Fleire studentar skal ut i verda

Optometristudent fra USN sammen emd ansatte på utvekslingsopphold ved Lovasoa Cross Cultural Center (Lovasoa 4C) på Madagaskar
INTERNASJONAL ERFARING: Støtte frå direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) gjer det mogleg for USN å sende fleire studentar på utvekslingsopphald, til dømes hit, til Lovasoa Cross Cultural Center på Madagaskar. (Foto: Privat)

Universitetet i Søraust-Noreg får om lag 35 millionar kronar for å utvikle internasjonale utdanningssamarbeid.

Nok ein gong har Universitetet i Søraust-Noreg nådd opp i konkurransen og henta monalege middel frå direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Totalt om lag 35 millionar norske kronar går til USN, fordelt på ulike prosjekt som skal utvikle internasjonale utdanningssamarbeid. 

– Vi gler oss over å kunne gje studentar og tilsette eit solid løft knytt til mobilitet og internasjonalisering. Dette er eit resultat av langsiktig arbeid med å bygge kompetanse på USN kring prosjektutvikling og finansieringshøve, fortel Ingvild Marheim Larsen, viserektor for utdanning ved USN.

Profesjonsutdanning utanlands 

Frå det nye HK-dir-programmet «Auka studentmobilitet i tre-årige profesjonsutdanningar» fekk USN gjennomslag på heile fire av fem søknader. USN er dermed den institusjonen som – saman med Oslomet –  har utmerka seg med flest prosjekt i denne fyrste søknadsrunda for dette programmet.

Hovudmålet for programmet er ei monaleg og varig auke i talet studentar på tre-årige rammeplanstyrte utdanningar som tek eit utvekslingsopphald i utlandet i studieløpet sitt. 

Felles for alle USN-prosjekta er at dei over ein periode på fem år skal utvikle og freiste tiltak for å auke delen studentar som tek studie- og praksisopphald i utlandet. Målet er å etablere varige strukturar og kultur for mobilitet, og dessutan tilby eit auka læringsutbytte i heilskaplege studieprogram. 

Gjer utveksling sjølvskriven 

For nokre av studieprogramma blir perspektivet på internasjonalisering snudd om, i ein sokalla «opt out»-løysing, noko som inneber at utveksling ikkje lenger er noko studentane melder seg på, men snarare noko dei må melde seg av, viss dei ikkje vil utanlands.

USN sine innvilga prosjekt er retta inn mot bachelorgradsprogram innan barnehagelærarutdanning ingeniørfag, optometri, barnevern og vernepleie. Prosjekta blir støtta med om lag tre millionar kronar kvar. 

Du kan lese meir om kvart einskild prosjekt knytt til HK-dir-programmet «Auka studentmobilitet i tre-årige profesjonsutdanningar» her:

Partnarland i det globale sør

I tillegg fekk USN gjennomslag for fire av elleve søknader til HK-dir-programmet «NORPART», som er finansiert av Kunnskapsdepartementet og Utanriksdepartementet, og støttar langsiktig akademisk samarbeid og gjensidig studentutveksling mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og utvalde partnarland i det globale sør.

Dei fire USN-prosjekta blir støtta med i snitt om lag seks millionar kronar kvar.

Gjennom dei fire NORPART-prosjekta skal USN samarbeide med følgande utdanningsinstitusjonar:

  • Kathmandu University (Nepal)
  • Shahjalal University of Science and Technology (Bangadesh)
  • University of Sri Jayewardenepura (Sri Lanka)
  • University of Havana (Cuba)
  • ARCAS (Guatemala)
  • Defensores de la Naturaleza (Guatemala)
  • San Carlos University (Guatemala)
  • Universidad del Rosario (Colombia)
  • Universidad del Valle de Guatemala (Guatemala) 
  • Bahir Dar University (Etiopia)
  • Jimma University (Etiopia)
  • Kotebe Metropolitan University (Etiopia)
  • Norwegian University of Life Sciences (Norge)