VG og Aftenposten intervjuar helst mannlege professorar

Bilde av avisforsider til VG og Aftenposten.
(Foto: Jan-Henrik Kulberg/USN)

Forskarar frå USN har funne at mannlege professorar er overrepresenterte som kjelder i papirutgåvene til VG og Aftenposten, og dei er meir synlege enn prosentdelen menn i akademia skulle tilseie.


– Det er også tydeleg at menn helst intervjuar andre menn, mens kvinnelege journalistar i større grad finn fram til kvinnelege professorar, seier førsteamanuensane Sigrun Wessel Svenkerud og Brit Bolken Ballangrud ved Institutt for pedagogikk.

Dei har gått gjennom alle papirutgåvene til VG og Aftenposten frå 2016 og kartlagt alle saker der professorar er tydeleg til stades i saka, som til dømes sitert kjelde, ekspertkommentator eller referert til på annan måte.

  • Studien har kartlagt 1378 saker med 859 professorar.
     
  • Halvparten av alle sakene dei fann er nyheitssaker, der kjelda er ein mannleg professor. 

Saker om samfunnsvitskap

Sjølv meiner dei det mest interessante funnet er forskjellen mellom mannlege og kvinnelege journalistar.

– Nesten 90 % av professorane som mannlege journalistar brukar som kjelde, er menn. Kvinnelege journalistar vel også menn, men nesten kvar tredje professor som er nemnd i sakene deira er kvinne.

Dei fleste sakene der professorar blir brukte eller omtala er innanfor det samfunnsvitskaplege fagfeltet. Det gjer skeivfordelinga enda tydelegare, sidan den forholdsmessige delen kvinnelege og mannlege professorar innan dette fagfeltet er temmeleg lik. 

Foto av professor med bok.
Kvinner vert nytta til «mjukt» stoff

Forskarane har også funne at mannlege professorar oftare blir nytta i nyheitssaker, mens kvinnelege professorar oftare blir nytta innanfor feature og mjukare saksområde.

– Media definerer kva som vert oppfatta som normalt, kva sosiale forskjellar som kan aksepterast eller ikkje, og kva skilnader som blir sett på som sjølvsagde. Media har dermed stor innverknad på korleis tradisjonelle kjønnsskilnader vert haldne ved lag eller endra, seier Svenkerud og Ballangrud.

Kan forsterke stereotypiar

Fordi det er forska og skrive så lite om professorposisjonen, fryktar dei ein stereotyp oppfatning av kva det inneber å vere professor. Dei har jobba med denne problematikken i fleire år som del av eit større prosjekt på USN, der målet var å leggje til rette for at fleire kvinner kunne gjere akademisk karriere med sikte på ei professorstilling.

– Dei fleste tenkjer på ein mann når det er snakk om «ein professor», og kanskje helst ein eldre mann. Og da tar dei heller ikkje heilt feil, for i Noreg er 73 % av professorane menn. Vi venta derfor ikkje ei lik fordeling, men vi hadde ikkje trudd at det var så skeivt som det var blant dei mannlege journalistane.

Etterspør balanse i kjeldebruken

Dette er dei to største avisene i Noreg, og forskarane meiner det er vesentleg kva slag inntrykk som blir formidla av professorar. Det er uheldig at det er ei gruppe som definerer kva som er viktig kunnskap.

– Da går vi glipp av noko. Det kan jo vere ulike behov og interesser blant kvinner og menn, så ein balanse burde vere eit verkeleg mål, både for samfunnet og for akademia, seier Svenkerud og Ballangrud.

Førsteamanuensane Sigrun Wessel Svenkerud og Brit Bolken Ballangrud ved Institutt for pedagogikk.  Foto

Nysgjerrige på mekanismane bak

Dei meiner resultata i undersøkinga viser behovet for å utforske og forstå mekanismane som fører til at få kvinnelege professorar er synlege i media. Kva slag rutinar og bevisstheit finst i redaksjonane for å sikre jamn kjønnsbalanse?

– Samstundes er det relevant å ikkje bare sjå på ansvaret til media, men også på kva haldningar og tilnærming til media professorane har. Å finne ut av kva som hindrar professorar frå å stille opp som ekspertar, intervjuobjekt eller kronikkforfattarar, og kva som kjenneteiknar dei kvinnene som er synleg til stades i nyheitsbildet, kan vere et mogleg bidrag til betre balanse, seier forskarane.

I artikkelen skriv dei:

«Medieredaksjonene uttrykker gjerne at de har problemer med å få tak i kvinner som «trår til litt» og som tilpasser sin argumentasjon til de gjeldende formatkrav (Aalberg, 2009). Det vitenskapelige samfunnet fremstår dermed som maskulint. Det kan igjen bidra til å sementere en oppfatning av at professorer flest er menn – noe som til en viss grad stemmer med situasjonen i akademia, men ikke i den grad som de to avisene vi har undersøkt, fremstiller forholdet. Når de kvinnelige forskerne er mindre synlige, kan det bidra til at enkelte aspekter og vinklinger ved saker ikke når offentligheten. Bruken av eksperter i mediene er økende, og forskjellen mellom kvinner og menn i den rollen kan ha betydelig signaleffekt.»
 

Referanse:

«Kvinnelige og mannlige professorers synlighet i mediene»

Nokre funn frå undersøkinga

  • Juss og politikk dukkar stadig opp, til dømes i saker om det amerikanske presidentvalet i 2016.
     
  • Helse kjem på andreplass, med ei overvekt av kvinnelege professorar.
     
  • I nyheitene og meiningsstoffet finst særleg professorar som er menn.
     
  • Kvinnene opptrer gjerne i sjangeren feature, som er meir personlig og mindre dagsaktuell.
     
  • Mens kvinner oftare blir intervjua om sex, slanking og samliv, dominerer mennene samtaler om økonomi.