EDUC Third Global Community of Practice

Dette er eit nettbasert samarbeidsarrangement der undervisarar frå EDUCs partnarinstitusjonar møtest for å dele idéar, reflektere over felles utfordringar og diskutere gode undervisningspraksisar, særleg knytt til virtuell mobilitet. Påmelding innan 26. mai 2026.


04 Jun

Praktisk informasjon

  • Dato: 4 juni 2026
  • Tid: kl. 14.00 - 15.30
  • Sted: Webinar
  • Last ned kalenderfil
  • Arrangør: EDUC
  • Lurar du på noko om EDUC Third Global Community of Practise?

    Spørsmål om søknaden kan rettast til Olívia Lencz (lencz.olivia@pte.hu) på EDUC-kontoret på Universitetet i Pécs.

    Har du andre spørsmål, skriv til educ@usn.no

Velkommen til den tredje globale EDUC Community of Practice, arrangert av Universitetet i Pécs, kor deltakarar utforskar innovative tilnærmingar til modulbasert emnedesign, digitale undervisingsløysingar og integrering av forsking i undervisning.

Tema for arrangementet:«Digitale løysingar, modulstruktur og presentasjon av forskingsresultat i internasjonale relasjonar–emnet «China in the Global World» på Universitetet i Potsdam.

Med emnet «China in the Global World» som praktisk døme, får deltakarane innblikk i korleis eit strukturert Moodle-basert læringsmiljø kan støtte studentautonomi, asynkron læring og interaktiv undervisning innan internasjonale relasjonar.

Arrangementet består av tre fasar:

Fase 1: Community Forum (28. mai – 3. juni 2026)

Deltakarane går gjennom materiale som er sendt ut på førehand, og samlar eigne tankar, spørsmål og utfordringar.

Fase 2: Digital fellessesjon (4. juni 2026 kl. 14.00–15.30)

Ei interaktiv økt på 1,5 time der ein EDUC Ambassador (ein erfaren EDUCator) deler erfaringar med digitale løysingar.

I løpet av økta blir det presentert ei løysing for emneutvikling basert på Moodle-plattforma, med emnet «China in the Global World» innan internasjonale relasjonar som døme. Fokus ligg på strukturert utforming av det digitale læringsmiljøet: korleis ein kan byggje opp eit komplekst emne med geopolitisk og regional innretning basert på modulær struktur, samstundes som ein støttar studentautonomi, asynkron læring og oversikt for undervisarane.

Arrangementet vil også rette særleg merksemd mot korleis forskingsresultat kan integrerast i undervisninga. Presentasjonen viser dermed korleis eit gjennomtenkt digitalt emne ikkje berre er ei administrativ ramme, men eit aktivt kunnskapsbyggjande læringsrom som knyter saman utdanning og forsking innan internasjonale relasjonar.

Fase 3: Toolkit-fasen (5.–19. juni 2026)

I eit felles digitalt rom lastar deltakarane opp eigne ressursar og materiale, slik at dei kan delast med kvarandre.

Meld deg på

  • Søknadsfrist: 26. mai 2026
  • Søknadslenkje: Nettskjema (forms.office.com)
  • Kapasitet: 20 deltakarar
  • Språk: Engelsk

Lurar du på noko om EDUC Third Global Community of Practise?

Spørsmål om søknaden kan rettast til Olívia Lencz (lencz.olivia@pte.hu) på EDUC-kontoret på Universitetet i Pécs.

Har du andre spørsmål, skriv til educ@usn.no