Skal trene brannfolk til å handtere hydrogen-ulykker

Brannkonstabler slukker brann

Hydrogen blir stadig meir brukt som energikjelde innan både industri og transport, og det fører med seg nye tryggleiksutfordringar. Gjennom treningsprogrammet H2Konstabel skal USN-forskar André Gaathaug førebu norske brannfolk på hydrogen-relaterte ulykker.

– Forsterkningsprosjektet H2Konstabel vil føre til at ulykker og hendingar med hydrogenteknologi blir løyste betre og sikrare i heile Noreg. I dag er det ein utbreidd ibuande skepsis til tryggleiken rundt hydrogen, men H2Konstabel vil vise at det er mogleg å handtere det innanfor rammene av brannetatane i landet, forklarer førsteamanuensis André Gaathaug ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Portrett av André Vagner GaathaugHan er leiar for prosjektet H2Konstabel som er knytt til det internasjonale EU-prosjektet HyResponder – eit prosjekt som har som mål å lære opp dei som skal lære vidare – «train the trainers». HyResponder blir leia av University of Ulster, og er finansiert av samarbeidsprosjektet FCH JU under Horizon 2020.

– HyResponder skal utarbeide ein variert læringsplattform for europeiske naudetatar, slik at dei kan handtere ulykker og hendingar knytte til hydrogenteknologi. Prosjektet skal også trene opp to brannmenn frå 10 ulike europeiske land, slik at dei saman dannar eit europeisk nettverk av spesialistar som kan bringe erfaringane og kunnskapen til sine respektive land, forklarar Gaathaug.

LES OGSÅ: – Stolt av å gå på ein universitetsskole

Lokal forlenging av EU-prosjekt

H2Konstabel er eit forsterkningsprosjekt i forlenginga av HyResponder. Det skal vidareføre erfaringa og kunnskapen frå den nasjonale HyResponder-workshopen, og bringe den ut til mange av dei kommunale og interkommunale brann- og redningsetatane i landet.

Bakgrunnen for utforminga av H2Konstabel er ifølgje André Gaathaug todelt. For det første følgjer prosjektet opp nasjonale og internasjonale initiativ om å utvikle ein hydrogenøkonomi.

Desse måla vil føre til at det kjem nytt drivstoff til bilane på vegen, det vil bli transportert store mengder hydrogen på veg, skip og bane, det vil bli bygd nye produksjonsanlegg for hydrogen og det vil vere behov for å lagre store mengder hydrogen mange stadar i landet. For brann- og redningsetatane vil dette føre med seg nye utfordringar.

Ved sidan av dette, er behovet for H2Konstabel ifølgje Gaathaug også knytt til organisering av brann- og redningsetatane i Noreg. Rundt 50 prosent av alle tilsette rundt om i norske brannetatar er nemleg deltidstilsette, og det vil seie at mange vil ha avgrensa høve til å oppsøkje opplæringsmoglegheiter og workshop-ar som dei som blir gjennomførte i regi av HyResponder. Difor er det behov for opplæring der dei er.

LES OGSÅ: Ny start for Horisont 2020-prosjekt

Gjennomfører opplæring på web og fysisk

Ved sidan av å tilpasse læringsmateriellet frå HyResponder til norske tilhøve, skal H2Konstabel gjennomføre både nettbasert undervising og fysiske workshops rundt om i Noreg. Førstnemnde vil først og fremst gjelde for opplæring på spesialist- og innsatsnivå, medan sistnemnde vil vere for konstabel- og utrykkingsnivå.

– Tryggleik og beredskap knytt til hydrogen er ofte høgt prioritert i Noreg, med rette. Det er også viktig å merke seg at erfaring viser at det er fullt handterbart. Likevel er det annleis enn andre kjende stoff, og vil difor krevje noko annleis strategi, taktikk og teknikk ved ei ulykke.

Gaathaug meiner det er viktig at kompetansen blir utvikla og delt tidleg i Noreg:

– Slik vil brannetatane vere godt førebudde idet nye energiberarar og -lager blir introduserte i samfunnet. På den måten vil dei vere betre førebudde enn etatane var då elektriske bilar vart introduserte. Då var det i stor grad opp til kvart enkelt kommunale brannvesen å lære seg korleis det best skulle bli handtert.

HyResponder:

EU-prosjektet HyResponder siktar mot å oppnå sikker kommersialisering og bruk av hydrogen- og brenselscelleteknologiar. Prosjektet utviklar eit omfattande treningsprogram basert på kunnskap rundt hydrogentryggleik, og det blir også etablert eit nettverk av spesialistar rundt om i Europa som skal bringe kunnskapen vidare.

HyResponder har fått finansiering frå Fuel Cells and Hydrogen 2 Joint Undertaking (no Clean Hydrogen Partnership) under tilskotsavtale 875089. Dette prosjektet får støtte frå EUs Horizon 2020-program, Hydrogen Europe og Hydrogen Europe Research.

H2Konstabel:

Forsterkningsprosjektet H2Konstabel har som føremål å bringe kunnskapen frå HyResponder vidare til norske brann- og redningsetatar. Prosjektet er utvikla med tanke på nasjonale og internasjonale initiativ om å utvikle ein hydrogenøkonomi, og det er også tilpassa organiseringa av brann- og redningsetatane i Noreg der omtrent 50 prosent er deltidstilsette.

H2Konstabel blir finansiert gjennom forsterkningsmiddel for koordinerings- og støtteaktivitet frå FORSTERK-programmet til Norges forskningsråd med prosjektnummer 333080.