Korleis kan europeiske universitetsalliansar samarbeide med arbeidsgivarar, offentlege verksemder og andre samfunnsaktørar for å synleggjere og skape større forståing for kompetansen ph.d.-kandidatar utviklar gjennom forskarutdanninga?
EDUC Policy-Briefing Roundtable nr. 2: Access to Talent
- Dato: 24. september 2026
- Tid: 10.00-12.00
- Format: Digitalt
Påmelding
- Registreringsskjema (nettskjema.no)
Program
Klikk her for fullt program
Velkomst og innleiing
Professor Alessandra Carucci (unica.it), prorektor for internasjonalt samarbeid ved Universitetet i Cagliari
I opninga ser vi nærare på kvifor kompetansen til doktorgradsutdanna i aukande grad blir rekna som ein strategisk ressurs for konkurransekrafta, innovasjonsevna og samfunnsutviklinga i Europa. Deltakarane får også ei innføring i korleis europeiske universitetsalliansar kan knyte universiteta tettare saman med arbeidsgivarar og regionale innovasjonsmiljø.
Hovudinnlegg: Europeiske perspektiv på karrieremoglegheiter for doktorgradsutdanna
Laura Sager (falling-walls.com), direktør for forskartalent og entreprenørskap i Falling Walls Foundation
Doktorgradsutdanna vel stadig fleire ulike karrierevegar, og mange finn arbeid utanfor akademia. Innlegget tek for seg nye utviklingstrekk i arbeidsmarknaden, kva arbeidsgivarane ser etter, overførbar kompetanse, entreprenørskap og tverrfagleg arbeid. Det blir også lagt vekt på det aukande behovet for forskarar som kan arbeide på tvers av sektorar.
Vi spør vidare korleis universitetsalliansane kan samarbeide med næringslivet og offentleg sektor for å førebu ph.d.-kandidatar på ein arbeidsmarknad i endring.
Døme på modellar med suksess: Europeiske universitetsalliansar som arenaer for samarbeid og samskaping
Monica Baar (eui.eu), Dean of Graduate Studies, CIVICA | The European University of Social Sciences (civica.eu)
How can alliances move beyond mobility and become genuine platforms for collaboration between universities and society? This session presents examples of alliance-based initiatives that connects alliances with society through challenge-based learning, innovation projects and collaborative training activities in doctoral education. Participants will gain insight into successful models that support both employability and societal outreach.
Parallelle gruppesamtalar
Rom A: Samskaping med næringslivet
I denne interaktive økta ser vi på korleis samarbeid med næringslivet kan styrkje forskarutdanninga og gi ph.d.-kandidatar fleire karrieremoglegheiter.
Deltakarane skal diskutere ulike samarbeidsmodellar, som felles rettleiing, praksisopphald i næringslivet, prosjekt som tek utgangspunkt i reelle utfordringar, og opplæring utvikla i fellesskap.
Samtalen skal også handle om korleis slike erfaringar kan bli godkjende som ein del av forskarutdanninga, og korleis alliansane kan skape tilbod på tvers av land og institusjonar, i ein skala som kvart universitet ikkje kan få til åleine.
Ordstyrar: Michela Loi (unica.it), førsteamanuensis ved Universitetet i Cagliari
- Carla Albrecht, EuroTeq
- Even Zimmer, Zimmer & Peacock
- Csenge Tóth, PhD student, University of Pécs
Rom B: Offentleg sektor og samfunnsinnovasjon
Ph.d.-kandidatar bidreg i aukande grad til å løyse komplekse samfunnsutfordringar innan mellom anna offentleg forvaltning, politikkutvikling, helse, berekraft og kultur.
I denne økta utforskar vi korleis universitet og universitetsalliansar kan styrkje samarbeidet med kommunar, statlege verksemder, frivillige organisasjonar og andre samfunnsaktørar. Deltakarane skal diskutere kompetanseutvikling, arbeidslivsbasert læring og korleis ein kan byggje varige samarbeid på tvers av regionar og land.
Ordstyrar: Rebeca Schumacher (usn.no), seniorrådgivar ved avdeling for forsking, innovasjon og bibliotek ved Universitetet i Søraust-Noreg
- Dr. Monika Baar, CIVICA
- Catherine Roudé, PhD, ADOC Talent mangement
- Miriam Salvador Brenchat, PhD student, Jaume I University
Panelsamtale i plenum
Med utgangspunkt i gruppesamtalane skal panelet drøfte korleis forskarutdanninga kan møte behova i arbeidsmarknaden utan at det går på kostnad av kvaliteten i forskinga.
Paneldeltakarane skal diskutere korleis arbeidsgivarar kan vere med og utvikle forskarutdanninga, korleis universitetsalliansane kan styrkje innovasjon og entreprenørskap, og kva som må til for å gi doktorgradsutdanna fleire moglegheiter i Europa.
Publikum blir inviterte til å delta i samtalen.
Paneldeltakarar:
- Moderator: Mercè Correa Sanz (uji.es), Jaume I University
- Miriam Salvador Brenchat (uji.es), ph.d.-student i sosiologi på Jaume I Universtiy
- Catherine Roudé (adoc-tm.com), ph.d. og opplæringsansvarleg i ADOC Talent Management
- Dr. Monika Baar (eui.eu), dekan for forskarutdanninga i CIVICA European University Alliance
- Carla Albrecht-Hengerer (international.tum.de), seniorstrateg for internasjonalt samarbeid i EuroTeQ Engineering University (euroteq.eurotech-universities.eu)
- Even Zimmer, administrerande direktør i Zimmer & Peacock (zimmerpeacock.com)
Arrangementet blir avslutta med ei oppsummering av dei viktigaste poenga frå hovudinnlegget, panelsamtalen og gruppesamtalane. Vi legg særleg vekt på å formulere praktiske tilrådingar til universitetsalliansar, universitet og eksterne samarbeidspartnarar som ønskjer å styrkje karrieremoglegheitene for doktorgradsutdanna.
Strukturelle og systemiske utfordringer
Analysar frå European Higher Education Sector Observatory viser at utfordringane med å ta kompetansen til doktorgradsutdanna i bruk i arbeidslivet, er både strukturelle og systemiske. Varige endringar krev langsiktig samarbeid, felles strategiar og tydeleg forankring i institusjonane.
Europeiske universitetsalliansar gir eit godt rammeverk for å utvikle felles opplæringstilbod for ph.d.-kandidatar. Alliansane kan også leggje til rette for mobilitet mellom akademia og andre delar av arbeidslivet, styrkje overførbar kompetanse, byggje nettverk av arbeidsgivarar og utvikle felles rammeverk for kompetanse. Slik kan dei europeske universitetsalliansane bidra til at kompetansen til doktorgradsutdanna blir betre forstått og verdsett på heile kontinentet.
Meir om arrangementet
Karrieremoglegheitene for doktorgradsutdanna og mobiliteten blant forskarar har fått stadig større merksemd i europeisk forskings- og innovasjonspolitikk. Europeiske universitetsalliansar står i ei særleg god stilling til å styrkje banda mellom forskarutdanninga, næringslivet, offentleg sektor og sivilsamfunnet.
Rundebordsmøtet Access to Talent skal utforske korleis europeiske universitetsalliansar kan gi ph.d.-kandidatar betre karrieremoglegheiter, bidra til at kompetansen deira blir verdsett også utanfor akademia, og styrkje innovasjonsmiljø i heile Europa.
Arrangementet byggjer vidare på tiltak som allereie er utvikla i EDUC. Målet er å finne fram til korleis alliansen i framtida kan arbeide meir samla med karriereutvikling for ph.d.-kandidatar.
Dette er ei oppfølging av EDUC Roundtable Policy-Briefing No. 1, som handla om samarbeid mellom europeiske universitetsalliansar og vidaregåande opplæring. Sjå ressursane frå arrangementet, og les den tilhøyrande politikkanbefalinga (policy brief): Enhancing European University Alliances’ Collaboration with Upper Secondary Schools (.pdf).
Forventa resultat
Arrangementet skal munne ut i ei politikkanbefaling (policy brief) til alliansar om korleis dei kan vidareutvikle karrieretilbodet for ph.d.-kandidatar og skape varige resultat.
Hovudmålgruppe
- universitetsleiingar og koordinatorar i EDUC og andre europeiske universitetsalliansar
- representantar for næringslivet, offentleg sektor, frivillige organisasjonar og sivilsamfunnet
- ph.d.-kandidatar, postdoktorar og forskarskular
- representantar for nasjonale departement og EU-kommisjonen, til dømes DG EAC og DG RTD
Mål for arrangementet
- vise korleis universitetsalliansane, i samarbeid med arbeids- og samfunnslivet, kan styrkje den overførbare kompetansen til ph.d.-kandidatane og førebu dei på ein breiare arbeidsmarknad. EDUC har allereie fleire relevante tiltak, mellom anna TESE Days, IEM-kurset, kurs i overførbare ferdigheiter, praksisopphald og nettverksbygging
- presentere døme på korleis europeiske universitetsalliansar samarbeider med næringslivet og offentleg sektor om forskarutdanning
- identifisere kva som hindrar slikt samarbeid, kva moglegheiter som finst, og korleis samarbeidet kan utviklast på alliansenivå
- utforske korleis EDUC kan samarbeide tettare med arbeids- og samfunnslivet for å styrkje karrieremoglegheitene for doktorgradsutdanna
- leggje til rette for dialog mellom styresmakter, arbeidsgivarar, universitet og ph.d.-kandidatar
- utarbeide konkrete tilrådingar som kan styrkje samspelet mellom kandidatane, universiteta og arbeidslivet, både i og utanfor alliansane
Bakgrunn
Karrieremoglegheitene for doktorgradsutdanna og mobiliteten blant forskarar står sentralt i Horisont Europa, nasjonale forskingsstrategiar og arbeidet med målretta innovasjon. Europeiske universitetsalliansar har utvikla seg til langsiktige samarbeidsstrukturar som kan påverke forskarutdanninga og byggje bruer mellom akademia, næringslivet og offentleg sektor.
EDUC har allereie prøvd ut fleire tiltak innan forskarutdanning, overførbar kompetanse og samarbeid med arbeidsgivarar. Access to Talent skal samle og vidareutvikle dette arbeidet, løfte fram gode døme og bidra til ein felles strategi for karriereutvikling og samarbeid med arbeidslivet på tvers av alliansen.
Relevant litteratur
- EHESO report: Universities in innovation ecosystems and the role of the European Universities alliances (2025) (op.europa.eu)
Kort sammendrag på engelsk
Alliances as vehicles for systemic transformation
The European Higher Education Sector Observatory (EHESO) highlights that challenges around Phd employability are structural and systemic. Responses must go beyond isolated courses, pilots or institutions and sustainable impact requires institutional cooperation, critical mass and stability.
This framing directly aligns with the European University Alliances model, which is explicitly designed to:
- Operate at institutional rather than project level
- enable long-term transformation across universities
- support shared governance, strategies, and learning ecosystems
European University Alliances are implicitly positioned as: the appropriate scale for doctoral reform mechanisms to embed employability into university structures and platforms where reform can outlive individual funding cycles. Doctoral employability is framed as an ecosystem-level challenge precisely at the level at which European University Alliances operate.
Joint doctoral training across borders and sectors
The report emphasises the need for diverse career pathways for PhD holders, cross-sector exposure (industry, public sector, civil society) and internationalisation as a quality enhancer, not an add-on. European University Alliances are uniquely suited to co-design joint doctoral skills frameworks, enable cross-border doctoral mobility (short, blended, or longitudinal) and connect universities to regional and international ecosystems simultaneously
The emphasis on joint competence definitions, shared curricula models and embedded mobility mirrors core EUA features such as joint educational offers, alliance-wide mobility formats (incl. BIPs) and common competence and recognitions approaches. EHESO’s vision of doctoral education assumes permanent, structured European cooperation; a defining feature of European University Alliances.
Career development and employability as collective responsibility
EHESO strongly reframes employability as an institutional responsibility (not an individual deficit), something that must be supported systematically and early and a shared task involving supervisors, services and leadership. European University Alliances provide shared career development frameworks for doctoral candidates, cross-institutional training for supervisors and professional staff and alliance-wide alumni and employer networks.
The cultural change EHESO calls for requires communities of practice across institutions, something EUAs are structurally designed to host.
Recognition of PhD skills beyond academia (European labour market dimension)
The report highlights poor recognition of PhD skills outside academia, need for shared competence language and the importance of making doctoral skills legible to employers
European University Alliances operate across multiple national labour markets, act as intermediaries between academia and society and can standardise how doctoral skills are described, assessed and communicated.
EHESO pushes toward competence frameworks, transferable skills visibility and employer engagement maps directly to alliances’ capacity to align doctoral profiles across Europe, pilot Europass/micro-credential use for doctoral skills and engage employers at scale.
The European dimension of employability highglighted in the report presupposes transnational structures, exactly what European University Alliances are.
Long-term European added value and policy coherence
The report consistently links doctoral reform to Europe’s competitiveness, innovation capacity and return on public investment in research training.
European University Alliances connect education, research and innovation missions, create long-term European added value and bridge Erasmus+, Horizon Europe and national systems
The documents call for coherence across funding instruments, knowledge circulation between policy and practice and sustained reform trajectories.
- European Commission: Report on the outcomes and transformational potential of the European University Alliances (2025) (education.ec.europa.eu)
- European Commission: The Entrepreneurship competence framework (2016) (ec.europa.eu/)

