Bli med i eit europeisk nettverk ved å merke sommarskulen din med EDUC

Ung kvinne med bærbar datamaskin på på en universitetscampus med gruppe studenter i bakgrunnen. Teskten EDUC Summer School Labelling står skrevet over bildet, sammen med EU-logoen og teksten Co-funded buy the European Union..

Tilbyr du korte, intensive program eller emne som går fysisk og på engelsk? Sertifisering med EDUC Label hjelper til å rekruttere fleire internasjonale studentar og utvider ditt faglege nettverk samtidig.

EDUC LabelEDUC Label er ei sertifisering av kurset eller programmet ditt. Program som er EDUC-sertifiserte får ekstra støtte til promotering innan alliansen, og studentar frå våre sju partneruniversitet kan søkje om stipend for å delta.

EDUC Label er ideelt for sommarskular/vinterskular (intensive kurs som blir undervist over ein kort periode).

Dette er ei flott moglegheit til å vise fram programmet ditt, knyte nye kontaktar innan alliansen og utvide det internasjonale nettverket ditt.

  • Driv du ein sommarskule og ønskjer å nå ut til studentane i EDUC-alliansen?
  • Om sommarskulen din er eit nytt eller framveksande prosjekt, kan EDUC hjelpe deg med å få fart på programmet ditt!

Opne dørene til eit internasjonalt fellesskap

Ved å bli ein del av EDUC får du tilgang til ein allianse med åtte universitet og eit internasjonalt fellesskap av 200 000 studentar. Å få programmet ditt merka som ein «EDUC sommarskule» koplar deg til eit stort nettverk og gjer det enklare å kommunisere og promotere innanfor vår europeiske allianse.

Auk anerkjenninga til programmet ditt

Ved å merke programmet ditt som ein europeisk sommarskule, løftar du anerkjenninga til eit nytt nivå. EDUC tilbyr støtte og rådgjeving for å hjelpe deg med å vidareutvikle programmet ditt, og sikrar at det gir unike utdanningserfaringar.

Oppfyll internasjonaliseringsmåla dine

EDUC-sertifiserte sommarskular bidrar til å internasjonalisere universitetet ditt og støttar den vidare transformasjonen av høgare utdanning. Sommarskular er ein del av eit breiare utdanningstilbod som styrkar programnivået og internasjonaliserer lokale program – der sommarskulen ditt kan bli ein stor ressurs.

Legg til rette for framtidige mobilitetar og samarbeid

Ein EDUC-sertifisert sommarskule legg grunnlaget for framtidige mobilitetar mellom partnaruniversitet for studentar, tilsette og lærarar, og opnar for nye samarbeid. Gjennom sertifisering bidrar du til å fremje europeiske verdiar og medborgarskap, og gir ei rikare oppleving for alle involverte, samtidig som du styrkar banda mellom universiteta våre.

Få tilgang til finansieringsmoglegheiter*

Sikre moglegheiter for finansiering gjennom EDUC eller få råd om tilskot og stipend frå andre kjelder, slik at du kan identifisere økonomiske ressursar for å styrke programmet ditt.

*EDUC-finansiering til mobilitetsstipend er avgrensa og avhengig av godkjenning.

Ønsker du EDUC Label?

Har du eit kort, intensivt program du ønskjer å opne for alliansen? Vi vil gjerne høyre om det!

Kontakt vårt lokale EDUC-lag på educ@usn.no og legg ved ei skildring av kurset eller programmet ditt.

For å bli sertifisert, må programmet bli godkjent av koordineringsgruppa i EDUC.

Kva program kvalifiserer for EDUC Label?

  • Varigheit: 1–2 veker (på campus), men kan inkludere digitale/virtuelle komponentar.
  • Studiepoeng: Maksimalt 3 ECTS for éi veke og 5 ECTS for to veker.
  • Språk: Undervist på engelsk.
  • Opent for: Bachelor-, master- og/eller ph.d.-studentar.
  • Relevans: Må vere relevant for minst fem av EDUC-partnaruniversiteta (vurdert av EDUC-koordinasjonsgruppa).

Kva støtte gjev EDUC Label?

  • Pedagogisk rettleiing
  • Tilgang til EDUCs Moodle-plattform
  • Hjelp med marknadsføring og promotering
  • Bruk av EDUC Label i all kommunikasjon
  • Tilgang til gjesteforelesarar frå EDUC-nettverket
  • Tilgang til EDUC Teaching Academy
  • Oppføring i EDUCs kurskatalog

Ønsker du EDUC Label?

Kontakt vårt lokale EDUC lag på educ@usn.no og legg ved ei beskriving av programmet/emnet.

Søknadsfrist: 15. oktober.

For å bli sertifisert, må programmet bli godkjent av koordineringsgruppa i EDUC.

Kva program kvalifiserer for EDUC Label?

  • Varigheit: 1–2 veker (på campus), men kan inkludere digitale/virtuelle komponentar.
  • Studiepoeng: Maksimalt 3 ECTS for éi veke og 5 ECTS for to veker.
  • Språk: Undervist på engelsk.
  • Opent for: Bachelor-, master- og/eller ph.d.-studentar.
  • Relevans: Må vere relevant for minst fem av EDUC-partnaruniversiteta (vurdert av EDUC-koordinasjonsgruppa).

Kva støtte gjev EDUC Label?

  • Pedagogisk rettleiing
  • Tilgang til EDUCs Moodle-plattform
  • Hjelp med marknadsføring og promotering
  • Bruk av EDUC Label i all kommunikasjon
  • Tilgang til gjesteforelesarar frå EDUC-nettverket
  • Tilgang til EDUC Teaching Academy
  • Oppføring i EDUCs kurskatalog