EDUC TESE Days er ei fantastisk moglegheit for ph.d.-studentar i EDUC til å oppdage og utvikle talenta sine for å førebu seg på arbeidslivet. Denne lærerike opplevinga vil hjelpe dei med å legge grunnlaget for si profesjonelle framtoning og framtidige karriere.
Arrangementet framhevar kor viktig internasjonalisering og fleirkulturell utveksling er, og legg til rette for eit europeisk perspektiv blant deltakarane.
Gjennom å samle ph.d.-kandidatar og ekspertar frå ulike kulturelle og akademiske bakgrunnar over heile Europa, skapar vi eit levande miljø for grenseoverskridande samarbeid og kunnskapsdeling.
Det blir òg verkstadar og presentasjonar frå norske selskap på ein eigen «Career Day», som gjer ph.d.-kandidatane høve til å vise fram sitt entreprenørskapstankesett.
Deltakarane får gratis transport til og frå campus Vestfold dag 2, og gratis pitsa på kveldsarrangementet dag 1.
Utvelging:
Det er avgrensa tal på plassar, og vi prioriterer ph.d.-stipendiatar i siste året.
Program og meir info
- Program (.pdf)
- Les meir om EDUC TESE Days 2026 (courses.educalliance.eu)
Påmelding
- Meld deg på via vårt digitale skjema (nettskjema.no)
- Frist 29. mars (kl. 23.59)
Tidligere TESE Days
- Les om TESE Days 2025 på Universitetet i Rennes: Where Research Meets Oppurtunity
- Les om TESE Days 2024 på Universitetet i Cagliari: A Success for Education and Entrepreneurship (educaliance.eu)