Mine foredrag:
Metaforar i kultur, fag og politikk
Døden er ei reise, seier vi, men kva slags? Kva for metaforar er vanleg å bruke om kvinner i vestleg kultur, samanlikna med arabisk kultur? Er eldrebølgja ein dekkande metafor? Kva røpar metaforer vi bruker om klima om kva standpunkt vi har i klimasaka? Kva betyr kirurgisk bombing? Korleis kan vi bruke metaforar for å få sagt det vi vil, og korleis kan vi påverke andre gjennom metaforar?
Foredraget tek utgangsspunkt i boka Metaforer. Hva, hvor og hvorfor (Universitetsforlaget 2019), og vert halde i samarbeid med førsteamanuensis og medforfattar Magdalena W. Agdestein.
Metaforar om flyktningar og innvandrarar i media
Det finst ei mengd med metaforar om flyktningar og innvandrarar. Mange av dei er så innarbeidd i språket at vi knapt legg merke til dei, som t.d. straum og bølge. Kva slags metaforar er blitt vanlege å bruke i norske media om dette, og kva viser metaforane om måten vi tenkjer om dette spørsmålet på?
Korleis løyse klimakrisa? Kva metaforar fortel om måten vi tenkjer om klima på
Greta Thunberg og Erna Solberg bruker ulike metaforar når dei snakkar om klimaspørsmål, fordi det er nær samanheng mellom metaforane vi bruker og måten vi tenkjer på. Dette er særleg tydeleg i klima-spørsmålet. I foredraget vil eg gå inn på dei mest rådande metaforane og tenkjemåtane på feltet, og drøfte konsekvensane av dei ulike metaforane.