Delprosjekt samhandling mot vald og overgrep mot barn og unge (SAMOT)

USN Profesjon. Eplelogo.

I november 2017 inviterte Kunnskapsdepartementet eit utval av UH-institusjonar til eit seminar med føremål å utveksle erfaringar om tverrfaglege/tverretatlege undervisningsopplegg. USN fekk etter seminaret i oppgåve av KD å følgje opp seminaret.

Delprosjektet SAMOT er eit delprosjekt under USN Profesjon og skal arbeide tverrfagleg med temaet samordning mot vald og overgrep mot barn og unge. Målgruppa her er profesjonsutøvarar, og siktemålet er å finne fram til basiskompetanse/kjernekompetanse som kan vere felles for alle profesjonsutdanningane.

Målet med prosjektet er å utvikle generiske pedagogiske ressursar og nettstøtta undervisningsopplegg for profesjonsutdanningane. Dei pedagogiske ressursane og undervisningsopplegga kan brukast på tvers av studieprogram og i ulike undervisningsopplegg. Desse skal vere tilgjengelege som eksempelsamling og idébank for alle profesjonsutdanningane på grunnutdanningsnivå ved USN. Tanken er at eksempelsamlinga skal bli tatt i bruk av andre utdanningsinstitusjonar nasjonalt.

Det er etablert samarbeid på tvers av profesjonsutdanningane ved USN og med Politihøgskolens fagmiljø i Stavern om temaet.

Nyttige lenkjer