Personlegdomsdraga som kan gje auka risiko for einsemd i eldre år

Eldre mann saman med pleier
Forskarar har identifisert fleire drag ved personlegdomen som kan knytast til å utvikle einsemd seint i livet. Foto: iStock

Forskarar har identifisert fleire drag ved personlegdomen som kan knytast til å utvikle einsemd seint i livet.


For mange er einsemd og isolasjon ein del av opplevinga av å bli gamal. Eldre personar er spesielt sårbare for einsemd som følgje av aldersrelaterte endringar, som at helsa blir dårlegare, at sosiale roller fell bort etter at ein går av med pensjon, og tap av partnar og vener.

Forsking har vist at einsemd i eldre år heng sterkt saman med depresjon. Vidare er det funne at både einsemd og depresjon kan ha alvorlege negative verknader på trivnaden, og kan auke faren for tidleg død.

Ein fersk studie, leia av professor Heidi Kristin Ormstad ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN), tyder på at enkelte personlegdomsdrag kan knytast til auka risiko for å bli einsam i eldre år.

Heidi Kristin Ormstad

– Personlegdomen vår består av relativt stabile personlegdomsdrag som det er vanskeleg å endre. Å vite at visse personlegdomsdrag er relaterte til einsemd seinare i livet, kan likevel auke medvitet slik at vi kan utvikle strategiar for å redusere risikoen for einsemd i eldre år, seier Ormstad.

Ho strekar under at einsemd ikkje skal forståast som sosial isolasjon, sjølv om det kan relaterast til det:

– Folk kan vera åleine utan å kjenne seg einsame, og folk kan oppleve einsemd i sosiale samanhengar, forklarar ho.

Forskinga baserer seg på data frå den norske studien av livsløp, aldring og generasjon (NorLAG). Utvalet bestod av snautt 1000 norske kvinner og menn i alderen 60 til 79 år. Alle hadde delteke i ei spørjeundersøking i 2002-2003, der dei den gongen oppgav at dei ikkje var einsame. Fem år seinare deltok den same gruppa i ei ny spørjeundersøkjing, og denne gongen rapporterte 14 prosent av mennene og 11 prosent av kvinnene at dei nå var einsame. Forskarane undersøkte så i kva grad deltakarane sine personlegdomsdrag var forbundne med å bli einsame. Personlegdomsdraga blei målte ved å bruke det som er kalla «femfaktormodellen» (på engelsk «The Big Five»).

Medmenneskelege kvinner

Ormstad hadde ein hypotese om at eldre kvinner som i stor grad har vore varme, støttande og viktige omsorgspersonar for andre gjennom livet, i større grad kan kjenne på einsemd når dei blir eldre.

– Målet med studien var derfor å undersøkje i kva grad drag ved personlegdomen er assosierte med risikoen for å bli einsam i eldre år, fortel Ormstad.

Medmenneskelegheit peika seg ut som eit sentralt personlegdomsdrag knytt til einsemd. Medmenneskelegheit er kopla til personlegdomsdrag som kjem til utrykk gjennom individuell åtferd som vert opplevd som snill, sympatisk, samarbeidsviljug, varm og omsynsfull.

Blant kvinnene synte det seg at høg grad av medmenneskelegheit var signifikant assosiert med en høgare risiko for å bli einsam.

– Det kan tenkjast at eldre kvinner med dette personlegdomsdraget lettare kan kjenne på saknad og sorg over kjensla av at «det er ingen som treng meg lenger». Kanskje er det slik at vi har lett for å utøve ei slags misforstått omsorg ved å skulle skjerme eldre kvinner som tidlegare har vore våre støtter, våre omsorgspersonar - frå å belaste dei med bekymringane eller behova våre. Men da risikerer vi kanskje også å ta ifrå dei noko anna, nemleg det å kunne «å vera noko for andre». Og spesielt for enkelte menneske, les: kvinner, med dette personlegdomsdraget kan dette skape kjensle av saknad og einsemd.

Ulikt for menn og kvinner

For mennene var funna knytte til medmenneskelegheit snudd på hovudet: Her var det låg grad av medmenneskelegheit som peika seg ut som ein risikofaktor.

– At vi fann det stikk motsette for menn når det gjeld medmenneskelegheit, kan vera interessant å diskutere, seier Ormstad.

Forskarane fann i tillegg ei kopling til auka risiko for einsemd hos mennene som hadde høg grad av nevrotisisme. Nevrotisisme er eit personlegdomsdrag som er kjenneteikna av mykje negative tankar og kjensler, svingingar i humør og mykje frykt.

– Funna som indikerer at nevrotiske menn i større grad kan bli einsame enn andre menn, er i samsvar med tidlegare forskingsfunn, seier Ormstad.

Vidare viste det seg at menn som hadde låg grad av ansvarsbevisstheit også var sterkare representerte blant dei som blei einsame. Ansvarsmedvitne personar er pliktoppfyllande, samvitsfulle og pålitelege.

– Det kan vera fleire moglege forklaringar på funna som gjeld menn. For det første kan drag ved personlegdomen verke inn på menneskes evne til å inngå eller halde oppe venskap, familieforhold eller fungerande sosiale nettverk. Det kan kanskje tenkjast at menn som er mindre ansvarsmedvitne eller meir nevrotiske har mindre sosial kontakt, rett og slett fordi dei i mindre grad evnar å etablere og halde oppe venskap og sosiale relasjonar. Så det kan vera at menn med dei utslagsgjevande personlegdomsdraga bør vera spesielt opptekne av å halde ved like venskap og sosiale kontaktar når dei blir eldre. Og truleg vil dette vera spesielt viktig å tenkje på ved pensjonsalder, seier Ormstad. 

Bevisstheit – eit høve til å førebyggje

Professoren menier forskingsfunna kan vera nyttige for å utvikle strategiar for å forhindre einsemd i eldre år.

– Vi skal vera varsame med å koma med tilrådingar og råd baserte på ein enkelt forskingsstudie. Det trengst meir forsking på samanhengen mellom personlegdomsdrag og einsemd blant eldre. Men når det er sagt, så er det interessant å reflektere rundt korleis ein kan forstå funna og korleis ein eventuelt kan omsyn til dei. På den eine sida er personlegdomen vår sett saman av relativt stabile personlegdomsdrag som er vanskelege å endre. På den andre sida kan kanskje det å vite at bestemte personlegdomsdrag er relaterte til einsemd seinare i livet gje eit auka medvit og med det eit høve til å førebyggje, avsluttar Ormstad.

Basert på forskingsartikkelen: “Personality traits and the risk of becoming lonely in old age: A 5-year follow-up study”, som nyleg blei publisert i Health and Quality of Life Outcomes, 18(47), 5

Professor Heidi Ormstad ved Universitetet i Søraust-Noreg er førsteforfattar.

Personlegdomsdrag og einsemd hos eldre

Målet med studien var å undersøkje i kva grad personlegdomsdrag er assosierte med risikoen for å bli einsam, hos kvinner og menn i alderen 60-79 år. Forskinga baserer seg på data frå den norske studien av livsløp, aldring og generasjon (NorLAG).

  • Resultata frå studien indikerer at for kvinner kan høg grad av medmenneskelegheit gje høgare risiko for å bli einsam i eldre år.

Medmenneskelegheit er kopla til personlegdomsdrag som kjem til utrykk gjennom åtferd som blir opplevd som snill, sympatisk, samarbeidsviljug, varm og omsynsfull.

  • For menn derimot, tyder resultata på at låg grad av medmenneskelegheit kan gje høgare risiko for å bli einsam i eldre år. I tillegg kan høg grad av nevrotisisme og låg grad av ansvarsbevisstheit gje eldre menn auka risiko for å bli einsame.

Nevrotisisme er eit drag ved personlegdomen som er kjenneteikna av mykje negative tankar og kjensler, svingingar i humør og mykje frykt.

Ansvarsbevisstheit er eit personlegdomsdrag som er kjenneteikna ved pliktoppfyllande, samvitsfull og påliteleg åtferd.