Samling og sommarskule for vatnforskninga

Deltakarane i WASO - prosjektet samlet i Bø 2.-3. juli.
Deltakarane i WASO - prosjektet samlet i Bø 2.-3. juli.

I starten av juli var det prosjektmøte for eit internasjonalt vann-nettverk, WASO, og sommarskule for masterstudentar i kurset som gjekk på vannkvalitet.

Søndag 2. juli og måndag 3. juli var det prosjektmøte for WASO som står for Water, Society and Climate Change ved studiestad Bø. WASO er et fem- års prosjekt som involverar 11 partner universitet frå Uganda, Kenya, Etiopia, Sør Sudan, Sri Lanka, Bangladesh, Cambodia and Noreg.

- Vi ynskjer at fleire ved HSN får kjennskap til prosjektet og nettverket  for bruk i sine faglege samanhengar vidare. Målet med prosjektet er kapasitetsbygging innan vatn og samfunn, med vekt på utdanning og rettleiing av master- og PhD-studentar, seier tidlegare dekan i Bø, Tone Jøran Oredalen som no er stipendiat og koordinator for WASO-prosjektet ved HSN.

WASO-prosjektet er forankra på institusjonsnivå ved HSN, sjølv om det til nå er tilsette ved teknologi og økologimiljøet som har vore mest involvert. Harsha Ratnaweera ved NMBU er WASO prosjektleiar med spesielt ansvar for Asia-prosjektet, medan Tore Sætersdal ved UiB har fagleg ansvar for Afrika-prosjektet.

Prorektor ved HSN, Kristian Bogen, åpna møtet, og fleire representantar frå USN var innom på ulike tidspunkt. 

Sommarskule i juni

Veke 26 var det WASO sommarskule ved studiestad Bø og Porsgrunn. I alt 16 studentar tok masterkurset «Water Quality Challenges» på 5 studiepoeng – med 11 WASO deltakarar frå Uganda, Sør-Sudan, Kenya, Bangladesh, Sri-Lanka, Kirgisistan og Tadsjikistan og HSN.

- Det har vore ei fantastisk fin gruppe å ha her, fagleg interesserte, og sosialt engasjerte – ein inspirasjon for oss også! Fleire av våre faglege har stått for undervisninga  i Bø og Porsgrunn. Studentane er også to veker ved NMBU, der dei tek 10 studiepoeng i «Water Resources Management and Treatment Technologies», fortel Oredalen.