Grev fram samiske metaforar

Magdalena W. Agdestein og Norunn Askeland. Foto
SPRÅKLEGE BILDE: Frå venstre: Språkforskarane Norunn Askeland og Magdalena W. Agdestein lagar si eiga podkast om metaforar.

I den nyaste episoden av podkasten «Metaforprat» tek metaforforskarane føre seg metaforbruk i samisk litteratur. 

Norunn Askeland er professor emerita ved Universitetet i Sørøst-Norge, mens Magdalena W. Agdestein er førsteamanuensis emerita ved Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet. Dei gav ut boka «Metaforar. Kva, kvar og kvirfor?» på Universitetsforlaget i 2019.

I podkasten deira, «Metaforprat», snakkar dei to språkforskarane om metaforane som finnst overalt i språket rundt oss.  

I episode nummer sju, som vart slept under den nasjonale samiske språkveka (veke 43), er det metaforer i samisk litteratur som er tema.

Indirekte

Eit hovudtrekk i tekstane Askeland og Agdestein tek opp i denne episoden er at dei dreier seg om eit større tema enn å kritisere norske myndigheiter, sjølv om vi får friske døme på det òg, som når songar, forfattar og scenekunstnar Siri Broch Johansen brukar «tjuv og en fiende» som ein metafor på den norske staten knytt til fornorskingsprosessen retta mot samane.

Dei finn mange metaforar knytt til bevaring av urfolkskultur og leiting etter identitet, men óg døme som viser ei avslappa og avklart haldning til språk og identitet. 

Podkastduoen legg fram døme frå bloggar, songtekstar og ikkje minst den samiske lyrikken, kor mellom andre Ailo Gaup, Nils-Aslak Valkeapää og Paulus Utsi blir løfta fram og studerte.

– Den samiske måten å uttrykke seg på kan ofte vere indirekte, og ein finn mykje som ligg skjult i den samisk poesien når ein tek til å grave, seier Askeland.

– Ein del av det norske

Askeland har mellom anna forska på korleis norske lærebøker har framstilt samar og deira historie og kultur. Ho fortel at ho syntest det var sjokkerande å oppdage at ei så viktig hending som kampen om Alta-Kautokeino-vassdraget på 80-talet nærast er fråværande i historiebøkene i dag. 

– Dette kjem av at samisk historie ikkje blir sett på som ein del av norsk historie, snarare som eit tillegg, seier Askeland.

Ho viser til at den samiske litteraturen har lidd den same, ufortente stemoderlege handsaminga:

– Når forskarar har studert omtala av samisk litteratur i lærebøker, så ser vi at den samiske litteraturen blir forstått som eit uttrykk for samisk kultur og ikkje som litteratur. I motsetning til når ein omtaler norsk litteratur, kor ein er opptatt av å kalle til dømes moderne dikt for modernistisk lyrikk, mens den samiske modernistiske lyrikken berre blir kalla «samisk». 

Ho nærer eit håp om at norske lærebokforfattarar og forlag tar til seg dette:

– Eg håper det blir ein slutt på framstilling av det samiske som eit tillegg til det norske, og at det får plass som ein integrert del av norsk historie og litteraturhistorie, seier Askeland.
 

«Metaforprat»

I denne podkasten får du konkrete døme på at metaforar verkar innan alt frå politikk, til reklame og terapi.

Språkforskarane  Norunn Askeland (USN) og Magdalena W. Agdestein (UiT) tek for seg metaforar i brei forstand: frå mellom anna liv og død til klima, innvandrarar, flyktningar, vin, kvinner, lykke, kropp, sjel og sjukdom. 

Du finn «Metaforprat» i alle vanlege podkast-applikasjonar. 

Samisk språkveke / Giellavahkku 

samisk språkveke. logo

24.-30. oktober 2022 (veke 43) er sett av til den samiske språkveka Giellavahkku. 

Målet med Samisk språkveke er å løfte statusen til dei samiske språka, og auke kunnskap om samiske språk og kultur i heile samfunnet.

Samisk språkveke har eiga nettside, med program, ressursar og informasjon.