Eksplosiv interesse for svartedauden

Theodor Kittelsens Pesta i trappen
PESTA FENGAR: Theodor Kittelsens teikning «Pesta i trappen».

I pandemiåret 2020 fauk lesartala til Store norske leksikon i vêret. Artiklane om korona er bland dei mest lesne USN-artiklane, men det er historieprofessor Ole Georg Moseng sin artikkel om svartedauden som har høgst lesertal.


2020 blei eit rekordår for Store norske leksikon (SNL) med meir enn 100 millionar lesne leksikonartiklar. Universitetet i Søraust-Noreg har ansvar for snaut 1500 av artiklane i leksikonet, og dei har blitt lese rekordhøge 2,7 millionar gongar i 2020.

Koronaeffekt

Då skulane i Noreg stengde i mars i fjor, måtte mange elevar og familiar klare seg med ressursane dei hadde tilgang til heimefrå. Då skaut lesartala på typiske skuleemne som litteratur, historie, samfunnsfag og naturfag i vêret.

Medisinartiklar om epidemiar, virus og vaksinar – tema som heile folket har vore oppteke av – fekk òg ei eksplosiv auke i lesartal.

Professor i mikrobiologi og smittevern, Jörn Klein, var særleg aktiv på snl.no i fjor. Han oppdaterte og skreiv nye artiklar om koronaviruset, koronavirus-pandemien 2020-2021, virologi, virus og virusstruktur, til glede og opplysing for mange lesarar. 

– Strålande døme på god fagformidling

Det er ikkje tvil om at pandemien har auka merksemda og interessa rundt tidlegare pandemiar også. 

Historieprofessor Ole Georg Moseng sin artikkel om svartedauden blei lesen over 200 000 gongar i pandemiåret 2020, noko som gjer den til den nest mest lesne av alle SNL-artiklane i 2020. Berre artikkelen om spanskesjuka hadde fleire lesarar.

statistikk over lesertala for SNL-artikkel om svartedauden

Erik Bolstad– Moseng evner å sette svartedauden inn i både ein historisk og epidemiologisk kontekst samstundes som han gjev oss det store biletet. Han forklarar alt frå mikrobiologi til storsamfunn og globalisering på ein måte som gjer at ein verkeleg forstår korfor denne pest-pnademien blei eit vendepunkt i Noreg og Europa si historie, seier sjefredaktør i SNL, Erik Bolstad.

Han beskriv artikkelen som eit strålande døme på god fagformidling til folk flest.

– Den gjer oss utruleg stolte, seier Bolstad.

LES OGSÅ: Statsvitar med ein million leksikonlesarar 

Klare parallellar

Moseng sjølve er glad for merksemda, og han tykjer lesartala er overveldande, men er likevel ikkje fullt så overraska:

Ole Georg Moseng– Kunnskap om tidligare pandemiar er meir aktuelt enn nokon sinne og langt i frå kuriosastoff. Viss vi ser på tiltaka som blei gjort den gang svartedauden herja, og på kva måte pesten forsvann, er det forbløffande korleis det samstemmer med det vi held på med no, seier Moseng, som til dømes visar til sosial distansering, isolering av sjuke, avsperring av område og reiseforbot.

Interessa for medisin- og helsehistorie har vore stor i 2020, og Ole Georg Moseng har vore ein ofte brukt kjelde for media.

Han dukka bland anna opp i Kristopher Schaus populære podkast «Rekommandert» i episoden «Svartedauden og verdens epidemier».  I 2020 ga han også ut boka Pesten kommer på Kagge forlag.

Perspektiv frå fortida

Moseng fortel at det ikkje var legane som tok knekken på svartedauden, men heller framveksten av sterke sentralmakter som hadde vilje og evne til å innføre effektive og omfattande, men upopulære tiltak.

Han visar til dømes til korleis merkantilistiske einevelde innførte handelsforbod, vel vitande om at økonomien ville bli råka hardt i fleire år.

– Koordineringa av tiltaka blei sterkare utover på 1600-talet. Me fekk ein prosess kor statane samarbeida, delte etterretning og tok samfunnsansvar gjennom å handle etter prinsippet om at konsekvensane av ein fullskala pestpandemi er verre enn konsekvensane av tiltaka som stoggar den. Dette er eit perspektiv me kan bringe inn i den moderne verda på global basis, seier Moseng.

Fortrengjer Wikipedia

Moseng fortel at han ofte ser at studentane sine nyttar SNL i bredt monn.

– Det er godt å sjå at fagleg tunge leksika fortrengjer Wikipedia og andre nettstader der innhaldet til tider kan vere tvilsamt, seier Moseng.

Han anerkjenner at det er krevjande å skrive for SNL, men samstundes gjevande:

– Å skrive for eit breitt publikum krev ofte at ein kan sine sakar betre enn om ein skriv for fagfellar. Du blir til dømes tvungen til å verkelig tenke gjennom kva som er viktigast, og kva detaljer som ikkje tilfører noko til heilskapen, seier han.

 

Store norske leksikon (SNL)

SNL er eit gratis og komplett oppslagsverk skreven av fagfolk, og innhaldet er vitskapleg fundert. SNL er eigd av den ideelle organisasjonen Foreningen Store norske leksikon

Dei mest lesne

Her finn du ein oversikt over dei 15 mest lesne SNL-artiklane i 2020, skrivne av fagansvarlege ved USN:

•    fyrste verdskrig – lesartall: 163 750 (fagansvarleg: Eirik Brazier)
•    Den franske revolusjon – lesartall: 123 355 (fagansvarleg: Kai Peter Østberg)
•    koronavirus – lesartall: 114 983 (fagansvarleg: Jörn Klein)
•    virus – lesartall: 98 231 (fagansvarleg: Jörn Klein)
•    stjerneteikn – lesartall: 94 485 (fagansvarleg: Geir Winje)
•    kommunisme – lesartall: 82 829 (fagansvarleg: Dag Einar Thorsen)
•    demokrati – lesartall: 74 276 (fagansvarleg: Dag Einar Thorsen)
•    vikingtida – lesartall: 68 709 (fagansvarleg: Bjørn Bandlien)
•    fascisme – lesartall: 64 790 (fagansvarleg: Dag Einar Thorsen)
•    nazisme – lesartall: 60 555 (fagansvarleg: Dag Einar Thorsen)
•    Romerriket – lesartall: 53 731 (fagansvarleg: Jon Wikene Iddeng)
•    kapitalisme – lesartall: 48 699 (fagansvarlig er Dag Einar Thorsen)
•    maktfordelingsprinsippet – lesartall: 47 401 (fagansvarleg: Dag Einar Thorsen)
•    liberalisme – lesartall: 42 727 (fagansvarleg: Dag Einar Thorsen)
•    Olav den heilage – lesartall: 42 604 (fagansvarleg: Bjørn Bandlien)

(Ole Georg Moseng skreiv artikkelen om svartedauden på oppfordring frå SNL, men han er ikkje fagansvarleg for kategorien Verdas historie, som artikkelen er ein del av)

Fagansvarlege i SNL ved USN

SNL har 15 fagansvarlege frå USN. Ein fagansvarleg er ein handplukka ekspert som har ansvar for eitt eller fleire fagområde i leksikonet.

Historie:

  • Bjørn Bandlien har ansvar for 156 artiklar i Norges historie fram til 1050
  • Per Norseng har ansvar for 316 artiklar i Norges historie fra 1050 til 1300
  • Eirik Brazier har ansvar for 20 artiklar i Første verdenskrig
  • Jon Wikene Iddeng har ansvar for 510 artiklar i Romerrikets historie, Historiske riker i Nord-Afrika
  • Kai Peter Østberg har ansvar for 107 artiklar i Den franske revolusjon
  •  

     

Medisin og helse:

  • Jörn Klein har ansvar for 60 artikler i Virus

Realfag:

  • Andrea Hofmann har ansvar for 36 artikler i Aritmetikk

Religion og filosofi:

  • Hilde Løvdal Stephens har ansvar for 4 artikler i Religion i Nord-Amerika
  • Stian Torjussen har ansvar for 140 artikler i Klassisk religion
  • Geir Winje har ansvar for 125 artikler i Spådomskunst, Nye religioner, Moderne okkultisme, Parapsykologi

Samfunn:

  • Dag Einar Thorsen har ansvar for 261 artikler i 5 kategorier, blant annet Politisk og økonomisk filosofi, Politiske begreper, Politiske og økonomiske filosofer, Statsvitere og institusjoner
  • Finn Ørstavik har ansvar for 10 artikler i Innovasjon

Språk og litteratur:

  • Eli Anne Eiesland har ansvar for 3 artikler i Kognitiv lingvistikk
  • Hans Jacob Ohldieck har ansvar for 9 artikler i Cubas litteratur

Teknologi og industri:

  • Terje Planke har ansvar for 24 artikler i Vikingskip, Norske tradisjonsbåter, Vestnorske tradisjonsbåter, Midtnorske tradisjonsbåter