Abels tårn kjem til campus Bø

Programleder for Abels tårn på P2, Torkil Jemtrud, ser smilende inn i kamera iført flosshatt, plassert i et av NRKs radiostudio. Foto
FRYKTLAUS: Programleiar Torkil Jemtrud melder at «Vi fryktar ingen spørsmål» når han tek med seg P2-programposten Abels tårn til Bø. Foto: NRK

Bli med i publikum og bidra med spørsmål når radioprogrammet og podkasten Abels tårn blir spelt inn med USN-forskarar på studentkroa i Bø onsdag 30. november.

NRK-programmet Abels tårn samlar kvar veke tre forskarar for å svare på spørsmål frå lyttarar og publikum.

Denne veka er det tre ekspertar frå USN som skal svare på spørsmål:

Kva lurar du på?

Abels tårn blir spelt inn med publikum, og både studentar og tilsette har høve til å vere publikum på Kroa i Bø (kroaibo.no) førstkommande onsdag, 30. november, klokka 18.00.

Lurer du på noko om bever, økologi, fiskegenetikk, jordhelse eller idrettsfysiologi? Send inn spørsmåla dine til abels@nrk.no

Eva Maria Støa, HAnna Kavli Lodberg-Holm og Jørn Henrik Sønstebø. Foto

Fyrtårn i den postfaktuelle tåka

Programleiar Torkild Jemterud seier dette om Abels tårn:

– Abels tårn er kjelda di til nyttig og unyttig kunnskap du kan briljere med i selskapslivet: Kvar veke samlast tre forskarar for å svare på geniale spørsmål frå lyttarane våre. Dei er navigatørane dine gjennom jungelen av alternative fakta, i jakt på svar om korleis verda fungerer. Abels tårn er fyrtårnet ditt i den postfaktuelle tåka. Vi fryktar ingen spørsmål.

Lurer du på noko om bever, økologi, fiskegenetikk, jordhelse eller idrettsfysiologi? Send inn spørsmåla dine til abels@nrk.no

Dette er nokre av spørsmåla lytterene har fått svar på tidlegare: «Blir det tidvatn i eit mjølkeglas?», «Syg våte klutar betre enn tørre?», «Stoppar tida i eit svart hol?» og «Kor lang blir jorda om ho blir gjort om til ein agurk?»

Abels tårn blir send på NRK P2, fredagar klokka 09 og er alltid tilgjengeleg på podkast. I Bø-programmet blir spelt inn onsdag 30. november klokka 18.00

 

Spør Abels tårn

Lurer du på noko om bever, økologi, fiskegenetikk, jordhelse eller idrettsfysiologi? Send inn spørsmåla dine til abels@nrk.no

Abels tårn

Programmet blir send på NRK P2, fredagar klokka 09 og er alltid tilgjengeleg på podkast.

Bø-programmet blir spelt inn onsdag 30. november klokka 18.00 på studentkroa i Bø.

Forskar og forelesar

Dei tre forskarane underviser også studentar på følgjande studieprogram:

Bachelor i natur- og miljøforvalting

Master i økologi- og miljøforvalting

Bachelor i idrett, trening og leiing

Master i kroppsøving-, idretts- og friluftslivsfag