Læringsmiljøutvalet (LMU)

Universitets- og høgskolelova pålegg institusjonen å ha eit læringsmiljøutval (LMU) som båe er pådrivar for og som gjev råd om det fysiske og det psykososiale arbeidsmiljøet til studentane.

LMU har lik representasjon av studentar og tilsette. Ledervervet byter frå år til år mellom tilsett og student.

Studentar blir vald for eitt år av gongen. Dei inviteres til ei opplæringsøkt før det fyrste møtet på hausten slik at dei kan sette seg inn i kva LMU er og hvilke saker det har vore jobba med den siste tida.

Faste observatørar i LMU er Studentsamskipnaden og biblioteket samt Studentombodet.

Innkallingar, protokollar og medlemmar

keyboard_backspace Møteinnkallingar, protokollar og medlemmer (frå 2020).

keyboard_backspace Møteinnkallingar, protokollar og medlemmer (før 2020).

Formål og oppgaver

LMU skal arbeide for eit godt fysisk og psykososialt arbeidsmiljø for studentane ved USN. LMU skal delta i planlegginga av tiltak som handlar om læringsmiljøet og vere delaktig i utviklinga omkring spørsmål som angår studentanes tryggleik og velferd der ivaretaking av studentar med funksjonsnedsettelser inngår. Styret kan i tillegg gi utvalet andre oppgåver. LMU utarbeider handlingsplan for sitt arbeid. Utvalet rapporterer direkte til styret ved Universitetet i Søraust-Noreg.

LMU møtast fem gonger i året. Møta rullerer på campusane, og driftssjef og leiar i campusstyret inviteras inn når møta er på deira campus.

Kontakt

Har du ei sak du ønsker å melde til LMU, noko ved læringsmiljøet som du lurar litt på eller som du opplever er litt uoversynleg eller vanskeleg? Noko du ikkje er heilt nøgd med? Send gjerne ein e-post til møtesekretæren. LMU sitt arbeidsutval vil då i fyrste omgang diskutere saka.

Les meir: