Arrangementet er lagt opp som ein natursti. Langs naturstien skal elevane få kunnskap om og interesse for energi, berekraft og miljøvern.
I år er tema for Forskingsdagane tryggleik. Reint vann, straum og eit godt klima er viktig for ei trygg framtid. Det vil være tema på fleire av postane elevane går mellom. På postane lærar dei om, lager sjølv eller gjer aktivitetar knytt til energi, berekraft eller miljøvern, til dømes
- lage straum frå vasskraftverk
- lage iskrem ved hjelp av kjemisk energi
- skyte med potetkanon
Premie til dei beste gruppene.
Det er 18. gongen at USN inviterer elevar til energisti under dei nasjonale forskingsdagane.
