EDUCs fjerde Good Practises Staff Week (GPSW4) er eit intensivt firedagarsprogram som skal styrkje samarbeidet i virtuelle mobilitetsopplegg (internasjonal digital undervising).
Sentralt i programmet står praktisk arbeid med å utvikle gode samarbeidsopplegg. Deltakarane bruker digitale verktøy som Nextcloud og tek utgangspunkt i prosjektbasert og problembasert læring.
- dato: 26.–29. oktober 2026 (måndag–torsdag)
- stad: Universitetet i Pécs, Ungarn
- språk: engelsk
- deltakaravgift: gratis
- tilskot til reise: reisetilskot inntil € 1 350 er tilgjengeleg for inntil to deltakarar frå USN. Det blir venta at instituttet/eininga dekker kostnader utover dette.
Søk om plass
- søknadsskjema: GPSW4 - Collaboration in Virtual Mobility and Nextcloud for Education (Microsoft Forms)
- søknadsfrist: 13. september 2026
OBS: Gi oss på educ@usn.no dersom du har søkt
Spørsmål om søknaden? Ta kontakt med Olívia Lencz ved EDUC-kontoret ved Universitetet i Pécs eller EDUC-teamet ved USN på educ@usn.no.
Dette sit du att med:
- ein gjennomarbeidd samarbeidsplan
- praktiske verktøy for gjennomføring
- materiell som er klart til bruk i virtuelle mobilitetsprosjekt (opplegga kan gjennomførast med støtte frå digitale samarbeidsmiljø som Nextcloud)
Målgruppe
Undervisarar, vitskapleg tilsette og andre fagpersonar som arbeider med virtuell mobilitet, internasjonal utdanning eller utvikling av samarbeidsbaserte læringsopplegg.
Sentrale tema
- planlegging av samarbeid i virtuell mobilitet
- digitale verktøy for strukturert samarbeid
- læringsopplegg med éi eller fleire økter
- samarbeidslæring, problembasert læring og prosjektbasert læring
- Nextcloud som verktøy for utdanning og prosjektstyring
Gjesteinnlegg
- Prosjektstyring og formidling med Nextcloud – Dávid Molnár
- Nextcloud som samarbeidsverktøy i utdanning – Giovanni Fonseca
Frå idé til godt samarbeid i virtuelle læringsmiljø
Verkstaden kombinerer refleksjon, planlegging, opplæring i digitale verktøy og erfaringsdeling. Deltakarane går steg for steg frå å utforske kva som kjenneteiknar godt samarbeid, til å utvikle opplegg dei kan ta i bruk i praksis.
Dag 1: Grunnlaget for godt samarbeid
Den første dagen skal gi deltakarane ei felles forståing av samarbeid i samband med virtuell mobilitet.
Føremiddag
Deltakarane deler eigne erfaringar og drøftar utfordringar og moglegheiter. Dei går òg gjennom resultata frå ei spørjeundersøking som er gjennomført før GPSW4. Undersøkinga tek mellom anna for seg hindringar, gevinstar og kva som kan gjerast betre i virtuelle mobilitetsopplegg.
Ein gjesteførelesar viser korleis Nextcloud kan brukast til prosjektstyring og formidling, med vekt på praktiske arbeidsflytar for digitalt samarbeid.
Ettermiddag
Deltakarane byrjar å planleggje ulike samarbeidsscenario og undersøker korleis desse kan tilpassast deira eigne faglege samanhengar. Dagen blir avslutta med ei byvandring i Pécs, med rom for uformelle samtalar og nettverksbygging.
Dag 2: Samarbeidsmodellar og digitale verktøy
Føremiddag
Gjennom praktiske døme og strukturerte scenario utforskar deltakarane samarbeid som går føre seg i éi enkelt økt, og samarbeid som strekkjer seg over fleire økter.
Eit gjesteinnlegg viser korleis Nextcloud kan brukast til å organisere felles arbeid, kommunikasjon og prosjektstyring.
Ettermiddag
Gruppene skisserer moglege samarbeidsopplegg med utgangspunkt i samarbeidslæring, problembasert læring og prosjektbasert læring. Målet er å utvikle realistiske og meiningsfulle opplegg for internasjonalt samarbeid.
Dag 3: Frå plan til praksis
Føremiddag
Deltakarane lagar ein plan som klargjer læringsmål, samarbeidsform, varigheit og forventa resultat for det virtuelle mobilitetsopplegget deira.
Deretter utviklar dei materiell til opplegget, mellom anna rettleiingar, oppgåver og strukturerte læringsressursar.
Ettermiddag
Gruppene gjer Nextcloud-miljøa klare for samarbeidsaktivitetane. Dei arbeider særleg med digitale arbeidsflytar, deling av ressursar og ein struktur som gir god støtte til samarbeidet.
Dag 4: Presentasjonar og erfaringsdeling
Den siste dagen er sett av til presentasjonar og refleksjon.
Deltakarane legg fram samarbeidsopplegga sine og får tilbakemeldingar frå dei andre gjennom strukturerte samtalar.
