Kva er realkompetanse?
Realkompetanse er kunnskapar du har fått gjennom yrkespraksis, ubetalt arbeid, organisasjonsarbeid, utdanning eller på annan måte. Vi vurderer om du har dei naudsynlege faglege føresetnadane for å kunne gjennomføre studiet du søkjer på.
Korleis søkjer du?
Kvart enkelt studium har ein søkjeknapp på nettsida si. For dei fleste grunnstudia tar denne deg til Samordna opptak, der du søkjer på bachelorstudium, årsstudium eller femårige mastergrader. Skal du søkje på slike studium på grunnlag av realkompetanse, er søknadsfristen 1. mars. Hugs å krysse av for realkompetanse i nettsøknaden din.
Nokre grunnstudium skal ikkje søkjast via Samordna opptak. I desse tilfella tar søkjeknappen deg til Søknadsweb. Her kan du ikkje krysse av for realkompetanse. I staden må du skrive i fritekstfeltet at du søkjer på grunnlag av realkompetanse.
Du kan ikkje søkje ledige studieplassar på grunnlag av realkompetanse.
Slik blir realkompetansesøkjarar vurderte
Søkjarar som har generell studiekompetanse, får utrekna poengsummen sin basert på karakterar. Du som søkjer på grunnlag av realkompetanse får ingen poengsum, men du blir vurdert jamført med søkjarar med poengsum. Vurderinga er ei individuell skjønsvurdering der karakterar frå fag, og relevant praksis (arbeidsoppgåver og varigheit) er vesentleg. Relevant fagbrev, fagskule eller anna tilleggsutdanning tel særleg positivt i vurderinga. Ei reflektert og moden eigenvurdering blir tillagd noko vekt.
Opptakskrava
Du må vere 25 år eller eldre det året du søkjer opptak. Alle studieprogramma har krav om norsk og engelsk på nivå med vidaregåande utdanning. Nordiske språk er likestilte med norsk. Om du har utdanning frå land utanfor Norden, må du fylle krava til norsk og engelsk i samsvar med forskrift om opptak til høgre utdanning §2-2.
Du må ha minimum fem år med relevant praksis. Inntil to år med relevant utdanning kan telje som praksis. Ein del studium har minstekrav om opptak i tillegg til dei krava som hittil er nemnd. Minstekrava er oftast fastsette som fagkrav.
Nokre studium har spesielle opptakskrav som gjeld både for søkjarar med generell studiekompetanse og søkjarar med bakgrunn i realkompetanse. Du finn dei spesielle opptakskrava i tabellen og i Samordna opptak si oversikt over kravkoder til grunnutdanninger.
Har du generell studiekompetanse, kan du ikkje søkje opptak med grunnlag i realkompetanse.