Utvikling av menneskerettsverdiar i matematikklærarutdanninga: Utdanning med og av ungdom (ViMTE)

jente løser eit mattestykke på ei tavle. Foto

Målet med ViMTE-prosjektet er å utvikle teori og pedagogiske metodar for styrke kunnskapen om etikk, menneskeverd og demokratisk deltaking i matematikkundervisninga.

ViMTE-prosjektet

Kontakt: Yasmine Abtahi

Prosjektperiode: 2023 til 2027 

Støtte: Noregs forskingsråd (NFR) har løyvd 9,9 millionar NOK

NFRs logo ledsaga av teksten: Støtta av Forskingsrådet

FNs berekraftsmål (2021) oppmodar til handling for å takle globale menneskelege og ikkje-menneskelege utfordringar, fred og rettferd. Basert på denne oppmodinga, krev Udir (2020) at dei tverrfaglege verdiane etisk medvit, menneskeleg verdigheit og demokratisk deltaking skal inkluderast i alle skulefag.

Prosjektet ViMTE forskar på den medvitne og eksplisitte integreringa av menneskerettsverdiar i norske matematikklærarutdanningsprogram og dermed i praksisen til framtidige matematikklærarar på skular.

Den eksplisitte integreringa av verdiar (spesifikt: etisk medvit, menneskeleg verdigheit og demokratisk deltaking) er eit krav i den norske læreplanen (Udir, 2020). Desse verdiane har tidlegare ikkje vorte adresserte i matematikklærarutdanningsprogram i Noreg.

ViMTE har som hovudmål å utvikle nye innsikter for å styrkje kompetansen til ungdom, lærerutdannere og lærarstudentar for å integrere desse verdiane i matematikkundervisning og læring. For å oppnå dette målet vil det vere behov for teoretisk og metodologisk innovasjon basert på konsept frå matematikkdidaktikk og menneskerettsundervisning.

I ei deltakande forskingstilnærming vil vi invitere ungdomsskuleelevar i 5.-10. klasse til å samarbeide med forskarar, lærerutdannere og lærarstudentar ved to universitet for å forstå korleis eksisterande praksis støttar og hindrar integreringa av verdiane i matematikklærarutdanningsprogram, og for å utvikle nye praksisar.

Innanfor ein breiare samfunnsdagsorden vil ViMTE klargjere samspelet mellom læring av matematikk og overordna kunnskap basert på verdiar som overskrid faglege grenser og som er nødvendig for å bidra til eit meir sosialt berekraftig samfunn og arbeidsliv.

Aktuelt