EDUC Staff Mentoring Programme er eit verktøy for profesjonell utvikling og karrierevekst. Det koplar saman to tilsette: ein mentor og ein mentee,som arbeider innan same fagområde ved to ulike EDUC-universitet.
Sjå oversikta over tilgjengelege mentorar på EDUC Alliance – Call for Mentees: EDUC Staff Mentoring Programme
Merk: Programmet er retta mot administrativt tilsette (non-academic staff), men på USN kan òg vitskapleg tilsette delta. Sjå kategorien «academics / researchers» for tilgjengelege mentorar.
Tilgjengelege mentorar i følgjande felt:
- internasjonale og europeiske prosjekt
- bibliotek
- studenttjenester
- språksenter
- kunnskaps- og teknologioverføring / oppstartsvirksomhet
- kommunikasjon og markedsføring
- HR-avdeling
- forsknings- og innovasjonsadministrasjon
- karrieretjenester
- ledelse
- forsknings- og innovasjonsadministrasjon
- kvalitetssikring i utdanning
- vitenskapelig ansatte
- andre
Kven kan søkje?
- Du har mindre enn tre års erfaring i ditt noverande fagfelt.
- Du har engelskkunnskapar på minimum nivå B1.
- Du ønskjer å utvikle di profesjonelle kompetanse.
- Du kan setje av om lag 10 timar dei neste seks månadene.
Korleis fungerer det?
EDUC Staff Mentoring Programme går føre seg i arbeidstida.
Mentor og mentee skal:
- ha minst eitt digitalt møte per månad i seks månader.
- delta på tre digitale opplæringssamlingar saman med mentorar, mentear og kursleiar.
Datoar for opplæringssamlingane:
- 26. mars: oppstartsmøte for mentorar og mentear (14.00-15.00)
- 16. juni: midtvegsamling for mentorar og mentear (13.00-14.30)
- 29. oktober: avslutningsmøte for mentorar og mentear (10.00-11.30)
Korleis søkjer du?
Søk via nettbasert skjema (nettskjema.no)
Søknadsfrist: 11. mars (kl. 23.59)
