Skuleungdom tok skrivekurs på universitetet

Jasmine, Ailén, Thea, Eline, Dafina, Tilde og Gunhild sit rundt bordet med laptopar
LÆRERIKT: Jasmine, Ailén, Thea, Eline, Dafina, Tilde og Gunhild var glade for å lære kor viktig det er å sjå heilskap og samanhang i ein fagleg tekst. (Foto: Helle Friis Knutzen)

– Eg fekk myke nyttig informasjon som eg skal ta med meg vidare i utdanninga mi, fortel ein av elevane på Bø vidaregåande skule etter å ha vore med på akademisk skrivekurs på USN. 

Dette året har Bø vidaregåande skule jobba med skriving i alle fag, og det var skulen som tok kontakt med USN for å fleske til med eit realt kompetanseløft for elevane sine.

Det akademiske skrivekurset kom i stand som ein del av prosjektet Desentralisert ordning for kompetanseutvikling (DeKomp), som er ei nasjonal tilskotsordning.

Innanfor DeKomp-samarbeidet kan alle vidaregåande skular i Vestfold og Telemark be om rettleiing frå USN.

Kompetanseheving rett til elevane

Som oftast er det lærarar eller skuleleiing som får DeKomp-rettleiinga gjennom kurs eller anna som kan bidra til kompetanseutvikling. Denne gongen ønskte lærarane på Bø VGS at kompetansehevinga skulle gå rett til elevane gjennom ein akademisk skrivedag på universitetet.

Universitetslektor i norsk Evy Beate Stykket organiserte dagen slik at elevane fekk undervisning frå ei rekkje førelesarar innan ulike fag som motivasjon, entreprenørskap, natur- og miljøforvalting, norsk og lærarutdanning:

Elevar frå Bø videregåande sit i ein sofa med berbare datamaskinar i fanga. FotoFørebudd på studentlivet

Her er nokre døme på kva elevane skreiv i evalueringane sine:

  • Mykje relevant info! Fint å sjå korleis universitetet har «standarden».
  • Lærte meir om skriving og vart meir førebudde på kva vi har i møte når vi skal starte å studere.
  • Fin plass og trivelege lærarar.
  • Det viktigaste eg lærte var å gje ein tekst samanheng, og kor viktig det er å lage ein god disposisjon.
  • Eg lærte mange strategiar om planlegging, skriving og revidering av tekst.

Mange av lærarane deltok òg på skrivedagen.

– Lærarane plukka opp fleire ting dei kan ta med seg tilbake til skulen, både til eiga undervising og profesjonsfellesskapet på skulen, seier initiativtakar og avdelingsleiar for undervising på Bø vidaregåande skule, Mette-Lise Mikalsen.

Tett samspel

Agnete Andersen BueieFørsteamanuensis Agnete Bueie jobbar i lærarutdanninga på USN og er fagleg leiar for DeKomp.

Ho synest det er gjevande å jobbe med noko konkret som oppfyller USNs visjon om regional forankring og tett samspel med samfunn og arbeidsliv.

 – Slike samarbeid gjev meg betre føresetnader for å gjere mi eiga undervising meir relevant. Reint overordna gjev det meg meir innsikt i kva skulane jobbar med og er opptekne av når dei driv skuleutvikling, fortel Bueie.

Ho peiker òg på at det i seg sjølv er verdifullt å bli betre kjend med skular i universitetet sin region, og at tettare band gjer at det lettare dukkar opp idear til nye samarbeidsprosjekt og -område.

På skrivedagen fekk ho sjølv freiste rolla som lærar for elevar i skulen:

 – Det var ei nyttig erfaring, med tanke på at det no er nokre år sidan eg sjølv jobba i skulen, seier Bueie.

I tillegg til denne typen samarbeid har USN inngått eit tettare samarbeid med sju vidaregåande skular i regionen. Dei er utnemnde til såkalla universitetsskular.

 

DeKomp og ReKomp

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling (DeKomp) og Regional ordning for kompetanseutvikling (ReKomp

  •  ei nasjonal satsing for kompetanseutvikling
  • tilskotsordningar med formål om å støtte kollektiv kompetanseutvikling i skular og barnehagar
  • skal støtte skuleeigarars arbeid med kompetanseutviklingstiltak i partnarskap med UH-sektoren

USN og DeKomp

USN har ei rekkje Dekomp-nettverk i regionen. Eitt av desse er på vidaregåande skule-nivå, i samarbeid med Vestfold og Telemark fylkeskommune. Vi er no inne i det treie året av samarbeidet.

Eit viktig prinsipp for ordninga er at kompetanseutviklingstiltak skal vere basert på lokale behov. Då USN inngjekk Dekomp-partnarskap med Vestfold og Telemark Fylkeskommune, skulle nye læreplanar blir innførte i skulane. Kompetanseutviklinga har difor vore knytt til å støtte arbeidet til skulane med å implementere fagfornyinga.

USN har regelmessige møte med representantar frå dei 23 aktuelle skulane. Saman lagar vi tiltaksplanar, evaluerer og justerer kursen ut frå behovet til skulane.