.

    Veiledere

    • Professor Heidi Biseth, USN.
    • Dosent Øyvind Glosvik, HVL.
       

    Høgskulen på Vestlandet

Anne Grethe Sønsthagen disputerer 2. novemberAnne Grethe Sønsthagen ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ved Høgskulen på Vestlandet, vil forsvare avhandlinga si for graden philosophiae doctor (ph.d.) i programmet pedagogiske ressurser og læreprosesser i barnehage og skole ved Universitetet i Sørøst-Norge.

Anne Grethe Sønsthagen er i dag tilsett som høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet si barnehagelærarutdanning ved campus Sogndal. 

Tittel på avhandlinga er: «Leadership and responsibility: A study of early childcare institutions as inclusion arenas for parents with refugee backgrounds».

Tema for prøveforelesing: Barnehagen som lærande organisasjon. Gjer greie for og drøft den teoretiske bakgrunnen for omgrepet ein lærande organisasjon. Korleis kan leiarar i barnehagen være med på å utvikle barnehagen som ein lærande organisasjon? 

Prøveforelesing og disputas er open for alle interesserte, med høve for å delta ved fysisk oppmøte på Campus Sogndal (HVL) eller digitalt. Prøveforelesing og disputas vil bli gjennomført på norsk.

Om avhandlinga

I doktorgradsavhandlinga si gjer Anne Grethe Sønsthagen ei kritisk undersøking av korleis barnehagen fungerer som inkluderingsarena for foreldre med flyktningbakgrunn. Studien syner at det er lite kritisk refleksjon kring slike spørsmål. Leiinga og personalet såg ikkje ut til å tenkje i særleg grad over ulike maktrelasjonar mellom dei sjølv og foreldra, eller si rolle når dei møtte på utfordringar i foreldresamarbeidet. Ved å sende barna sine i barnehagen fekk foreldra høve til å starte sin eigen integreringsprosess i det norske samfunnet, men mogelege maktrelasjonar mellom dei og barnehagen vart ikkje i særleg grad utfordra.

Sønsthagen konkluderer difor med at barnehagane ser ut til å fungere meir som ein integrerings- enn ein inkluderingsarena for foreldra. Ho argumenterer for at refleksjonar over symbolsk makt er naudsynt for at barnehagen skal kunne fungere i rolla som inkluderingsarena i det norske samfunnet.

Ei framoverretta, aktiv leiing såg i studien ut til å vere ein nøkkel i kompetansehevingsarbeidet. Ein av konklusjonane er difor at barnehagen synest å trenge ein «lærande linjeleiar» om ein skal lukkast med fleirkulturell kompetanseheving. Ved å legge til rette for både individuell og kollektiv læring kan leiinga integrere kompetansehevingsarbeid i det daglege arbeidet.

Eitt viktig bidrag frå studien er ein abstrakt modell som kan brukast for å analysere barnehagen sin posisjon som ein inkluderande og lærande organisasjon. Studien har relevans både for barnehagar, styresmaktene og barnehagelærarutdanninga. 

I ein forstudie intervjua Sønsthagen mødre med somalisk bakgrunn samt pedagogiske leiarar i fire barnehagar. Søkelys var retta mot etablering og utvikling av eit tillitsforhold mellom mødrene og dei tilsette i barnehagen. I ein påfølgjande hovudstudie gjennomførte Sønsthagen eit feltarbeid i to barnehagar som deltok i den nasjonale satsinga Kompetanse for Mangfold. Studien hadde ein kvalitativ innfallsvinkel og det vart nytta både forskarstyrte dagbøker, individuelle intervju, fokusgruppeintervju og deltakande og ikkje-deltakande observasjonar som metode.