– Vi booka Pumpegris i mai i fjor, og sidan har interessa for dei berre eksplodert. Vi er veldig nøgde med å ha fått tak i dei til lille Rauland, seier festivalsjef for Vinterfestivalen, Ingrid Hamberg.
Musikkjournalistar trekkjer partyfolkemusikkbandet fram som eit av dei store namna å følgje med på i 2026. Og då snakkar dei uavhengig av sjanger.
For folkemusikken når stadig breiare publikumsgrupper, kanskje mykje takka vere nyskapande bruk av musikken, som kombinerer moderne rytmar og elektroniske instrument med tradisjonelle tonar.
Fele- og synthspelar i Pumpegris, Trygve Liahagen, fortel at bandet gler seg til konserten.
– Både eg og Astrid (Garmo, bandmedlem) har vore der før og veit kor god stemning det er. På vinterfestivalen er det rom for alle, seier han.
LES OGSÅ: Hele programmet på Vinterfestivalen på Rauland
Breitt og populært
Liahagen stadfestar også at publikumet deira visar ein brei appell. Mens det i starten var mest dei som kjende til folkemusikk frå før som møtte opp, er det no stor variasjon. Det stadfestas også med at Pumpegris vann «Årets stjerneskot» på By:Larm i fjor.
– Det er jo ein pop-pris, så det var overraskande. Det er kult at musikken slår breitt an, sier Liahagen.
– Vi har som mål å bruke tradisjonsmusikk på ein måte som ikkje opplevast fjernt frå resten av lydbilete, men heller blir massert inn på ein måte. Nokon seier at dei ikkje har tenkt på at vi brukar folkemusikk, fordi det opplevast så naturleg i låtane. Det er eit stort kompliment, seier han.
I ein verd der kven som helst kan lage musikk ved hjelp av kunstig intelligens, trur Liahagen at det er naturleg at menneske søkjer mot musikk ein kan høyre kjem frå noko ekte:
– Kjøtt og blod som lagar tonar.
LES OGSÅ: Vinterfestivalen: – En liten juvel!
Treff nye generasjonar
– Dette må kunne kallast ei ny bølgje, meiner Anders Røine, professor ved institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på Universitetet i Sørøst-Norge, campus Rauland.
I tillegg til å forske og undervise, er Røine også musikar og speler mellom anna i det anerkjende bandet Reolô og duoen Suden Dudan.
Sist helg spelte Reolô konsert i Trondheim, og Røine tok med langeleik, gitar og munnharpe vidare til Blodklubb på Riksscenen i Oslo. Begge stadene var salane fulle av ungdom.

– Folkemusikkpublikummet har hatt ein tendens til å vere godt vaksne kulturbrukarar, medan på Blodklubb er det berre unge folk. Slik er det på Rauland òg, sier Røine.
Blodklubb, etablert av Valkyrien Allstars-frontfiguren Tuva Syvertsen, har etablert seg som eit populært klubbkonsept som jamleg byr opp til dans, livemusikk og DJ-ar med folkemusikk. Det er sveitt, uformelt – og har opna opp tradisjonsmusikken for nye grupper.
Denne stemninga kommer også til Vinterfestivalen på Rauland i veke sju.
LES OGSÅ: Blodklubb à la Rauland
Tradisjonar og kok
Vinterfestivalen er ope for alle som vil smake på drivande dansespel, spanande kurs i tradisjonskunst og kokande stemning frå morgon til seint på kveld. Det blir til og med sett opp festivalbussar som køyrer hytteturistar til og frå campus Rauland fredag og laurdag.
På dagtid kan du gå på kurs for å lære å sy din eigen pung av elgøyre. Ellar kva med å lage treski, hestehårkost eller ein krympeboks?

På kveldstid blir det full kok. Laurdagen i år blir et høgdepunkt, med konsert med blant anna Pumpegris.
– Purmpegris er ein del av det vi kallar den nye norske folkemusikkbølga, sa musikkjournalist Frida Friflet i Klassekampen då NRK laga reportasje om det nye musikkåret.
– Eit band alle burde høyre på, sa musikkjournalist i Aftenposten, Robert Hoftun Gjestad, om Pumpegris i same reportasje.
På Blodklubb sist helg spelte Anders Røine på scena i Oslo saman med sin tidlegare langeleikstudent frå USN campus Rauland, Andrea Søgnen.
– Det var vill jubel, plystring og berre unge folk på dansegolvet. Blodklubben har tatt heilt av, fortel Røine, som stadfestar inntrykket av at folkemusikken har auka i popularitet – også blant den yngre generasjonen.
På Vinterfestivalen skal Røine både delta i panelsamtale om folkemusikk, spele konsert med Sudan Dudan og spele opp til dansekonsert.
LES OGSÅ: Møt Raulands nye tradisjonsentusiast
Stor interesse frå utlandet
Festivalen på Rauland tiltrekk seg besøkande frå utlandet kvart år, men i år kjem ein ekstra stor gruppe studentar. Dei skal fordjupe seg i tradisjonelle norske uttrykksformer gjennom eit såkalla «mikroemne», Norwegian Traditional Music Art and Dance Week, forkorta til «TradMad».
– Vi hadde 50 søkjarar til 20 plassar på dette emnet, så det har vore veldig populært, seier festivalsjef Ingrid Hamberg.
Mikroemnet blir tilbudt gjennom USNs europeiske universitetsallianse EDUC – European Digital UniverCity. Utøvande studentar frå Ungarn, Frankrike, Danmark, England og Irland tek turen til Rauland denne veka.

Hambert fortel at studentane vil få korte praktiske innblikk i norsk folkemusikk, tradisjonskunst og folkedans gjennom kurs, forelesing og det sosiale på festivalen.
– Dessutan kan dei sjølvsagt bli med på festane på kvelden og sjå korleis dans og musikk er ein del av det uformelle, seier ho.
