Doktorgrad og rundt 40 festivaldøgn førte til danseband-bok

Få akademikarar veit meir om danseband-kulturen enn Heidi Stavrum.
Få akademikarar veit meir om danseband-kulturen enn Heidi Stavrum.

Fyrsteamanuensis Heidi Stavrum er nybakt forfattar av boka «DANS MED MEG». Ho møtte på utfordringar da ho skulle gå frå å skrive akademisk til å produsere populær-litteratur.


USN-forskar Heidi Stavrum meinte dansebandkulturen hadde levd sitt eige liv lenge nok utan at forfattarar, fotografar eller andre som dokumenterer norsk og skandinavisk kultur hadde interessert seg særleg for han.

 Det er viktig å sjå dansebandkulturen på lik line med andre kulturelle opplevingar, seier Stavrum.

Danseglede og kvardagsliv

Ho oppdaga at dansebandkulturen var høgst levande da ho skreiv doktorgraden «Danseglede og kvardagsliv» som stipendiat i kulturvitenskap på Universitetet i Bergen, på institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap i 2014. 

Kvart år møtast tusenvis av dedikerte dansebandfans og dansarar på store dansefestivalar til fest, kos og campingliv. Dansebanda gjev stadig ut plater med ny dansebandmusikk, samtidig som dei opprettheld ein utstrakt turnéverksemd. Stavrum byrja å stille seg spørsmål: Kven er dansebandfolket? Kva gjer dei når dei samlast til fest og dans, og korleis er livet som dansebandmusikar, på scena og i turnébussen?

Så reiste ho på både Seljordfestivalen og Dansefestivalen i Sel saman med den amerikanske dokumentarfotografen Peter Beste.

For meg var møtet med vanlege folk like viktig som møtet med artistane. Å sjå livsgleda folk får av dans og musikk er stort, seier Stavrum.

Understuderte dansebandkultur

Overgangen frå å vera akademisk til å bli populærforfattar har vore både interessant og utfordrande, seier Stavrum.

Forfattaren og fotografen har gjennom mange år lete seg begeistre av den understuderte, men fasinerande dansebandkulturen. Dei har bruka timar, dagar og veker saman med dansebandfolket. Dei har vore ute på dansegolvet, inne på festivalcampingen, i turnébussen og på bakrommet med dei store dansebandstjernene.

Dei har festa, dansa og prata med folk. Gjennom tekst og bilde tek dei lesaren med inn i ei verd fylt av musikk, dans, kos og fellesskap. «DANS MED MEG Kos, campingliv og danseband» handlar om festivallivets sorger og gleder, om dansebandfansens dedikasjon, om dansebandmusikaranes vagabondliv, om dansens tyding og om dansebandkulturens innhald og status. Om det som skjer når musikk og danseglede einast, på dei beste dansegolva og den finaste festivalcampen.

Dette er ei bok som ikkje bare er meint for lesing, men også for å sjå på bilda. Dei kan ein sjå lenge på, seier Stavrum.

Møtte Rune Rudberg

Ho har bruka ulike tema frå doktorgraden sin og gjort dei levande gjennom dialog med dansarar, camparar og artistar. I arbeidet med doktorgrad og bok blei det rundt 40 døgn på festival. Stavrum hugsar spesielt godt eit artistmøte. Det var med Rune Rudberg. Da blei Stavrums fordomar motbevist.

 Ja, det var spesielt å møte Rune Rudberg. Eg var nokså skeptisk på førehand. Han er ein person som har gjort mykje rart, men eg blei overraska. Han er blid, lite sjølvhøgtideleg og har sterk utstråling på scena, seier fyrsteamanuensisen ved institutt for kultur, religion og samfunnsfag.

Ho er glad for å kunne gjere dansebandmiljøet meir synleg.

Eg håpar dei som er ein stor del av miljøet sett pris på boka, seier Stavrum.

Doktorgraden til Stavrum vakte stor interesse både undervegs og i etterkant med bokutgjevinga. Stavrum er kjent som landets danseband-forskar, og Dagbladet og Aftenposten har skrive om temaet nyleg.