Målområde for USN Profesjon

USN Profesjon skal kople, styrke og vidareutvikle samarbeidet mellom universitetet og praksisfeltet. Ny, relevant og forskingsbasert kunnskap for profesjonen og profesjonsutdanninga skal utviklast gjennom samarbeidet.

USN Profesjon. Eplelogo.

USN Profesjon er målområde 3 i utviklingsavtalen mellom universitetet og Kunnskapsdepartementet.

Tiltak USN Profesjon

  • Koblingsboks. Synergieffekter ved USN Profesjon.Universitetsverksemder
  • Kombinasjonsstillingar
  • Hospiteringsordningar
  • Prosjektmidlar til praksisretta FoUIverksemd

 

Koplingsboksen er ei heilskapleg tilnærming til korleis tiltaka spelar saman med fokus på synergiar. Koplingsboksen syner korleis ein kan kople, styrke og vidareutvikle samarbeid mellom profesjonsutdanningane og praksisfeltet innanfor utdanning, FoUI, arbeidslivsintegrering og samskaping.

Alle profesjonsutdanningane ved USN skal fremje danning, kritisk tenking og livslang læring som bidrag til ei berekraftig samfunnsutvikling. Utdanningane skal vere relevante for arbeids- og samfunnsliv og ta høgd for profesjonane sitt utviklingsbehov og arbeidslivet sine krav.

Utdanningane skal styrkes gjennom å kople dei sterkt til den utviklinga av kunnskap som skjer nasjonalt og internasjonalt, og ved å leggje vekt på praksisnær og profesjonsrelevant FoUI. USN vil initiere pilotprosjekt der det vert stilt høgare krav til samhandlinga mellom universitetet og utvalde samarbeidspartnarar enn til andre samarbeidspartnarar/praksisarenaer.

Desse tre målområda med underliggjande delmål skal medverke til dette

1. styrke forskingsbaserte pedagogiske metodar i profesjonsutdanningane

  • Utvikle nye pedagogiske ressursar og læringsformer i utdanningane, inkludert pedagogisk bruk av IKT

2. styrke praksis som læringsarena i studentane sine utdanningsløp

  • Utvikle samarbeidsrelasjonar mellom student, praksislærar/rettleiar og universitetslærar om studentaktiv forsking.
     
  • Etablere nye former for samhandling mellom universitetet og praksisarenaene.
     
  • Auke integrasjonen mellom fagstudiar, profesjonsstudiar, forsking, teori og praksis.
     
  • Prøve ut nye praksisformer

3. styrke profesjonsorientert og praksisretta FoUI i samarbeid med arbeidslivet

  • I samarbeid med arbeidslivet identifisere praksisnære og forskbare problemstillingar som kan resultere i forskingsprosjekt
  • Knyte forskings- og utviklingsarbeid til praksissamarbeidet for å institusjonalisere forskingsbasert kunnskap i praksis

Vurdering av måloppnåing

1. Tal på FOUI-prosjekt som gjeld nye pedagogiske metodar og læringsformer

2. Samarbeid mellom fylkeskommunane/kommunen/den enkelte verksemda og USN om å utvikle kriterium som må oppfyllast for å bli ei «universitetsverksemd»

  • Tal på etablerte pilotprosjekt: USN-Universitetsskole, USN-Universitetssjukeheim, USN-Universitetsheimesjukepleie mv.
     
  • Samarbeidsorgan på ulike nivå mellom USN og yrkesfeltet i alle tre fylka skal vere etablert (verksemdseigarsida – fakultetsleiinga, praksisfelt – studieprogramleiing).
     
  • Tal på birettleiarar frå praksisfeltet som er knytte opp mot studentane sine FoU-oppgåver og masteroppgåver.
     
  • Tal på praksislærarar/-rettleiarar med bistilling ved USN.

3. Tal på følgjeforskingsprosjekt knytte til praksis som læringsarena for studentane.

  • Samarbeidsrutinar skal vere etablerte mellom praksisfeltet og USN om å identifisere relevante forskingstema for studentane sine bachelor- og masteroppgåver.
     
  •  Tal på etablerte arenaer for å formidle og drøfte resultat frå desse.