Skikkethetsnemnda

Skikkethetsnemnda utarbeider innstilling til klagenemnda ved USN med ei vurdering av i kva grad studenten er skikka eller ikkje, og om studenten bør bli utestengd heilt eller delvis frå den aktuelle utdanninga, samt lengda på utestenginga.

Det følger av skikkethetsforskrifta § 7 at styret ved den enkelte utdanningsinstitusjon skal utnemne ei skikkethetsnemnd som er samansett av ni medlemmar. Medlemmar av nemnda utnemnes for tre år av gongen, og studentrepresentantane utnemnes for eitt år. Fagleg leiar for avdeling eller fakultet eller tilsvarande funksjon, er nemndas leiar. Nemndas samansetting tek primært vare på dei store profesjonsutdanningane, som erfaringsmessig har saker til behandling.

Leiar

  • Kristin Danielsen Wolf (visedekan for barnehagelærarutdanninga ved Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitskap)

Medlemmar

  • Fagleg leiar frå helse- og sosialvitskap:
    Vegard Snartland, programkoordinator for bachelor barnevern ved Fakultet for helse- og sosialvitskap
  • Representant frå praksisfeltet, helse- og sosialfagutdanning:
    Gina Thorbjørnsen, verksemdsleiar for oppvekst, Bamble kommune
  • Representant for praksisfeltet, barnehagelærarutdanning:
    Morten Antonsen, pedagogisk leiar, Idrettsparken barnehage i Kongsberg kommune
  • Faglærar, helse- og sosialfagutdanning:
    Turid Iren Jacobsen, førstelektor på bachelor sjukepleie
  • Faglærar, lærerutdanning:
    Ragnhild Evensen, universitetslektor pedagogikk
  • Studentrepresentant:
    Tommy Brask Jensen – Fakultet for helse- og sosialvitskap
  • Studentrepresentant
    Mari Telise Nilsen – Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitskap
  • Ekstern representant med juridisk embetseksamen:
    Øystein Hagen, advokat/partner i Advokatfirmaet Tveter og Kløvfjell AS

Sekretariat

Skikkethetsnemnda har eit sekretariat som koordinerer og fasiliterer alle møta for nemnda, i samarbeid med nemndas leiar.

Spørsmål kan rettast til Ann Marit Roterud Espe som har det koordinerende ansvaret for skikkethetsnemnda.

Institusjonsansvarlege

Generelt om skikkethetsvurdering

Det følger av universitets- og høgskoleloven § 4-10 første ledd at utdanningsinstitusjonen i enkelte utdanningar skal vurdere om den
enkelte student er skikka for yrket. Det følger av skikkethetsforskrifta § 1 kva utdanningar skikkethetsvurdering skal foregå. Skikkethetsvurdering av studentar inngår i USNs studieprogram på bachelor- og masternivå, og inkluderer mellom anna alle typer lærarutdanning, sjukepleieutdanning, barnevernspedagog-, radiograf-, optikar-, vernepleie- og jordmorutdanning.

Skikkethetsvurderinger føretas uavhengig av resultata på teoretiske eksamenar og i praksisstudia, og kommer i tillegg til desse vurderingane.
Vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert som skikka for yrket. Ein student som utgjer ei mogleg fare for barnehagebarns og elevars eller pasientars, klientars og brukarars liv, fysiske og psykiske helse, rettar og tryggleik, er ikkje skikka for yrket, jf. skikkethetsforskriften § 2.