Ingrid Holmboe Høibo skal forsvare avhandlinga si for grada philosophiae doctor (ph.d.) ved Universitetet i Søraust-Noreg.
Ho har følgt doktorgradsprogrammet i kulturstudiar ved Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitskap.
Alle interesserte blir ønskte velkomne til prøveforelesing og disputas, anten fysisk eller digitalt.
- Lenkje til avhandling kjem.
Samandrag
Lynrask teknologiutvikling har gitt føringar for store og sentrale samfunnsendringar, trendar og strøymingar som også blir spegla i skule og fag. Sidan tøtsjskjermar vart lansert i 2010 har ei massiv innføringa av desse prega digitalisering av norske skule. Dei seinare åra har denne einsidige forma på digitalisering blitt utfordra av fleire, grasrotrørsler så vel som politikarar. Mellom desse er skaparverkstader (makerspaces), eit resultat av ei verdsomspennande rørsle med folk som engasjerer seg i digitalisering og skapande arbeid, både i og utanfor utdanningsinstitusjonar.
I Noreg dukkar skaparverkstader opp på stadig fleire skular, som ein tverrfagleg læringsarena med introduksjon av programmering, ny teknologi og fabrikasjonsverktøy. Verkstadane er initiert av lærarar og eldsjeler, men manglar tydeleg overordna styring og forankring. Internasjonalt følgast rørsla tett av forsking. I norsk samanheng er det førebels lite kunnskap om kva desse nye verkstadane bidreg med, samt korleis dei blir brukt og verkar i skulekvardagen. I norsk skule finst dessutan faget Kunst og handverk (KOH), som allereie har etablerte verkstader og læringskulturar for praktisk skapande arbeid.
I si doktorgradsforsking studerer Ingrid Holmboe Høibo skaparverkstader frå eit kunst- og handverksfagleg perspektiv. Gjennom ein omfattande metodikk som rommar litteraturgjennomgang og etnografiske studiar med intervju og observasjonar, sett ho søkelys på skaparverkstader som eit viktig tilskot i norsk skule.
Skaparrørsla hegnar om fysisk omgang med materialar og teknologi, der mennesket er sentral aktør i digitaliseringa, og aktiv medskapar og produsent, snarare enn konsument av digitale løysingar. Skaparrørsla møter slik dei nyaste føringane frå politisk hald med mål om ein meir aktiv, praktisk skapande skulekvardag. I tillegg er rørsla i ferd med å omsette fleire av dei samtids- og framtidsorienterte intensjonane i læreplanar, samt nasjonale og internasjonale mål om digitalisering og å utdanne for det 21. hundreåret sine kompetansar.
Høibo si avhandling gjer synleg eigenskapar ved skaparverkstader som, gjennom utradisjonelle arbeidsmetodar med nye materialar og verktøy, både tilfører og utfordrar etablerte læringskulturar. Her veks det fram læringssyn og praksisar som kan vise til positive resultat og utvegar for samtidsaktuell praktisk læring. Sentralt i skaparverkstader står skapande arbeid i verkstader, saman med eit holistisk syn på eleven. Dette deler dei med KOH, som likevel viser seg å glimre med sitt fråvær i skaparverkstader, både i form av faglærarar og innhald.
Med sitt KOH-fagleg perspektiv på skaparverkstader gir Høibo i si avhandling høve til å reflektere over og vurdere kvalitetar i etablerte og nye læringskulturar for skapande arbeid. Digitalisering er ikkje ein kvalitet i seg sjølv, det finst både gode og mindre føremålstenlege måtar å gjer det på. Det same gjeld for skapande arbeid, der form og innhald avgjer kva eleven lærer. Høibo si avhandling bidreg slik med å utvide kunnskapsgrunnlaget for vidare utvikling og digitalisering av utdanning, særleg aktuelt for avgjersletakarar og utøvarar innom fag og skule som no blir utfordra av at kunstig intelligens bankar på skuleporten.