Vil betre studiekvardagen til proffane

Odd spelar Rafik Zenknini i aksjon.
Foto: Odd ballklubb

Nå blir det enklare for toppidrettsutøvarane i Telemark å få seg ei solid utdanning innan idrettsfag, ved sidan av den sportslege karriera, utan å pendle til Bø.


Tekst: Else Børte

Studiestad Bøs idrettsvitenskaplege miljø, Toppidrettsgymnaset i Telemark (TiT) og Odds ballklubb har inngått ei samarbeidsavtale kor eit sentralt formål er å legge til rette for ei heilheitleg utvikling av unge idrettsutøvarar i sine respektive idrettsmiljø i Telemark. Til dømes Odds ballklubb, Urædd, Pors, Gjerpen, Herkules og TiT. Hensikten er å tilby toppidrettsutøvarane eit utdanningstilbod som er tilpassa deira toppidrettskvardag.

- Mange toppidrettsutøvarar slit med å ta utdanning fordi det er vanskeleg å følge vanleg studieløp. Det er viktig å ta seg utdanning samtidig som ein satsar på idretten. Å vere idrettsutøvarar er ein del. Med studiet opparbeidar dei seg også identitet i utdanningsløpet, seier Liv B. Hemmestad, som er fyrsteamanuensis på instituttet for friluftsliv, idrett og kroppsøving ved studiestad Bø.

Skreddarsyr undervisningaLiv Hemmestad- foto

Toppidrettsutøvarar og trenarar har ei stor interesse for idrett. Mange ønsker ei formell utdanning i idrettsfag. Likevel har det til nå vore vanskeleg å kombinere studie med toppidrett. Å vente med utdanning til etter idretts- og trenarkarriera kan vere ei stor utfordring. Erfaringsmessigt er det færre som klarar å gjennomføre studier når dei startar etter idrettskarriera. Idrettsmiljøet ved Høgskulen i Søraust-Noreg, studiestad Bø, opplever ein stadig aukande etterspurnad av tilpassa studieløp innanfor idrettsfag.

- Det er viktig å skreddarsy modulane for toppidrettsutøvarane. Undervisinga er lagt til Grenland og me periodiserer den med utøvaranes trenings- og konkurranseplanar. Eg har ikkje høyrt om andre studiestadar som skreddarsyr på denne måten, seier Hemmestad.

Ho rosar prosjektleiar Eirik Hanssen frå Toppidrettsgymnaset i Telemark.

- Han gjer ein kjempejobb for utøvarane på elitenivå som vil studere, seier ho.

Sjølv spela han fotball for Pors i 2. divisjon samtidig som han studerte i Bø.

- Det blei mykje pendling og halvvegs utføring begge stadar, seier han.

Likevel er han glad han tok studier ved sidan av fotballen.

- Eg blei meir reflektert i eigen idrett. Å studere istadenfor å droppe ut er ein kjemperessurs, seier Hanssen.

Han meiner det blir mindre slitsamt for utøvarane når studiet kjem til Grenland.

Varierte søkarlister

Studiet startar opp til hausten og det er 30 studiepoeng å hente over dei to semestra. Studentane vil få undervising i idrettspedagogikk, coaching og leiing, idrettsfysiologi, og treningslære og treningsleiing.

- Syklistar, handball- og fotballspelarar, ein cheerleader og tilsette ved toppidrettsgymnaset er blant søkarane til studiet. Det er ei god blanding av etablerte utøvarar som Adrian Gashi til unggutar som Viljar Myhra. I tillegg har det vore god interesse frå media, andre utøvarar og Olympiatoppen. Per dags dato ser ting veldig lovande ut, seier Hanssen.

Ser moglegheiter

- Treffer me godt med dette pilotstudiet, så kan me utvide i andre faglege retningar enn idrett. Me er nøydt til å gjere ein god jobb, seier Liv B. Hemmestad.

Ho synest det er spanande å jobbe med denne gruppa.

- Teori og praksis får det beste ut av kvarandre, og det er store moglegheiter for utvikling av studiet på grunn av kompetansen studentane har, avsluttar Hemmestad.