Skal du søkje grunnstudium på grunnlag av realkompetanse?

Om du er 25 år eller eldre det året du søkjer om studieplass, og har praksis og utdanning som er relevant for studiet du ønskjer å søkje på, kan du vere kvalifisert for opptak på grunnlag av realkompetanse. Det er ikkje mogleg å søkje på grunnlag av realkompetanse dersom du allereie har generell studiekompetanse.


Kva er realkompetanse?

Realkompetanse er kunnskapar du har fått gjennom yrkespraksis, ubetalt arbeid, organisasjonsarbeid, utdanning eller på annan måte. Vi vurderer om du har dei naudsynlege faglege føresetnadane for å kunne gjennomføre studiet du søkjer på.

Korleis søkjer du?

Kvart enkelt studium har ein søkjeknapp på nettsida si. For dei fleste grunnstudia tar denne deg til Samordna opptak, der du søkjer på bachelorstudium, årsstudium eller femårige mastergrader. Skal du søkje på slike studium på grunnlag av realkompetanse, er søknadsfristen 1. mars. Hugs å krysse av for realkompetanse i nettsøknaden din. 

Nokre grunnstudium skal ikkje søkjast via Samordna opptak. I desse tilfella tar søkjeknappen deg til Søknadsweb. Her kan du ikkje krysse av for realkompetanse. I staden må du skrive i fritekstfeltet at du søkjer på grunnlag av realkompetanse. 

Du kan ikkje søkje ledige studieplassar på grunnlag av realkompetanse. 

Korleis vurderer vi realkompetansesøkjarar?

Søkjarar som har generell studiekompetanse, får utrekna poengsummen sin basert på karakterar, og blir rangerte etter poengsum. Du som søkjer på grunnlag av realkompetanse, får ingen poengsum, men du blir vurdert jamført med søkjarar med poengsum ved hjelp av ei individuell skjønsvurdering. (Dette er i samsvar med § 7-12 i forskrift om opptak til høgre utdanning.) 

I vurderinga vektlegg vi 

  • karakterar i norsk og engelsk i vidaregåande opplæring, og karakterar i eventuelle tilleggskrav (fagkrav) (om studiet du søkjer på, har tilleggskrav) 

  • kor relevant praksisen din er for studiet du søkjer på, og kor lang relevant praksis du har 

  • di eiga vurdering av fagleg gjennomføringsevne 

Opptakskrav

Alle studieprogramma har krav om norsk (eller anna nordisk språk) og engelsk på nivå med vidaregåande utdanning, og fem år med relevant praksis. Relevant utdanning kan erstatte inntil to år med praksis. Ein del studium har også krav om spesifikke fag.

Om du har utdanning frå land utanfor Norden, må du dokumentere at du oppfyller krava til norsk og engelsk som er gitt i forskrift om opptak til høgre utdanning §2-2.

Nokre studium har spesielle opptakskrav, som for eksempel ingeniørstudium og sjukepleiestudium. Desse krava gjeld også for deg som søkjer på grunnlag av realkompetanse. 

Kva må du laste opp?

  1. Vitnemål, kompetansebevis, kursbevis, sertifikat eller annan dokumentasjon på utdanning.
  2. Dokumentasjon på arbeidspraksis, ulønt arbeid og omsorgsarbeid, fyrstegongsteneste/sivilteneste. Dette kan til dømes vere attest frå arbeidsgivar, skatteetaten eller anna offentleg styresmakt, militært eller sivilt tenestebevis, bustadsattest. Dokumentasjon på arbeidspraksis skal innehalde dato for arbeidsstart, arbeidsslutt og omfang (deltidsprosent, timetal eller liknande). 
  3. Attest på arbeid og tillitsverv i frivillige organisasjonar.
  4. Eigenvurdering og motivasjonsbrev. I vurderinga skriv du kvifor du meiner at du kan gjennomføre studiet. I motivasjonsbrevet skal du forklare kvifor du er motivert for studiet. Søkjer du opptak til fleire studium, må du skrive eit brev og ei vurdering for kvart studium du søkjer på.

Kvar lærestad har egne reglar for kva du må ha av praksis og utdanning for å vere kvalifisert på grunnlag av realkompetanse. Same studium kan difor ha ulike krav frå lærestad til lærestad.