Byggjer bru mellom verdsdelar: USN og UTP styrkjer samarbeidet

Bilete frå EFTAs ministermøte i Tromsø, der USN og UTP signerte ein intensjonsavtale
STYRKJER SAMARBEIDET: – At USN blei invitert av Nærings- og fiskeridepartementet, vitnar om den tilliten og truverdet vi har bygd opp, seier USN-professor Salman Nazir (til høgre)..

USN og det malaysiske universitetet UTP har signert ein intensjonsavtale om samarbeid innan fleire viktige område. Avtalen byggjer på det første EU-finansierte prosjektet USN har leia.

– Avtalen er eit resultat av nesten ti år med tillit, felles mål og godt samarbeid. For USN er dette eit viktig steg vidare som styrker oss i arbeidet med å vere både lokalt forankra og internasjonalt engasjert.

Det fortel professor Salman Nazir, som representerte USN på signeringsseremonien.

Avtalen vil gjere samarbeidet med eit av dei beste tekniske universiteta i Malaysia, Universiti Teknologi PETRONAS (UTP), endå tettare. Samarbeidet omfattar viktige område som systemtryggleik, tryggleik til sjøs, grøn energi og etisk bruk av kunstig intelligens i utdanning og forsking.

Koplar forsking til diplomati

Avtalen blei signert under EFTAs ministermøte i Tromsø førre veke, der mellom anna Noreg signerte ein ny handelsavtale med Malaysia.

– Dette understrekar at utdanning og forsking spelar ei nøkkelrolle i internasjonalt diplomati, globalt samarbeid og berekraftig utvikling. At USN blei invitert av Nærings- og fiskeridepartementet, vitnar om den tilliten og truverdet vi har bygd opp, seier Nazir.

Han fortel at dette ikkje berre handlar om prosjekt og fagfelt, men òg om folk og ulike måtar å sjå verda på. 

– Slike samarbeid utfordrar oss til å tenkje nytt, lytte betre og finne meir kreative og inkluderande løysingar. Det gir både studentar og tilsette nye moglegheiter, både fagleg og personleg, seier Nazir.

Et samarbeid bygd på ENHANCE

Avtalen byggjer på eit nesten tiårig samarbeid mellom USN og UTP, og då spesielt om ENHANCE-prosjektet, eit internasjonalt forskingssamarbeid og det første USN-leia EU-finansierte prosjektet.  

Det samla akademiske og industrielle partnarar frå Europa og Asia, og fann ny kunnskap for å forbetre sikkerheita i risikoutsette næringar som brukar komplekse teknologiske system. Denne kan bidra til å redde liv og redusere kostnadar for til dømes prosessindustri og maritim industri. 

Forskarane har utvikla nye trenings- og evalueringsmetodar bygd på korleis menneske og teknologi fungerer saman i krevjande situasjonar.

– Vi har mellom anna utvikla opplæring med simulatorar og VR-teknologi, laga ein modell for å analysere menneskeleg pålitelegheit og skapt tett kunnskapsdeling mellom maritim og prosessindustri, seier Nazir, som var koordinator for prosjektet. 

Meir enn teknologi og tal: Eit menneskeleg samarbeid

Prosjektet har publisert 26 vitskaplege artiklar og la grunnlaget for USN sitt senter for framifrå forsking, COAST.

– Men det handlar ikkje berre om teknologi og tal. Det handlar om folk, samarbeid og å lære av kvarandre. Prosjektet bygde bru mellom akademia og industri, og viste kva vi kan få til når ulike miljø jobbar mot eit felles mål. Det var også ein viktig inspirasjon for intensjonsavtalen vi no har signert, seier Nazir.

Saman med UTP planlegg USN òg å halde fram med felles møteplassar for kunnskapsdeling, som Loss Prevention Asia 2025. Målet er at det vi finn ut gjennom forsking ikkje berre skal bli liggande i akademiske tidsskrift, men også kome til nytte for næringsliv og politikarar. I tillegg vil dette samarbeidet gi ein plattform for å synleggjere USN sitt senter for framifrå utdanning (COAST) globalt.

– Ved USN verdset vi samarbeid som nyttar kunnskap til å skape resultat. Vårt samarbeid med UTP er eit prov på korleis vår delte forplikting til forsking og innovasjon kan skape viktig endringar på tvers av landegrenser. Eg ser fram til å sjå resultata frå det fornya samarbeidet vårt, seier USN-rektor Pia Cecilie Bing-Jonsson.

LES OGSÅ: Tettet kunnskapshull i EU-prosjekt