Sjekk ut årets PechaKucha-musikarar

ein mann og ei kvinne badar vinterstid med høge fjell i bakgrunnen. Foto
JOHANNA&SJUR: Opplev den freske raulandsduoen på scena under arrangementet Forskarnatt USN: Powered by PechaKucha

Plateaktuelle Johanna Seim & Sjur Nyvold syt for musikken på årets Powered by PechaKucha-arrangement under Forskingsdagane på USN.


Kvart år, på den siste fredagen i september, er det Forskarnatt (Researchers' Night). Då reiser forskarar over heile Europa ut frå sine institusjonar og formidler sine innsikter og perspektiv på stader der folk vanlegves ferdast.

For tredje år på rad inviterer USN til Forskarnatt med ein rekke PechaKucha-presentasjonar på Stasjonen i Tønsberg. Les meir om arrangemnetet og dei einskilde presentasjonane her:

På ein slik kveld trengst det òg god musikk, ikkje minst for å bryte opp kunnskapsflaumen frå scena. Vi er stolte over å ha tinga plateaktuelle Johanna Seim & Sjur Nyvold som årets PechaKucha-musikarar.

Personleg og nært

Sjå for deg å sitte på Bergensbanen, kanskje på Finse stasjon. Det er snødekte isbrear, små fjellvatn og bjørkeskog utanfor glaset. Toget susar vidare nedover Hallingdal og mot hovudstaden.

Johanna Seim og Sjur Nyvold kunne vore ljudsporet til Bergensbanens storslåtte rute, der naturen susar forbi og ein får ein pause der ein berre kan lytte og føle. Like fullt høyrer dei heime i eit dunkelt belyst barlokale, til morgonkaffien eller når ein treng eit pusterom om det stormar i livet. Med det beste frå folkemusikken og visa har dei laga eit knippe sterke låtar som formidlar personlege og nære historiar me alle kan kjenne oss igjen i.

Berlin-Rauland

Frå Berlin dro Johanna Seim til knøttlille Rauland for å lære seg å spele norsk folkemusikk. Det tok ikkje lang tid før ho falt pladask for hardingfela og den vesle plassen, og slik gjekk det til at ho blei på Rauland i tre år. Der møtte ho Sjur Nyvold, og det siste året har dei vore tilbake i Rauland og spelt inn sitt debutalbum.

Med tekstar på tysk, engelsk og norsk skildrar dei to store og små kjensler, og formidlar ein forfriskande nysgjerrigheit på livets gåter.

Mellombels nyting

Deira debutalbum «Temporary Pleasure» gis ut på Olivias Rekorder i starten av 2023, og er produsert og miksa av Frøkedal- og Valkyrien Allstars-produsent Bård Ingebrigtsen.

Plata blir beskrive som nedpå og nært, akkompagnert av hardingfeler, melodiøst gitarkomp og deilige pianoakkordar. På plata har dei med seg stjernetrommis Martin Langlie (Valkyrien Allstars), som har lagt inn nokre velvalte rytmer så det hamrar litt ekstra i sjela.