Digitalt kurs: Styrking av kvinner i akademia

EDUC-kurs: Female Empowerment in Academia

Bygg kompetanse innan kjønnsulikskap og likestilling i forsking. Ingen krav til forkunnskapar. Gjennomfør kurset i eige tempo innan 15. juni 2026. 

Korleis påverkar kjønnsstrukturar karriereløp, arbeidsmiljø og forsking i akademia? Og kva kan vi konkret gjere for å skape eit meir inkluderande og rettferdig forskingsmiljø?

Ph.d.-stipendiatar og tilsette ved USN blir no inviterte til å delta på det nettbaserte kurset Female Empowerment in Academia.

Dette er eit fleksibelt og fagleg solid tilbod for alle som ønskjer auka kompetanse om kjønnsulikskap i akademia.

Praktisk informasjon

format: nettbasert, asynkront og sjølvstyrt

opent: 15. februar til 15. juni 2026

omfang: om lag 25 arbeidstimar

påmelding: i EDUC-katalogen (educalliance.eu)

Slik er kurset bygd opp

Kurset er delt inn i tre tematiske modular:

  • Strukturelle ulikskapar i akademia
  • Kjønnsbasert vald og trakassering i akademiske miljø
  • Kjønnssensitive metodar i forsking

Kvar modul består av fleire undertema i form av videoførelesingar, supplert med digitale aktivitetar og kursmateriell. Deltakarane følgjer ei tilrådd tematisk rekkjefølgje, men kan tilpasse progresjonen til eigen arbeidskvardag.

Undervisninga er utvikla og gjennomført av eit internasjonalt fagmiljø med ekspertar innan kjønn og akademia. Kurset blir avslutta med ei evaluering, og alle som fullfører, får kursbevis.

Kven passar kurset for?

Kurset er utvikla for akademikarar og forskarar på alle karrieresteg og på tvers av fagområde.

Det kan vere særleg relevant for:

  • engasjerte universitetstilsette
  • forskarar i tidleg karrierefase
  • ph.d.-stipendiatar på tvers av fag og fakultet

Kva lærer du?

Kurset gir innsikt i sentrale mekanismar som påverkar kjønnsbalanse og inkludering i akademia, og går utover rein «avkryssing» av kjønnsperspektiv i prosjekt.

Etter fullført kurs vil du:

  • ha betre forståing for korleis kjønnsstrukturar er innvevde i akademia og forskingssystemet
  • vere meir medviten og sensitiv overfor utsette grupper
  • kjenne til gode internasjonale døme på likestillingsarbeid
  • ha styrkt kompetanse i kjønnsmedviten forsking
  • ha utvikla verktøy for å bidra til styrking av kvinner i akademia

Digitalt kurs: Female Empowerment in Academia

Undervisere fra USN:

To undervisere fra USN bidrar i EDUC-kurset Female Empowerment in Acadmia: Åsne Håndlykken-Luz og Gabriela Mezzanotti, som begge arbeider innenfor feministisk teori og perspektiv, med fokus på kjønn, likestilling, og sosiale rettferdighetsspørsmål.

Sammen har de utviklet en modul om feministisk forskningsmetodologi som inngår i kurset. 

Les mer: Fremmer feministisk metodologi med EDUC - USN Intranett

Refleksjoner fra en deltaker:

Mercédesz Kovács-Csincsák fra Universitetet i Pécs, skriver om sine erfaringer med kurset Female Empowerment in Academia.

Les mer: Rising Together – EDUC Alliance