Kva skjer når barnehagelæraren seier nei?

Mari Pettersvold og Solveig Østrem sett søkjelys på barnehagelærarar som motsett seg oppgåver dei blir pålagt.
Mari Pettersvold og Solveig Østrem sett søkjelys på barnehagelærarar som motsett seg oppgåver dei blir pålagt.

Profesjonsutøvarar framstillast ofte som avmektige i møte med detaljstyring frå myndigheiter og forvaltning. Det er bare ein liten del av sanninga.


Mari Pettersvold og Solveig Østrem ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) har gjeve ut boka «Profesjonell uro». Dei to USN-forfattarane vil vise at kritikk i seg sjølv er viktig, men mest av alt kva han kan føre til. Dei vil også vise kor gale det ber av stad når vilkåra for kritikk ikkje er til stades.

- Me skreiv boka fordi forteljingane finst og treng å bli fortalt. Håpet er at det kan skape gjenkjenning hos dei som har liknande erfaringar, og føre til fleire forteljingar, seier Pettersvold.

Samla forteljingar

Boka er eit resultat av eit forskingsprosjekt som har gått ut på at forfattarane over ein periode på to år har samla forteljingar frå barnehagelærarar som ope og ikkje i det skjulte, som er meir vanleg, motsett seg oppgåver dei blir pålagt. Det enda med 15 barnehagelærarars forteljingar. Forfattarane skriv om kva barnehagelærarane sa nei til, korleis, kvifor og korleis det gjekk. Pettersvold er fyrsteamanuensis i sosiologi ved USN og Solveig Østrem er professor i pedagogikk ved USN.

- Me gjekk i gang med prosjektet, fordi det er behov for meir kunnskap og meir nyansert kunnskap om barnehagen og om kva som står på spel. Ofte framstillast barnehagelærarar og andre profesjonsutøvarar som avmektige i møte styringsiveren frå myndigheiter og forvalting, seier Østrem.

Forfattarane ønskjer å få fram at bildet er meir nyansert. Studien dei har gjennomført, viser at det finst eit handlingsrom, og at det kan vere større enn ein ofte trur. Han viser også at det er mogleg å stille spørsmål ved legitimiteten til pålagde oppgåver.

Korleis reagerer leiaren?

- Kritikk kan gjere oss klokare. Han kan få leiarar til å lytte, og til å handle. Me har blitt merksam på leiarars ulike måtar å møte kritikk på, frå utskjelling og valdsamt emosjonelle reaksjonar til dei som lyttar og tek kritikken innover seg. Somme utøver makt ved å flytte fokus frå sak til person og gjere han som kjem med kritikken, til problemet. Forteljingane etterlet eit inntrykk av at ein del leiarar er meir opptekne av kven dei er som leiarar enn av saka det dreier seg om. Det er mange leiarar i dette materialet med svak kraft i argumenta, seier Pettersvold.

Prosjektet viser at leiarar kan oppleve å kome i ein skvis mellom ulike forventningar, fordi dei ikkje let barnehagens føremål vera førande.

- Likevel ser me tydeleg kva for betyding leiarar har for å stø opp om tilsette. I nokre av tilfella er det leiarane sjølve som tek initiativet til å «seie nei» på vegne av personalet i barnehagen. Seks av dei 15 er sjølv styrarar eller leiarar, og gode døme på leiarar som tek slikt ansvar for å setje ein stopper for tiltak som ikkje er formålstenlege. Dette er leiarar som identifiserer seg med profesjonen. Dei har det same kunnskapsgrunnlaget og kjenner seg forplikta på dei same verdiane og det same mandatet, seier Østrem.

Lesestoffet i boka famnar om ei brei målgruppe. Ikkje minst studentar på styrarutdanningane og andre leiarutdanningar for barnehagelærarane.

Ulike måtar å rekruttere

Deltakarane blei rekruttert på tre ulike måtar.

- Nokre blei rekruttert via vår eigen fagblogg "mestrermestrerikke.no" der me i eit innlegg med tittelen "Fortellinger om å ta ansvar" inviterte barnehagelærarar som ønskte å delta i prosjektet, til å ta kontakt, seier Pettersvold.

Nokre blei rekruttert via faglege nettverk og den såkalla snøballmetoden. Me kontakta personar me kjente til, som me visste kunne ha interessante erfaringar. Dei me kontakta sette oss deretter i kontakt med nye potensielle deltakarar.

- Ei tredje gruppe er dei som utan å vite om prosjektet, tok kontakt med oss for å fortelje om erfaringane sine og som deretter ble spurt om dei kunne tenke seg å delta, forklarar Pettersvold om metoden.

Iver etter å standardisere

Bakteppet for prosjektet er velkjent. Det dreier seg om detaljstyring frå myndigheiter og forvalting, og om krav som kan føres tilbake til målstyring og velferdstilbod som blir effektivisert, utdanning og andre offentlege tenester. I iveren etter å standardisere og samanlikne barnehagane blir nokre utvalde, ofte kvantitative, mål gjeldande.

- Det kan bli viktigare at alle gjer det same, som til dømes å bruke eit og same verktøy eller program, enn å sikre reell kvalitet i kvar barnehage. Denne styringslogikken fører til at avgjerslene takast av nokon andre enn dei som kjenner feltet best, og som står nærast barna, elevane eller pasientane. Ikkje minst opnast det for aktørar som tilbyr ulike standardløysingar. Det er gode tider for dei som har et verktøy eller program å selje, seier Østrem.

Profesjonsutøvaranes kunnskap blir marginalisert, og kjerneoppgåvenes verdi reduserast. Deira viktigaste oppgåve i denne logikken blir å stå til rette for å innfri andres krav, det er mindre viktig at dei tek eit reelt ansvar for å utøve eit godt profesjonelt arbeid ramma inn av barnehagens føremål.

- Me er opptekne av kven me lyttar til for å skape gode barnehagar, og da kan ikkje nokons røyst systematisk ekskluderast. Som samfunn er me avhengige av at profesjonsutøvarar, i dette tilfellet barnehagelærarar, har evne til ansvar, integritet og motstand og kan kommunisere dette tydeleg, seier Østrem.

Annleis merksemd og motstand

- Har det blitt meir krav, som er i strid med det barnehagelærarar finn fagleg og etisk forsvarleg, og som ikkje er i samsvar med barnehagens føremål, med tida?

- Svaret er både ja og nei, forskjellen er kanskje at merksemda og motstanden er ein annan, seier Pettersvold.

I 2012 skreiv forfattarane boka «Mestrer, mestrer ikke. Jakten på det normale barnet». Ho handlar om kartleggingsverktøy og pedagogiske program, som mange barnehagar blir pålagt av barnehageeigar eller lokale myndigheiter å bruke. Dei skriv om korleis program og verktøy som seljast inn mot barnehagar som «tidleg innsats», fortrenger den heilskaplege tilnærminga til omsorg, leik, læring og danning.

- Det er stadig slik at detaljstyring av barnehagen ofte handlar om at barnehagen påleggast å ta i bruk bestemde pedagogiske programmer eller verktøy. Det ser ut til å være eit mønster at det er slike pålegg som utløyser barnehagelæraranes motstand. Når barnehagelærarar seier nei, handlar deira «nei» ofte om at dei ikkje ønsker at desse programma skal leggje føringar for det pedagogiske arbeidet i barnehagen, seier Pettersvold.

Meir kritikk

Den barnehagepolitiske konteksten er likevel ikkje den same som den var for seks år sidan. Med denne boka forsøker forfattarane å få fram kva som er nytt, og kva rørsler som skapast, ikkje minst gjennom barnehagelærarars engasjement.

- Ikkje bare har me blitt merksame på at kritikken finst. Me meiner også å sjå at det har blitt meir av den. At den er blitt tydelegare, meir eksplisitt og meir velfundert og velformulert. Fleire barnehagelærarar ytrar open kritikk, ikkje bare fordi dei er blitt meir kritiske, men også fordi dei tor, seier Østrem.

Ho meiner dette kan ha samanheng med at dei kritiske røstene er blitt fleire, men også med at barnehagelæraranes fagforeining (Utdanningsforbundet) er blitt tydelegare. Deira eigne erfaringar kan kaste lys over utviklinga som har skjedd dei siste åra.

Da «Mestrer, mestrer ikke» kom ut i 2012, blei den av mange sett på som kontroversiell, enkelte omtalte boka som ein brannfakkel. Somme ønska ikkje å bli assosiert med ho, trass i at dei var samde i framstillinga, somme fortalde at dei leste boka i smug. Etterkvart har dette blitt ei bok som lesast mykje og som det ofte blir referert til.
Ho er trykt i fire opplag og kjøpt inn av Kulturrådet.

Det er ikkje lenger kontroversielt å peike på samanhengar mellom målstyring, New Public Management (reformbølgja som sidan 1980-talet har hatt som mål å effektivisere offentleg sektor ved hjelp av styringsprinsipp frå privat sektor) og kartlegging av barnehagebarns ferdigheitar.

Det er også blitt stuereint å si at kommersielle interesser speler inn når pedagogiske program seljast inn ovanfor kommunar, som løysing på alt frå fråfallsproblematikk og rusproblem blant ungdom til manglande norskkunnskapar ved skulestart.

Møter fleire ytre krav

- Grunnen til at barnehagen møter fleire ytre krav, er nok at han har blitt politisk viktigare og i større grad blir sett som arena for å førebyggje alt som kan gå gale i barns liv og i nasjonens samfunnsøkonomiske utvikling. Barn er blitt noko ein investerer i for å få størst mogleg avkasting i framtida. Det finst ein optimeringslogikk som går ut på å få så mykje læring som mogleg tidleg, eller få så mykje som mogleg att for kvar krone det investerast i barnehagesektoren. Problemet er at me står ovanfor eit gedigent eksperiment med små barn. Det kan hende at me oppnår det heilt motsette av intensjonane. Barn treng tid til å utvikle seg, og dei treng tid og gode rammer for leik, sett som ein verdi i seg sjølv og ikkje som middel for å oppnå noko anna, seier Pettersvold.

Tittelen «Profesjonell uro» viser til uroa fleire av dei 15 barnehagelærarane fortel om, og som var kjelda til deira motstand. Ei uro over noko som ikkje stemde, ei fornemming av at det dei blei pålagt, er noko anna enn kva det gjev seg ut for. At eit tiltak ikkje er så forskingsbasert, naudsynt og uskyldig som det blir presentert som. Dei slår seg ikkje til ro med standardløysingar som skapar eit inntrykk av kvalitet, bare fordi skjema er fylt ut eller prosedyrane er følgde. Dei reagerer på at den informasjonen om barn som blir etterspurt, i liten grad seier noko om barna utover kva dei manglar eller på andre måtar gjer at dei avvik frå det som er «normalt».

Motsett seg innsnevring

- Førestillingane om barn, barndom, pedagogar og pedagogikk i dei mange tiltaka skapar ei uro. Me ønskjer difor å inspirere til meir uro, meir open kritikk og fleire forteljingar som kan så tvil om «sanningane» i pedagogiske standardløysingar. Me ønskjer å bidra til meir motstandsdyktigheit der det er på sin plass. Dei 15 informantane ser ikkje seg sjølv som rebellar, og heller ikkje som heltar. Dei er ganske alminnelege barnehagelærarar som seier at noko har skjedd, at noko har utvikla seg i ei retning dei ikkje kan vera med på, seier Pettersvold.

Felles for dei 15 barnehagelæraranes forteljingar er at dei motset seg ei innsnevring av barnehagens breie samfunnsmandat. Eit av bokas hovudbodskap er at motstand og kritikk er eit hinder mot myndigheiter og barnehageeigarars avgjersler som går på tvers av barnehagens føremål. Kritikk kan altså sikre ein stø kurs der det viser seg at avgjersler ofte er meir vilkårlege enn ein trur.

- Ein annan konklusjon er kva kjeder av forventningar kan produsere eller reprodusere. Me kan anten få meir myndiggjering på alle nivå, frå kommunaldirektørar til dei yngste barna, eller me kan reprodusere servilitet på alle nivå. Der tillit og klokskap finst, er det sannsynleg at det blir meir tillit og meir klokskap. På same måte er det med regelstyring og mistillit. Der mistillit finst, blir det meir av det i alle ledd. Dette er helt vesentleg, gjeve den premissen at den som skal styre andre, må kunne styre seg sjølv, avsluttar Østrem.