Det digitale sjølvstudiekurset International Entrepreneurial Mindset (educalliance.eu) strekk seg over 27-timar og er utvikla av 25 undervisarar frå EDUC-alliansen.
Om kurset:
- Sjølvstudium: Lær i ditt eige tempo, slik det passar deg.
- Start når som helst: Tilgjengeleg frå første året av ph.d.-løpet ditt.
- Opent for alle: Passar for alle fagområde og disiplinar.
- EDUC-sertifikat: Motta eit kompetansesertifikat for å styrke porteføljen din.
Oppbygging:
-
Del 1: Ut av akademia (11 timar):
Kommunikasjon, nettverksbygging, utnytting av forskinga di, forståing av interkulturelle relasjonar og europeiske jobbmoglegheiter. -
Del 2: Inn i arbeidslivet (16 timar):
Design-tenking, sosial påverknad, handlingsplanlegging, emosjonell intelligens, risikostyring, problemløysing, samarbeid og leiing.
Kvifor ta dette kurset?
- Lær overførbare ferdigheiter: Problemløysing, leiing, design-tenking og meir.
- Styrk engelsken din: Bli ein tryggare engelskbrukar i profesjonelle og entreprenørielle samanhengar.
- Vere klar for ulike karrierar: Få til ein smidig overgang til rnye oller innan næringsliv, ideelle organisasjonar eller entreprenørskap.
- Lær av ekspertar: Få innsikt frå nokre av dei beste undervisarane i Europa.
- Fleksibel læring: Studer i ditt eige tempo med fokus på praktiske og relevante ferdigheiter.
Krav:
- Engelskkunnskapar: Minimum B1-nivå i engelsk.
- Tilgjengelegheit: Opent for ph.d.-kandidatar frå alle fagområde og disiplinar.
Gjennomføringer 2025/2026
| Start | Slutt |
Påmeldingsfrist |
| 20/10/2025 | 13/02/2026 | 18/10/2025 |
| 26/01/2026 | 22/05/2026 | 24/01/2026 |
| 16/03/2026 | 17/07/2026 | 14/03/2026 |
| 18/05/2026 | 18/09/2026 | 16/05/2026 |
Påmelding:
Les meir og meld deg på i EDUCs kurskatalog (courses.educalliance.eu)
Gjer deg klar til å ta steget inn i den globale arbeidsmarknaden med dette omfattande og praktiske kurset!
