EDUC Research Fellowship-utlysinga vert opna 1. desember 2025, og ho vil vere løpande open fram til dei tildelte midla er oppbrukt, eller til 1. november 2026, alt etter kva som kjem først.
Prioriteringar for utlysinga
Stipendet skal støtte forskarar i å:
- få innsikt i nye forskings- og innovasjonsmiljø
- tileigne seg ferdigheiter som ikkje er lett tilgjengelege ved heimeuniversitetet
- byggje partnerskap innan EDUC-alliansen og det utvida økosystemet (verksemder, forskingsinstitutt, NGO-ar med meire)
Søkjarar må tydeleg forklare korleis aktivitetane deira bidreg til desse måla.
Kven kan søkje?
Berre individuelle forskarar kan søkje, og dei må oppfylle desse krava:
- er tilsett eller formelt tilknytt eit EDUC-universitet på søknadstidspunktet og i minst 30 dagar etter at stipendet er avslutta (heiltid eller deltid som forskar/professor, eller ph.d.-kandidat)
- har løyve frå einingsleiar eller rettleiar, om institusjonen krev det
- har heimeinstitusjonen sin blant dei godkjende utdelingsinstitusjonane (sjå tabellen under)
| universitet | land | type deltaking |
| Masaryk Universitet (MUNI) | Tsjekkia | utsendande institusjon og vertsinstitusjon |
| Universitetet i Pécs (UPECS) | Ungarn | utsendande institusjon og vertsinstitusjon |
| Vasyl Stefanyk karpatiske nasjonaluniversitet (CNU) | Ukrainia* | utsendande institusjon og vertsinstitusjon |
| Universitetet i Cagliari (UNICA) | Italia | utsendande institusjon og vertsinstitusjon |
| Universitetet i Potsdam (UP) | Tyskland | utsendande institusjon og vertsinstitusjon |
| Universitetet i Søraust-Noreg (USN) | Norge | utsendande institusjon og vertsinstitusjon |
| Universitetet Jaume I (UJI) | Spania | utsendande institusjon og vertsinstitusjon |
| Universitetet i Rennes (UR) | Frankrike | assosiert (utan direkte finansiering), berre som vertsinstitusjon. |
| Universitetet Paris Nanterre | Frankrike | assosiert (utan direkte finansiering), berre som vertsinstitusjon. |
| assosiert partner frå EDUC | berre som vertsinstitusjon | |
| Ei verksemd, eit forskingsinstitutt, ein NGO eller ei anna organisasjon innanfor EDUC-partnarregionane og deira innovasjonsøkosystem | berre som vertsinstitusjon | |
| Akademiske institusjonar som er baserte i land utanfor Den europeiske unionen og utanfor land som er assosierte med Horizon Europe, helst frå låg- og mellominntektsland (LMIC) i det globale sør, men med unntak av høginntektsland som USA, Storbritannia, Canada, Australia, New Zealand, Japan og andre liknande økonomiar. Deltaking kan godkjennast dersom ho er godt grunngjeven, og landet ikkje er omfatta av EU-restriksjonar eller avgrensa samarbeid. | berre som vertsinstitusjon |
* På grunn av den noverande sikkerheitssituasjonen, må alle reiser til Ukraina vere i tråd med nasjonale og institusjonsinterne reisereglar og tryggleiksretningsliner som gjeld på tidspunktet for mobiliteten.
Varigheit
- Kvar stipendperiode kan vare frå minimum fire veker (kort opphald) til maksimum tolv veker (mellomlangt opphald).
- Alle opphald må vere gjennomførte innan 1. desember 2026.
- Varigheita må vere rimeleg i forhold til måla for opphaldet og grunngjevast i søknaden.
Godkjende utgifter
Total budsjett for ordninga er 170 000 euro, fordelt mellom institusjonane slik:
- 50 000 euro – Universitet i Cagliari (UNICA), Universitetet Jaume I (UJI), Universitetet i Søraust-Noreg (USN) og Universitetet i Potsdam (UP)
- 80 000 euro – Masaryk Universitet (MUNI) og Vasyl Stefanyk karpatiske nasjonaluniversitet (CNU)
- 40 000 euro – Universitetet i Pécs (UPECS)
Midlane vert overførte til søkjarens heimeinstitusjon, som handterer budsjettet etter eigne finansielle og nasjonale reglar.
Støtteberettiga kostnader:
- reise, diett og opphald (etter institusjonens satsar)
- andre nødvendige utgifter knytte til gjennomføringa, (til dømes forbruksmateriell eller særlege behov) om desse er godt grunngjevne i søknaden
Definisjonar og ansvar
Gjesterforskaren er forskaren som søkjer og får tildelt eit EDUC Research Fellowship, og skal:
- førebu og sende inn komplett søknad
- gjennomføre aktivitetane ved vertsinstitusjonen
- sikre samsvar med måla for utlysinga
- levere ein kort sluttrapport etter opphaldet
Heimeinstitusjonen er EDUC-universitetet der gjesterforskaren er tilsett eller tilknytt, og skal
- stadfeste forskarens tilknyting
- forvalte stipendet etter eigne reglar
- sikre at rapportering og krav frå EDUC-prosjektet vert oppfylte
Rettleiar er den akademiske rettleiar for ph.d.-kandidatar eller andre deltakarar i forskingsprosjekt ved heimeinstitusjonen.
Vertsinstitusjonen er organisasjonen der gjesterforskaren skal opphalde seg, som kan vere:
- eit anna EDUC-universitet
- ei verksemd, eit forskingsinstitutt, ein NGO eller liknande innanfor EDUC-regionane
- ein akademisk institusjon utanfor EU og land assosierte med Horizon Europe (føretrinnsvis i låg- eller mellominntektsland)
Vertsinstitusjonen skal:
- tilby rettleiing, fasilitetar og støtte,
- sikre gjennomførbarheit og etisk forsvarleg verksemd,
- utferde naudsynt dokumentasjon (t.d. invitasjonsbrev).
Mentor er personen ved vertsinstitusjonen som tek imot og støttar gjesterforskaren under opphaldet.
Korleis søkje
Søknader skal sendast inn elektronisk via EDUC @ Openup med alle påkravde vedlegg:
- brev frå heimeinstitusjonen som stadfestar tilknyting
- invitasjonsbrev frå vertsinstitusjonen som stadfestar aksept og mentorstøtte.
Søkjarar må kontrollere på OpenUP-sida at utlysinga framleis er open før innsending.
Dette er EDUC OpenUp: OpenUp: Opnar opp for EDUC-samarbeid - USN Intranett
Tidsplan og vurdering
- opning av utlysing: 1. desember 2025
- vurdering: fortløpande. Ein evalueringskomité vurderer søknader kvar månad (innan den 30.), til budsjettet er brukt opp.
- gjennomføring: til 1. desember 2026
- sluttrapport: innan 30 dagar etter opphaldet
Kvar søknad vil først gjennomgå ein vurdering av kvalifikasjon og fullstende, etterfølgt av ei evaluering basert på følgjande kriterium:
- relevans for utlysinga sine prioriteringar
- forventa effekt på ferdigheiter og institusjonell kapasitet
- forhold mellom kostnad og nytte
- kvalitet på rettleiing og vertsmiljø
- forventa resultat: kunnskapsoverføring, felles publikasjonar, søknader, teknologiutvikling
Søknader som får positiv vurdering, vert sende til etisk rådgjevar før endeleg godkjenning av EDUC-WIDE-styringskomiteen.
Koordinering av prosessen vert handtert av Vasyl Stefanyk Carpathian National University (CNU).
Dokumentasjon
Søknadsskjemaet (via OpenUP) skal innehalde opplysningar om søkjar, institusjonar, mål, aktivitetar, metode, verknad, budsjett og korte CV-ar for søkjar og mentor.
Vedlegg:
- stadfesting frå heimeinstitusjonen om tilknyting og løyve
- invitasjonsbrev frå vertsinstitusjonen med føremål og mentoransvar
- eventuelle tillegg eller juridiske dokument
Generelle vilkår
Forsking og publisering
Utlysinga støttar forsking og samarbeid i akademia og tilhøyrande økosystem. Alle resultat skal publiserast, helst i open tilgang, og data skal gjerast tilgjengelege i tråd med FAIR-prinsippa.
Takksemdserklæring
Alle publikasjonar og offentlege resultat frå prosjekt som får støtte, skal innehalde denne formuleringa:
“The authors acknowledge financial support of the EDUC WIDE project funded by the European Union’s Horizon Europe under Grant Agreement No. 101136533. This manuscript reflects only the authors’ views and opinions; neither the European Union nor the European Commission can be considered responsible for them.”
Denne teksten skal òg nyttast i presentasjonar, plakatar, datasett, programvare og liknande.
Melding om resultat
Forskarar skal melde frå om alle publikasjonar og resultat frå EDUC-WIDE-støtta forsking ved å sende PDF og referanse per e-post iryna.hryhoruk@pnu.edu.ua til Iryna Hryhoruk (CNU)
så snart dei er publiserte.
Etikk og reglar
Alle opphald skal følgje etiske standardar og reglar ved både heime- og vertsinstitusjonen.
Forskarar har ansvar for at aktiviteten respekterer prinsippa for forskingsetikk: ærlegdom, ansvar og respekt for menneske, dyr og miljø.
Naudsynte etiske godkjenningar må vere på plass før opphaldet startar.
Rapportering
Etter avslutta opphald skal forskaren levere ein kort sluttrapport som skildrar aktivitetane, resultata, læringsutbytte og framtidsplanar for samarbeid. Rapporten skal sendast til iryna.hryhoruk@pnu.edu.ua
innan 30 dagar etter avslutning, og seinast 31. desember 2026.
