Knyter saman forskingsmiljøa våre

VERKSTAD: Pai Lu og Knut Eilif Aasmundtveit gjev ein demonstrasjon til gjestar under KES-verkstaden på campus Vestfold i 2025. (Foto: USN)

Rundt 30 kjernefasilitetar for forsking ved våre universitet deltek for tida i Knowledge Exchange Scheme (KES), ein del av EDUC-WIDE, der teknisk personale og forskarar finn saman for å dele ekspertise og skape innovasjon.

Kva om deling av labprotokollar, verktøy og daglege utfordringar kan vere gnisten som utløyser Europas neste store forskingsgjennombrot?

Det er nettopp ideen bak Knowledge Exchange Scheme (KES), ein del av EDUC-WIDE, der teknisk personale og forskarar frå universitet over heile Europa går saman for å dele ekspertise – og skape innovasjon.

Les meir om EDUC-WIDE:

Sjølv om samarbeid i forsking ikkje er noko nytt, går tilnærminga til KES djupare. I staden for berre å skrive artiklar saman eller dele data, fokuserer ordninga på å dele korleis forskinga faktisk blir utført – teknikkar, instrument, protokollar og praksisar – gjennom direkte, praktisk engasjement.

Initiativet rettar seg mot kjernefasilitetar (Core Facilities – CF) og forskingsinfrastruktur (Research Infrastrucure – RI), dei ofte lite synlege laboratoriane somdriv alt frå genomikk til digital humaniora.

Eit nettverk bygd rundt seks tema

Gjennom KES har forskarar organisert seg sjølve rundt seks vitskaplege felt, som dekkjer både livsvitskapane og samfunnsvitskapane og humaniora:

  • digital humaniora
  • elektronmikroskopi
  • genomikk og bioinformatikk
  • demografi og sosiologi
  • mikro- og nanoteknologi
  • molekylær analyse

Rundt 30 kjernefasilitetar deltek for tida, med sterk støtte frå heile EDUC-alliansen. Masaryk Universitet (Tsjekkia) er ein leiande aktør, engasjert i alle seks områda. Andre, som Universitetet i Cagliari (Italia) og den tilknytta partnaren Universitetet i Rennes (Frankrike), er også aktive innan fleire felt – opg alle partnaruniversiteta bidreg med sine eigne styrkar og interesser.

Frå teori til praksis

I mai 2025 vart det gjennomført to store verkstadar – ein i Ungarn og ein i Noreg – som illustrerer KES-programmet sin ånd.

Ved Universitetet i Pécs vart det arrangert ein to-dagars verkstad i genomikk og bioinformatikk, der forskarar frå Ungarn, Italia, Ukraina, Noreg og Tsjekkia møttest. Hendinga, som fann stad ved Szentágothai János forskingssenter, fokuserte på praktiske utfordringar og løysingar: korleis genomikklaboratorium organiserer teama sine, handterer data og sikrar prøvesporing ved hjelp av Laboratory Information Management Systems (LIMS).

Deltakarane fekk omvising ved det ungarske senteret for genomikk og bioinformatikk, lærte om PRECISEMED-prosjektet innan genomikk og biostatistikk, og utforska moglegheiter for å skape eit tematisk samarbeid på tvers av partnarinstitusjonane. Diskusjonane inkluderte sensitive tema som datavern, opplæring av personale og økonomisk berekraft – utfordringar som påverkar alle laboratorium, uavhengig av land.

Samtidig arrangerte Institutt for mikrosystem på USN campus Vestfold ein verkstad om mikro- og nanoteknologi.

Eit av høgdepunkta var Liliia Turovska, førsteamanuensis ved Vasyl Stefanyk Carpathian National University (Ukraina), som presenterte universitetet sitt PNU-NanoLab og arbeidet deira innan nanomateriale for energi og biomedisin.

Deltakarane delte beste praksisar for trygg handtering av nanomateriale, samanlikna karakteriseringsteknikkar og fekk omvising i USN sine mikro- og nanofabrikasjonlaboratorium, som er ein del av NorFab-nettverket. Desse samtalane danna grunnlaget for framtidige felles forskingsprosjekt, utveksling av studentar og tilsette, og deling av infrastruktur.

Korfor det er viktig

Sjølv om verkstadane er viktige læringsmoglegheiter, er den breiare påverknaden strategisk. Ved å oppmuntre institusjonar til å sjå innover – på eigne ressursar og kapasitetar – og utover – på korleis dei kan utfylle kvarandre – styrkar KES forskingsøkosystemet i det europeiske forskingsområdet (ERA).

For mange av forskarane som deltek, fungerer ordninga også som ein inngangsport til internasjonale nettverk dei tidlegare hadde avgrensa tilgang til. Slik eksponering kan vere transformativ – ikkje berre for laboratoria, men for karrierane til forskarane.

Kva som skjer vidare

Fleire KES-verkstadar er allereie planlagde, og områda held fram med å vekse både i djupne og i deltakarar. Anten det handlar om å diskutere arkiv i digital humaniora eller toppmoderne mikroskopiteknikkar, er bodskapen klar: delt kunnskap er sterkare kunnskap.

EDUC-alliansen viser at innovasjon ikkje alltid krev heilt nye verktøy – det byrjar ofte med å opne labdøra og invitere andre inn.

Les meir om EDUC-WIDE og korleis det styrkar samarbeid på tvers av Europas forskingslandskap: