To USN-tilsette nominert til Folkelarm

Gruppa Perleskum
NOMINERT: Gruppa Perleskum er nominert for albumet Tytebæret. Songar til Aasmund Olavsson Vinje. USN-ansatt Unni Boksasp er i midten til venstre. (Foto: Oddleiv Apneseth)

I desember skal årets Folkelarm-prisar delast ut. To musikarar frå USN er nominerte og kan hente heim prisar.

Dei to nominerte er Anne Svånaug Blengsdalen og Unni Boksasp. I tillegg til å vere utøvande musikarar er Blengsdalen professor ved Institutt for kultur, religion og samfunnsfag i Bø, medan Boksasp er førsteamanuensis ved Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk i Rauland.

Feiring av Vinje

Boksasp er medlem av gruppa Perleskum, som i tillegg til henne består av Jorun Marie Kvernberg, Daniel Herskedal og Dag-Filip Roaldsnes. Dei er nominerte i kategorien Open klasse for albumet Tytebæret. Songar til Aasmund Olavsson Vinje.

– Dette er eigentleg eit bestillingsverk til Førde Internasjonale folkemusikkfestival i samband med 200-års jubileet for Vinje i 2018. Oppdraget var at det skulle bli ei barneframsyning, fortel Boksasp.

Alle tekstane er henta frå forfattarskapen til Vinje, og Jorun Marie Kvernberg har skrive all musikken. Dei fire kom i utgangspunktet saman for å lage Tytebæret, men har halde fram å spele saman sidan, og barneframsyninga har utvikla seg til albumet som no er nominert.

– Barneframsyninga hadde premiere sommaren 2018. Så gjorde vi eit trinn to, ein «vaksenkonsert» der vi kan bruke meir av materialet, seier Boksasp.

Sjølve gruppenamnet, Perleskum, er også henta frå forfattarskapen til Vinje.

– Mange av tekstane handlar om at ein både må ha glede og sorg i livet. Ein må ha kjent på gleda for å vite kva sorg er, og ein må ha kjent på sorg for å vite kva glede er. Perleskum er alvoret som kjem opp frå djupet og stig til overflata som eit lett skum, seier Boksasp.

LES OGSÅ: Heile verda på Rauland

– Gjort i takksemd

Anne Svåanaug Blengsdalen er nominert til Folkelarm-prisen 2020.Anne Svånaug Blengsdalen er, saman med musikarkollega Bjørn Laupsa-Borge, nominert i klassen Dokumentasjon for verket Rjukanfossen – slåttar i Tinn-tradisjon, eit dobbeltalbum med musikk frå brørne Gunnar (1902–1988) og Johannes (1890–1980) Dahle frå Tinn. Ho og Laupsa-Borge har begge gått i lære hos Gunnar Dahle.

– Her er det ikkje eg som er utøvar, men brørne. Det er éin CD med Gunnar og éin med Johannes, og ein lang tekst om deira liv og virke, og om bestefar deira Knut Dahle. Han var utruleg viktig i samtida si, og kontakta sjølv Edvard Grieg om slåttane frå Tinn, fortel Blengsdalen.

På oppdrag frå Grieg skreiv den kjende komponisten, dirigenten og fiolinisten Johan Halvorsen ned 17 slåttar etter Knut Dahle. Desse er utgangspunktet for Griegs Slåtter Opus 72.

– Brørne voks opp i Atrå med bestefaren Knut i huset, og dei vakna opp til felespel kvar einaste dag. Eg fekk gå i hardingfelelære hos Gunnar frå 1972 til han døydde i 1988, seier Blengsdalen.

Nominert: Dobbeltalbument Rjukanfossen med musikk frå brødrene Gunnar og Johannes Dahle er nominert til Folkelarm-prisen. Alle opptak av brørne sitt spel er henta frå arkivet til NRK. Det eldste opptaket er frå 1942, og det siste frå 1977. NRK har òg ein dokumentar om Gunnar Dahle i arkivet.

– Ideen bak er å vise det felles musikalske opphavet og den musikalske utviklinga dei to brørne har hatt. Vi meiner at vi gjennom denne måten å setje det saman på viser den musikalske utviklinga hos kvar av dei, og korleis dei utvikla seg musikalsk i kvar si retning, seier Blengsdalen.

Det var ho som introduserte Bjørn Laupsa-Borgen for sin læremeister Gunnar Dahle. Det møtet førte til at Laupsa-Borgen sjølv byrja å gå i lære hos Dahle.

– Vi ville gjere noko til gjengjeld for alt vi fekk, og løfte dei fram og vise kor gode dei begge var på kvar sin måte. Det er gjort i takksemd for alt vi fekk, og i kjærleik til denne tradisjonen som har betydd så mykje for oss og så mange andre, seier Blengsdalen.

Gunnar og Johannes Dahle var også sentrale i framveksten av spellemannslag på Rjukan. Her vart det stifta tre spellemannslag; i 1912, 1921 og i 1945. Blengsdalen og Laupsa-Borgen argumenterer derfor for at Tinn-tradisjonen er ein del av verdsarven på Rjukan.

– Det seier noko om framvekst av organisasjonar og folkemusikken sin plass i verdsarven. Dette var ein del av industriarbeidarane si fritid. Vi meiner og argumenterer for at det er ein immateriell dimensjon ved verdsarven, seier Blengsdalen.

Alternativ prisutdeling

Perleskums Tytebæret vart ferdig innspelt i 2019, og kom ut den første veka av nedstenginga av Noreg i mars. Lansering og turne måtte vente. Rjukanfossen fekk heller ikkje den planlagde lanseringa si i sommar, under Landskappleiken på Rjukan.

– Den har ikkje fått ein lett start, seier Boksasp om Tytebæret. Perleskum har no planlagt ein ny turne i juni neste år.

Fredag 27. november skulle Boksasp og Blengsdalen ha møttest til prisutdelinga i Oslo. FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans, som eig Folkelarm, opplyser om at prisutdelinga må utsetjast til desember grunna smittevern, men at dei vil syte for ei alternativ prisutdeling. Laurdagen 28. november går som planlagt med digitale konsertar gjennom heile dagen.

– Det er mange gode og ein stor klasse, men det er hyggeleg berre å vere nominert, seier Boksasp.

Ho har vunne to prisar tidlegare, medan det for Blengsdalen er første nominasjon.

– Det hadde vore veldig hyggeleg å vinne, men det er veldig gode konkurrentar her, avsluttar ho.

Folkelarm

Folkelarm er ein årleg festival som har som hovudmål å marknadsføre folkemusikkartistar. Artistar frå heile Norden kan søkje om å spele på Folkelarm, og ein jury vel ut artistane.

Folkelarm har sidan starten i 2005 delt ut Folkelarmprisen (Norwegian Folk Music Awards). Prisen blir delt ut til folkemusikkutgjevingar frå det siste året.

I tillegg til konsertane er Folkelarm ein møteplass for norsk og utanlandsk musikkbransje. Dei siste åra har Folkelarm samla internasjonale delegatar frå mange land, og ei stor mengd norske delegatar. Folkelarm arrangerer seminar og workshops, og eigne arrangement tilrettelagde for bransjeaktørane.

Folkelarm er eigd og og administrert av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans.