Nettkurs i tverrkulturell kommunikasjon

foto viser et fargerikt flettverk av tråder. EDUC + Co-funded by EU logo

Ønskjer du å kjenne deg meir trygg i internasjonale samanhengar? Dette kurset gir deg moglegheit til å lære korleis ein kommuniserer på tvers av kulturar og forstå perspektiva bak daglege samhandlingar. Kurset er asynkront og ope for alle studentar og tilsette heile året.

Kor godt forstår du måten du kommuniserer på?
 
Studentar og tilsette på alle EDUCs partnaruniversitet har no høve til å utforske dette gjennom An Introduction to InterCulturel Communication (courses.educlliance.eu).
 
Dette nettkurset er utvikla for å hjelpe deg å navigere kommunikasjon på tvers av kulturar, noko som har blitt ei stadig viktigare ferdigheit både i akademisk og profesjonell samanheng.

Meld deg på

  • Registrer deg innan utgangen av 2026

Fleksibelt

Kurset er asynkront, slik at du kan starte når det passar deg (innan året er omme) og jobbe i ditt eige tempo
 
Dette er ein praktisk og lett tilgjengeleg måte å byggje interkulturell merksemd parallelt med studiane dine.
 

Kurset blir levert på engelsk (nivå B2) og er tilgjengeleg i Moodle, EDUCs digitale platform for læring og undervising.

Kvifor tverrkulturell kommunikasjon er viktig

Rebeca Schumacher. FotoEnten du jobbar i gruppeprosjekt, skal på utveksling, eller førebur deg på ein internasjonal karriere, er evna til å kommunisere på tvers av kulturar ein kjernekompetanse.
 
Dette EDUC-kurset inviterer deg til refleksjon over korleis kultur formar måten vi tenkjer, snakkar og tolkar andre på. Det går utover enkle språkidear og fokuserer i staden på å forstå perspektiv, forventningar og kommunikasjonsstilar på tvers av ulike kulturelle kontekstar.
 
– Misforståingar handlar ikkje alltid om språk, men ofte om fordommar, kontekst og perspektiv. Dette kurset gir ein start på å utvikle desse innsiktene i ein strukturert og engasjerande form, seier kurskoordinator Rebeca Schumacher (USN).
 

Magne Dypedahl. FotoUSN i sentrum av EDUCs læringstilbod

Kurset er utvikla og tilbydd av USN som ein del av vårt aktive bidrag til den felles kursporteføljen i EDUC. Det betyr at du ikkje berre tek del i eit internasjonalt læringsmiljø, du får òg direkte tilgang til den faglege kompetansen ved USN knytt til tverrfagleg kommunikasjon. Undervisar på kurset er førstelektor Magne Dypedahl

 

Dette kurset speglar eit av EDUCs overordna mål: å gje studentar tilgang til fleksible og delte læringstilbod på tvers av europeiske universitet, utan at dei treng å reise.

Sjå USNs EDUC-ambassadør, Samantha Beaugrand, presentere kurset på Instagram:

Samantha studerer på masterprogrammet i menneskerettar og fleirkulturalisme ved USN, og har vore ein del av EDUCs ambassadørprogram sidan 2025.

Bli med

Om du er nysgjerrig på korleis kommunikasjon fungerer utover ditt eige kulturelle perspektiv, er dette kurset ein enkel og fleksibel måte å starte på.
 
Utforsk kurset og meld deg på: Ein introduksjon til interkulturell kommunikasjon (courses.educalliance.eu)

Verda di vart akkurat større.

 

Spørsmål? 

Ta kontakt med oss på educ@usn.no

EU falg + text: Co-funded by the European Union

 

Jeg vil ha mer info om EDUC-tilbud for mitt fagområde

 

Dette er EDUC

Hva og hvem er EDUC?

European Digital UniverCity (EDUC) er en europeisk universitetsallianse med åtte medlemmer i sju land. Europeiske universitetsallianser er EUs flaggskip for å knytte det akademiske fellesskapet i Europa tettere sammen og løse de store samfunnsutfordringene.

I alliansen samarbeider vi blant annet om en felles digital campus, digitale studietilbud, fleksible internasjonale muligheter for studenter og ansatte og kompetanseheving for unge forskere og ansatte.

I tillegg til USN består EDUC av disse universitetene: 

  • Universitetet i Potsdam, Tyskland 

  • Universitetet i Rennes, Frankrike 

  • Universitetet Paris-Nanterre, Frankrike 

  • Masaryk Universitet, Tsjekkia 

  • Universitetet i Cagliari, Italia 

  • Universitetet Jaume I, Spania 

  • Universitetet i Pécs, Ungarn 

Til sammen har alliansen om lag 200 000 studenter og 31 000 ansatte.

Bruk kartet for å bli bedre kjent med de andre institusjonene. 

EDUC finansieres av Erasmus+ fra 2022-2026.

Hva vil vi med EDUC?
  • gi studenter og ansatte varierte og fleksible internasjonale muligheter

  • øke kvaliteten i utdanningene våre gjennom samarbeid og innovasjon

  • alliansesamarbeidet gir USN et konkurransefortrinn i Europa

Har du spørsmål?

Kontakt oss gjerne på educ@usn.no

 

Lær mer om EDUC på educalliance.eu