Skriv masteroppgåve om «dødsskipet» i Horten

Fregatten Kong Sverre som låg til kai ved Horten under spanskesjuka  Sort-kvitt bilde av båten
KVA SKJEDDE PÅ DENNE BÅTEN? Fregatten Kong Sverre som låg til kai ved Horten under spanskesjuka (Foto: Wikipedia)

Eit skip i Horten vart siste stopp for 42 unge menn under spanskesjuka. Masterstudent Christina Stylegar Torjussen skal granske kva som eigentleg skjedde hausten 1918.

«Høsten 1918 lå et skip ankret utenfor Karljohansvern i Horten. Skipet het «Kong Sverre» og fungerte som losjiskip for rekruttene i marinen. På tross av den pågående pandemien i landet, ble innrulleringen av de menige utført som normalt. I begynnelsen av oktober 1918 ble over 500 unge menn innlosjert om bord på «Kong Sverre». Det skulle ikke ta mer enn 15 dager før alle guttene hadde forlatt skipet igjen. De fleste ble permittert og reiste hjem ved hjelp av buss eller tog, men for 42 av de innrullerte unge mennene ble Kong Sverre deres siste endestasjon og hjemreisen ble gjort i en likkiste.»

Slik startar Christina Stylegar Torjussen skildringa av masterprosjektet sitt. Gjennom professor Svenn-Erik Mamelund har USN-studenten fått plass som «affiliated» ved det internasjonale forskingssenteret PANSOC ved OsloMet.  

Professor Mamelund er ein av dei leiande internasjonale kapasitetane på spanskesjuka. Difor er Christina i gode hender når ho no skal undersøke dødstal under spanskesjuka ved forlegningsskipet «Kong Sverre», som låg til kai i Horten i 1918.

Vil vekke interesse internasjonalt

– På denne båten og på søsterbåten «Desideria» var dødstala under pandemien eksepsjonelt høge – og høgare enn noko som er registrert internasjonalt under liknande tilhøve, seier professor i historie, Ole Georg Moseng, som er rettleiaren til Christina på USN. Moseng er, til liks med Mamelund, ekspert på historiske pandemiar og har forska mykje på pest, kolera, tuberkulose og andre smittsame trugsmål som har forma samfunnet.

Moseng trur oppgåva til Christina vil vekke stor interesse og at resultata fort kan ende opp i ein internasjonal artikkel. Noko liknande skjedde med historiestudent Helene Økland, som i 2019 fekk heile framsida på eit internasjonalt vitskapleg tidsskrift med ein master-artikkel om spanskesjuka i USA.

Christina sjølv har allereie vunne pris – før ho i det heile tatt har skrive masteroppgåva. I oktober var ho med på ein internasjonal konferanse i Bergen – og det enda med at ho vann ein pris for presentasjonen sin.

No skal ho grave seg ned i gamle arkiv. Der skal ho studere loggbok frå skipet, lokalaviser og forteljingar frå mannskap som var om bord. Ho skal også lese rapportar frå ein sjukepleiar og ein meinig, brev og korrespondanse mellom admiralen på «Kong Sverre», skipslegen, sjefen for saniteten til marinen og forsvarsdepartementet. Særleg håpar ho å finne innrulleringsrapportane frå 1918 – for å få innblikk i kven som faktisk var på skipet.

LES ÒG: Masterstudent med internasjonal cover-story

Berre skilde frå kvarandre med ein seglduk

Christina er allereie godt i gang med arbeidet, og seier det truleg var fleire faktorar som gjorde at så mange døydde på «Kong Sverre».

Ho seier at for det første var det i all hovudsak unge menn som budde på skipet.

– Vi veit at desse var særleg utsette for spanskesjuka. I tillegg fekk nesten halvparten av dei smitta lungebetennelse som ein følgjesjukdom, og det var gjerne denne som tok flest liv.

Christina seier mykje også tyder på at dei sanitære og hygieniske tilhøva var dårlege.

– Det var nemleg ikkje nok kapasitet på korkje skipa eller det militære sjukehuset i land (Karljohansvern), så dei sjuke og friske vart berre skilde frå kvarandre med ein seglduk ombord på skipet. I tillegg veit vi at dei første vart smitta berre få dagar etter at dei vart innrullerte. Innan 8. oktober hadde mellom 70 og 80 blitt smitta, fortel Christina.

Historiestudent Christina Torjussen - foto privat
Det var ein tilsvarande eksplosjon av smitte nokre dagar seinare, likevel vart ikkje dei friske meinige sendt heim før 15. og 16. oktober. Hadde ein derimot sendt alle friske heim tidlegare, ville ein nok unngått ganske mange dødsfall, meiner Christina Stylegar Torjussen.

– Om eg også finn ut at det var mange menn frå landsbygda og distrikta ombord, har vi endå eit argument for høge dødstal. Vi veit at desse i gjennomsnitt hadde lågare nyleg opparbeidd immunitet enn dei frå urbane strok. Dette kom av at pandemien var meir utbreidd i byane enn på bygdene sommaren 1918 då den første bølgja inntrefte, fortel Christina.

Det er tidlegare forska på dødstala på militære skip under første verdskrig, men dette er første gong eit skip i eit nøytralt land blir forska på, seier ho.

– Dette vil fjerne fleire uvissemoment som er til stades i krigførande land. I eit nøytralt land vil innhenting av data som folketeljingar, årleg folketalsstatistikk og tal frå distriktslegane ha skjedd som normalt og ikkje vere påverka av krig.

Christina seier at i tillegg vil dødstala i den norske marinen vere enklare å kartleggje enn i land som tok ein aktiv part i krigen. I desse landa vil uspesifiserte dødsfall i stor grad kunne ha kome av krigshandlingar og ikkje pandemi.

– Tidlegare forsking på militære skip under første verdskrig og spanskesjuka har dessutan ikkje tatt for seg utbrotet på eit enkelt skip like systematisk og detaljert som det eg skal gjere i oppgåva mi.
 

LES ÒG: – Det kan koma langt verre pandemiar

Kunnskap som er relevant i dagens pandemi

– Det er svært sjeldan at kunnskap om fortidas pandemiar har vore meir relevant enn akkurat no, seier professor Moseng ved USN.

I det nye tusenåret, då vi trudde vi hadde fått ein viss kontroll over trugsmål frå mikrobane, har vi hatt to nye pandemiar – svineinfluensaen i 2009 og covid-19 dei siste to åra, understrekar han.

– Vi må faktisk 100 år tilbake til spanskesjuka for å finne noko vi kan samanlikne med. Forsking på spanskesjuka vil kunne gje oss meir kunnskap om utbrot av covid-19 generelt og spesielt om bord på skip og andre liknande miljø.

Professor Mamelund fortel at forskinga til Christina tar utgangspunkt i ei problemstilling og eit tema som er heilt i front internasjonalt.

– Masteroppgåva hennar er også høgrelevant for å forstå framtidige pandemiar som garantert vil kome, og på den måten også for pandemiberedskap.

Dødstala på «Kong Sverre» skil seg frå resten av landet – og verda:

 

  • Av totalt 500 menn vart 158 smitta.
  • 73 utvikla bakteriell lungebetennelse og av desse døydde 42.
  • Det betyr at det var eit dødstal blant dei sjuke på 27 % om bord på skipet. 
  • Vi veit ikkje sikkert, men kanskje halvparten av befolkninga i Noreg på 2,6 millionar vart smitta av spanskesjuka.
  • Overdødstala i samband med spanskesjuka i Noreg var på 15.000 personar.
  • Dødstala blant dei sjuke i den generelt friske befolkninga var på 2 % hausten 1918. Det veit ein basert på data frå spørjeundersøkingar i Bergen og i ei rekkje byar i USA gjort under spanskesjuka.
  • Dette viser at dødstala på «Kong Sverre» var over tretten gongar høgare enn i normalbefolkninga både i Bergen og i ei rekkje byar i USA.  
  • På folkemunne i Horten vart skipet omtala som «dødsseglaren», viser mellom anna omtale i ei lokalavis.

 

Bli lektor i historie - ta lektorutdanning

Lektorprogrammet i historie ved USN startet opp i 2013, og ble raskt et av de mest attraktive programmene, med sterk økning i søknader. Programmet tilbys ved campus Vestfold, og gir deg lektorkompetanse i historie og norsk. På den måten blir du svært etterspurt i den videregående skolen.

Med 60 studiepoengs masteroppgave er du også fullt kvalifisert for videre forskning, hvis du ønsker det og gjør det bra.

Studer historie på USN

Historiestudier ved USN kan du ta både i Vestfold og i Bø. Begge steder tilbyr årsstudium og bachelorgrad i historie.

I Bø er det utviklet nye og spennende undervisningsformer gjennom samlingsbaserte nettstudier. Det vil si at du store deler av tiden kan være nær sagt hvor som helst i verden, og få forelesninger og annen undervisning på nett.

I Vestfold dreier det seg om vanlige forelesninger og gruppeundervisning i auditorier og klasserom. I tillegg tilbyr Vestfold mastergrad i historie gjennom lektorprogrammet.

Begge lærestedene har opplevd jevn økning i antall studenter de siste årene.

Historiestudentene ved USN har flere ganger toppet det nasjonale «Studentbarometeret» i spørsmål om hvor fornøyd de har vært.