Fakultet for helse- og sosialvitskap

Fakultet for helse- og sosialvitskap (HS) tilbyr studium innan sjukepleie, vernepleie, barnevern og radiografi. I tillegg har vi landets eineste optikarutdanning.

 

Fakultetet har følgande institutt:

På fakultetet møter du engasjerte fagfolk med lang erfaring som yrkesutøvarar.  Dette gjer at utdanningane våre alltid vil vere relevante for dei utfordringane du møter i arbeidslivet.

I tillegg til profesjonsstudia tilbyr vi ei rekke masterutdanningar, mellom anna anestesi- og intensivsjukepleie, førebyggande arbeid med barn og unge, helsefremmande arbeid, jordmorfag og innan optometri. Vi tilbyr òg ei ph.d.-utdanning i personorientert helsearbeid.  

Etter- og vidareutdanning

Fakultetets oppdragsverksemd er i sterk utvikling. Vi skreddarsyr kurs, studium og forsking i takt med arbeidslivets behov for auka kunnskap. Tilboda utvikles i nær kontakt med arbeidslivet og praksisfeltet.

Forsking

Fakultet for helse- og sosialvitskap har sterke fagmiljø i Drammen, Kongsberg, Porsgrunn og Vestfold. Her drives det omfattande forskingsverksemd, ofte i samarbeid med offentlege institusjonar og næringsliv. Visjonen er at fakultetet skal vere eit framifrå kompetansesenter for helse- og sosialfagleg utdanning, forsking på og formidling av:

  • beste praksis og kunnskap som tar hand om barn og ungdoms utvikling, førebyggande miljø- og aktivitetsarbeid, kommunikasjon og forståing for barnevernsarbeid i eit fleirkulturelt samfunn
  • personsentrert og tverrfagleg helsearbeid med spesielt fokus på primærhelsetenesta
  • kunnskapsbasert praksis i vernepleie i eit tverrprofesjonelt samarbeid som tar vare på menneske med funksjonsnedsettingar generelt, og menneske med utviklingshemming spesielt.

Fakultetet har følgande forskningssenter:

Fakultetet har følgande forskingsgrupper: