Fagdag for Handverksløftet i Kulturskulen

campus rauland. foto

Bli med og finn vi ut korleis vi saman kan auke tilbodet innan tradisjonshandverk til barn og unge. Etter lønsj deltek du på to valfrie verkstader på vakre campus Rauland.


27 May

Praktisk informasjon

Har du spørsmål?

Kviteseid Kulturskole og Universitetet i Søraust-Noreg inviterer rektorar, lærarar i visuelle kunstfag ved kulturskulane i BTV-regionen (Buskerud, Telemark og Vestfold), relevante museum og interesserte tradisjonshandverkarar og kunstnarar til fagdag på campus Rauland.

Målet med dagen er å diskutere korleis vi saman kan auke tilbodet innan tradisjonshandverk til barn og unge, og å introdusere ulike materialområde og tradisjonshandverk.

Denne dagen blir gjennomført med støtte frå Håndverksløftet i kulturskolen > Norsk kulturskoleråd (kulturskoleradet.no)

Bakgrunn:

USN saman med Kviteseid Kulturskole er gjennom Handverkløftet innvilga midlar for å utvikle eit partnarskap og framtidige kompetansehevingstiltak tilpassa kulturskulen. 

Det overordna målet vårt er å skipe partnarskap mellom kulturskulane og USN for å få tilbod innan tradisjonshandverk ut til barn og unge.

Gjennom dette arbeidet vil vi utforske korleis vi kan støtte kvarandre, ved å vurdere moglege kompetansehevingstiltak som kan bidra til å styrkje tilbodet kulturskulen har til barn og unge innanfor tradisjonshandverk.

I tildelinga for året 2024, skal vi gjennomføre til saman fire fellesmøte + denne fagdagen.

Meir om Handverksløftet

Handverksløftet kunngjer midlar gjennom Sparebankstiftelsen og har som mål å fremje statusen for handverksfaga og bevisstgjere folk på verdien av tradisjonshandverk. Meir informasjon: Sparebankstiftelsen | Håndverksløftet

Sparebankstiftelsen gav midlar til Norsk kulturråd som oppretta ordninga Handverksløftet for kulturskulen, som har som formål å stimulere kulturskular til å initiere eller styrke tilbod innan tradisjonshandverksfaga retta mot barn og unge. Meir informasjon: Håndverksløftet i kulturskolen > Norsk kulturskoleråd (kulturskoleradet.no)
 

Program for dagen:

(med atterhald om endringar)


Mandag 27. mai 2024 


09.00-09.30

Velkomstkaffi med snippar


09.30-09.40

velkommen

Eli Taugbøl, rektor på Kulturskulen i Kvitseid kommune


09.40-09.45

om campus Rauland

Stian Roland, leiar for Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk (USN)


09.45-10.15

Moglegheiter for museum og kulturskulen

Signe Rui, museumspedagog hjå Vest Telemark Museum (visittelemark.no)


10.15-10.30

Pause


10.30-11.00

Moglegheiter for handverkarar og kulturskulen

Mari Fallet Mosand, rektor for Kulturskolen i Nome og leiar for Krokvokst (krokvokst.no)


11.00-11.30

Moglegheiter for kulturskulane

Ole Thomas Evensen, rektor på Vestby Kulturskole og Eli Taugbøl, rektor på Kvitseid Kulturskule


11.30-12.00

Lønsj


12.00-13.30 

Første verkstad 

Vel mellom:

  1. bandveving med Eli Wendelbo (USN)
  2. skinnsaum med Sidsel Sæterhaug (USN)
  3. kurvmaking med Mari F. Mosand (Krokvokst)
  4. smiing med Johannes Barstad (Vest-Telemark Museum)
  5. samisk tinntrådsarmband med Linda R. Lind (Vest-Telemark Museum)

13.30-15.00

Andre verkstad

Vel mellom dei same som over


15.00-15.15

Pause med kaffi og noko attåt


15.15-16.00

Korleis få tradisjonshandverk inn i kulturskulen og vegen vidare.

Diskusjon og oppsummering med Morten Hagevik, leiar for Kulturskolerådet i Vestfold og Telemark, og Eli Taugbøl, rektor på Kulturskulen i Kvitseid