Nye PechaKucha-presentasjonar frå USN

En person står på en scene foran publikum og snakker og gestikulerer. Foto
20x20: Her er det postdoktor Anne Marthe Burgess som leverer sin presentasjon om kritisk lesing blant ungdom. Foto: USN

Her finn du meir om alt frå bever til identitetskonstruksjon. Totalt 31 forskarar og formidlarar er no representerte med sine presentasjonar i vår speleliste «USN: Powered by PechaKucha».

Den siste fredagen kvar september er det internasjonal Forskarnatt (Researchers' Night). Då er forskarar i heile verda oppmuntra til å reise ut frå sine institusjonar og formidle sine innsikter og perspektiv på stader der folk vanlegvis ferdast. På kveldstid.

Under årets Forskarnatt i 2022 inviterte vi for fjerde gongen på rad til et Powered by PechaKucha-arrangement.

Alle presentasjonane, frå dei første i 2019 til årets, ligg samla i denne spelelista på YouTube: USN Powered by PechaKucha 

Under her, har vi løfta fram presentasjonane frå 2022:

1

PechaKucha 20x20

  • I ein PechaKucha-presentasjon må ein avgrense seg til 20 lysbilete, og lysbileta  avløyser einannan automatisk kvart 20. sekund.
  • Dermed har ein totalt seks minutt og 40 sekund på å komme seg gjennom presentasjonen sin, noko som borgar for raske, poengterte og lettfattelege framsyningar.
  • Lysbileta ein bruker er fri for kulepunkt, tekst eller modellar. Det er godt rom for humor og retoriske grep som held tilhøyrarane fengsla.
  • I dag er PechaKucha eit verdsomspennande fenomen innan eit vell av fagfelt og det har blitt populært, mellom annan blant unge forskarar.
  • PechaKucha er japansk og tyder «lyden av folk som snakkar». Det kan også omsettast til «snikk-snakk», sjølv om det kan vere tungt misvisande, da PechaKucha ofte vert nytta til å formidle komplekse tema, men gjerne på eit lettfatteleg og engasjerende vis.
  • PechaKucha er ei form for «lynpresentasjon» som kom til verda i 2003 som følgje av at ei gruppe designarar og arkitektar hadde gått lei av trøyttande, unødig lange og lite inspirerande presentrasjonar, fulle av keisame modellar og kalkylar.

Les meir om PechaKucha og 20x20-formatet (pechakucha.com)