– Det er ei vidareutvikling av «vekstbarometeret» som allereie er prøvd ut i Ringeriksregionen, fortel universitetslektor Steinar Aasnæss ved USN Handelshøgskolen.
Ein enkel webportal
Det eksisterande «vekstbarometeret» er godt eigna til å måle tradisjonell økonomisk vekst, og har vore i bruk i tre år. Alt i dag kan kommunane Ringerike, Hole og Jevnaker bruke ein webportal, og sjekke status på ei rad område.
I ein fersk vitskapleg artikkel beskriv Aasnæss og dosent Jan Ivar Fredriksen korleis «vekstbarometeret» kan utviklast vidare, til også å inkludere berekraft.
Det står framleis att forsking og arbeid før det er ein realitet.
Aasnæss og Fredriksen håpar verktøyet skal gjere det enklare for folkevalde, offentlege styresmakter og næringslivet å ta dei rette avgjerdene.
LES ÒG: Samarbeid og tillit – bra for grønn omstilling i næringslivet
Definerer «berekraftig utvikling»
Verktøyet tar utgangspunkt i omgrepet «berekraftig utvikling», slik det blei definert av Verdskommisjonen for miljø og utvikling: «som ei utvikling som oppfyller dagens behov, utan å øydelegge moglegheitene for at komande generasjonar skal få dekt sine behov.»
I ein fagfellevurdert artikkel i magasinet Magma, skriv Aasnæss og Fredriksen om korleis «berekraftig utvikling» kan takast inn i verktøyet, gjennom å kartlegge:
(1) økonomiske tilhøve
(2) sosiale tilhøve
(3) miljøtilhøve
Økonomisk vekst og berekraft
Mange vil meine at dersom den økonomiske veksten skal halde fram, kan det ikkje sameinast med ei berekraftig utvikling. Aasnæss og Fredriksen er ikkje samde.
– FNs berekraftmål nr. 8, «Anstendig arbeid og økonomisk vekst», løftar fram betydningen av vidare økonomisk vekst. Grunnen er at halvparten av verdas befolkning har ei inntekt dei ikkje kan leve av, seier dosent Jan Ivar Fredriksen.
I artikkelen skriv forskarane:
«Vekst i BNP (brutto nasjonalprodukt) og produktivitet gjennom opprettelse av anstendige arbeidsplasser, entreprenørskap, kreativitet og innovasjon er virkemidler som løftes frem. Dette trekker i retning av at redusert produksjon ikke vil bidra til en mer bærekraftig utvikling. Økonomisk vekst fremstår med dette som et virkemiddel for å skape en bærekraftig utvikling. En økonomisk vekst drevet frem av økt tilgang på innsatsfaktorer gjennom eksempelvis større uttak av ikke fornybare naturressurser, illustrerer en ikke bærekraftig utvikling.»
Berekraftkorrigert verdiskaping
Så kva slags verktøy er det eigentleg dei har laga, og kor effektfullt kan det bli?
– Det nye er at vi innfører omgrepet «berekraftkorrigert verdiskaping». Korrigeringane skjer gjennom bruk av plussar og minusar, seier Steinar Aasnæss.
Dersom ein spesiell type næringsverksemd skaper store verdiar, men gjer det gjennom stort forbruk av ikkje fornybare naturressursar, vil det bli korrigert gjennom minusar i modellen.
– Målet er å synleggjere kjeldene og drivkreftene for den økonomiske veksten, fortel Jan Ivar Fredriksen.
Tre faktorar avgjer
Korrigeringa blir gjort i høve til dei faktorane som alt er nemnde:
(1) økonomiske tilhøve
(2) sosiale tilhøve
(3) miljøtilhøve
På denne måten blir næringar med eit negativt bidrag til berekraft korrigerte med ein faktor som viser ei lågare verdiskaping. Nøytrale næringar blir uendra, medan verdiskapinga i næringar med eit positivt bidrag til berekraft, blir korrigerte med ein positiv faktor. I botnen ligg eit sett av indikatorar for økonomisk utvikling, levert av Statistisk sentralbyrå.
– Korleis kan dette verktøyet kome til nytte?
– Når vi utformar regional næringspolitikk, er det viktig å legge til rette for vekst i næringar som både bidrar til høg verdiskaping, og samtidig tar omsyn til berekraftig utvikling. Ikkje alle næringar som bidrar til høg verdiskaping, tar vare på omsynet til ei berekraftig økonomisk utvikling. Samstundes veit vi at ikkje alle næringar som bidrar til ei berekraftig økonomisk utvikling, verkar positivt på sosiale forhold og miljøforhold. Dette verktøyet kan gjere det enklare å sjå kva næringar det bør satsast på i regionen, og kva næringar som har utfordringar knytte til berekraft, seier Jan Ivar Fredriksen.
Fredriksen og Aasnæss meiner dette er viktig kunnskap for folkevalde, offentlege styresmakter og næringslivet når de skal gjere sine prioriteringar og avgjerder.