Ei doktorgradsutdanning gir meir enn spisskompetanse på eitt fagfelt. Ph.d.-kandidatar lærer også å analysere komplekse problem, drive langsiktige prosjekt, samarbeide på tvers av fag og formidle avansert kunnskap.
Likevel er denne breie kompetansen ikkje alltid like lett å få auge på utanfor akademia. Arbeidsgivarar kan vere usikre på kva doktorgradsutdanna kan bidra med, medan kandidatane sjølve kan ha vanskar med å omsetje den akademiske erfaringa si til eit språk som fungerer i andre delar av arbeidslivet.
EDUC arrangerer 24. september 2026 det digitale rundebordsmøtet Access to Talent, som utforskar korleis europeiske universitetsalliansar kan bidra til sterkare karrieremoglegheiter for ph.d.-kandidatar, betre anerkjenning av ph.d.-kompetanse utanfor akademia og støtte til innovasjonsøkosystem i Europa.
Les meir, sjå programmet og meld deg på, her: EDUC Roundtable Policy Briefing: Access to Talent - Universitetet i Sørøst-Norge
Access to Talent er det andre arrangementet i EDUCs serie med rundebordsmøte om politikkutforming, og følgjer EDUC Roundtable Policy-Briefing No. 1 frå 2025, som handla om samarbeid mellom europeiske universitetsalliansar og vidaregåande opplæring, og som resulterte i følgjande politikkanbefaling (policy brief): Enhancing European University Alliances’ Collaboration with Upper Secondary Schools (.pdf).
– Kan utvikle løysingar USN ikkje klarer åleine
– EDUC samlar åtte universitet i sju land. Når vi deler erfaringar og inviterer arbeidsgivarar, styresmakter og andre samfunnsaktørar inn i arbeidet, kan vi utvikle løysingar som kvart universitet ikkje klarer åleine, seier institusjonell EDUC-koordinator ved USN Heidi Tovsrud Knutsen.
Access to Talent-arrangmenetet spring ut av arbeidspakke 4 i EDUC, Societal Outreach, som blir leidd av USN og skal styrkje samarbeidet mellom universitetsalliansen og samfunnet rundt partnaruniversiteta.
– Europeiske universitetsalliansar som EDUC kan spele ei viktig rolle som bindeledd mellom forskarutdanninga og arbeidslivet. På tvers av universitet og landegrenser utvikler vi felles opplæringstilbod, praksisopphald og prosjekt i samarbeid med eksterne partnarar. Alliansane kan også leggje til rette for mobilitet mellom akademia og andre sektorar, byggje nettverk av arbeidsgivarar og utvikle ei felles forståing av kompetansen doktorgradsutdanna har, seier Knutsen.
Analysar frå European Higher Education Sector Observatory (EHESO) viser at utfordringane med å ta doktorgradskompetanse i bruk i arbeidslivet, er både strukturelle og systemiske. Varige endringar krev derfor langsiktig samarbeid, felles strategiar og tydeleg forankring i institusjonane.
- EHESO report: Universities in innovation ecosystems and the role of the European Universities alliances (2025) (op.europa.eu)
Kort samandrag av EHESO-rapporten (på engelsk)
Alliances as vehicles for systemic transformation
The European Higher Education Sector Observatory (EHESO) highlights that challenges around Phd employability are structural and systemic. Responses must go beyond isolated courses, pilots or institutions and sustainable impact requires institutional cooperation, critical mass and stability.
This framing directly aligns with the European University Alliances model, which is explicitly designed to:
USN leier samtalen om offentleg sektor
USN får også ei sentral rolle i programmet gjennom seniorrådgivar i USNs avdeling for forsking, innovasjon og bibliotek, Rebeca Schumacher, som jobbar gjennom EDUC med forskingsutdanning og kompetanseheving for tilsette, med særlig fokus på internasjonal kompetanse og samarbeid.
På Access to Talent, skal ho leie den parallelle gruppesamtalen om offentleg sektor og samfunnsinnovasjon. Her skal deltakarane utforske korleis universiteta kan samarbeide tettare med kommunar, statlege verksemder, frivillige organisasjonar og andre samfunnsaktørar.
– Offentleg sektor står overfor samansette utfordringar innan mellom anna helse, berekraft, forvaltning og politikkutvikling. Ph.d.-kandidatar kan bidra med sterke analytiske perspektiv, men då må vi skape arenaer der dei møter offentlege verksemder og andre samfunnsaktørar som likeverdige samarbeidspartnarar, seier Schumacher.
Gruppa skal mellom anna diskutere kompetanseutvikling, arbeidslivsbasert læring og korleis ein kan byggje varige samarbeid på tvers av regionar og land.
– Godt samarbeid går begge vegar. Kandidatane får erfaring med å bruke kompetansen sin i nye samanhengar, medan dei eksterne partnarane får tilgang til forskingsbasert kunnskap og nye perspektiv på utfordringane dei arbeider med. Målet må vere å utvikle samarbeid som gir reell verdi for alle partar, seier Schumacher.
Frå samtale til konkrete tilrådingar
Målet med rundebordsmøtet er ikkje berre å utveksle erfaringar. Innspel frå hovudinnlegg, gruppesamtalar og paneldiskusjonar skal brukast til å utvikle konkrete tilrådingar i form av offisielle politikkanbefalingar (policy brief) frå EDUC.
Politikkanbefalingane skal vise korleis universitetsalliansar, universitet og eksterne partnarar kan styrkje karriereutviklinga for ph.d.-kandidatar og ta doktorgradskompetansen betre i bruk i arbeids- og samfunnslivet.
– Vi ønskjer å sitje igjen med tilrådingar som kan brukast i den vidare utviklinga av EDUC, men som også kan vere relevante for andre universitetsalliansar. Skal vi skape varige resultat, må universiteta, kandidatane, arbeidsgivarane og styresmaktene utvikle løysingane saman, seier Knutsen.
Kven bør delta?
Arrangementet er særleg relevant for:
- ph.d.-kandidatar og postdoktorar
- forskarskular og andre som arbeider med forskarutdanning
- universitetsleiarar og alliansekoordinatorar
- tilsette som arbeider med karriereutvikling, innovasjon, forskingspolitikk eller samarbeid med arbeidslivet
- arbeidsgivarar i næringslivet og offentleg sektor
- kommunar, statlege verksemder og frivillige organisasjonar
- nasjonale styresmakter og representantar for EU-kommisjonen
- EDUC og andre europeiske universitetsalliansar
Les meir, sjå programmet og meld deg på, her: EDUC Roundtable Policy Briefing: Access to Talent - Universitetet i Sørøst-Norge
