EDUC Summer School in Critical Methodologies er eit PhD-kurs utvikla på USN i samarbeid med kollegaer i EDUC-alliansen, særleg frå Université Paris Nanterre (UPN) og Universitat Jaume I (UJI). Sommarskulen samla PhD-kandidatar og vitskapleg tilsette frå ei rekkje fagområde for å utforske grunnleggjande spørsmål om forskingspraksis.
Sommarskulen samla deltakarar på tvers av fag, land og universitet. Målet var ikkje berre å lære nye metodar, men å opne eit felles rom for å tenkje kritisk om korleis kunnskap blir skapt, delt og gjort ansvarleg.

- Les også refleksjonar frå studentar: Framtidens forskere om forskningens framtid
Kan de presentere dykk og fortelje korleis den faglege bakgrunnen dykkar er relevant for sommarskulen?
Gabriela Mezzanotti
Tilsettprofil: Gabriela Mezzanotti – Universitetet i Søraust-Noreg
Eg er medleiar for forskingsgruppa Menneskerettar og mangfald. Eg arbeider i skjeringspunktet mellom samfunnsvitskap og humaniora, og forskinga mi spenner over juss, sosiologi og politisk analyse.
Ved sida av det akademiske arbeidet er eg utdanna jurist med advokatløyve. Eg har også drive med påverknadsarbeid i mellomstatlege og ikkje-statlege samanhengar.
I arbeidet mitt nyttar eg kritiske tilnærmingar til menneskerettar og sosial rettferd. Eg er særleg oppteken av korleis desse blir forma av materielle vilkår og utbyttingsrelasjonar, og av dei relasjonelle og diskursive prosessane som skaper ulikskap og pregar korleis han blir opplevd.
Forskinga mi byggjer på studiar på fleire stader i Europa og Amerika og tek for seg både mobilitet og immobilitet. Dette omfattar mellom anna internering, grense- og returpraksis og ulike former for fordriving.
Eg har publisert ei rekkje arbeid på både engelsk og portugisisk, også innan internasjonal rett. Sidan 2018 har eg, ofte i samarbeid med andre, utvikla forsking på internering av menneske i rørsle og interneringsindustrien, kriminalisering av humanitær hjelp, transnasjonal (im)mobilitet blant urfolk og interseksjonell usynleggjering, vern av flyktningar og returpolitikk. Eg har også arbeidd med rasialisering av menneskerettar og med diskriminering, undertrykking og menneskerettsbrot i migrasjonsforvaltninga. Publikasjonane mine tek dessutan opp vald i byrom og statleg praksis, politiske og religiøse diskursar og spørsmål om anerkjenning og rettferd i institusjonelle samanhengar. Andre tema er pluriversalitet, artivisme, menneskerettsundervisning, kritikk av monokulturelle akademiske strukturar og, i nyare arbeid, omstilling og postutvikling.
På tvers av desse områda undersøkjer eg korleis lover og politiske ordningar verkar på ulike stader, og korleis dei held ved lag og legitimerer ulikskap og utbytting. Dette heng tett saman med korleis kunnskap blir produsert: Kven sine erfaringar blir anerkjende og sette i sentrum, kven sine blir underordna, og korleis blir desse skilja stadig utfordra? Desse perspektiva pregar også arbeidet mitt med politikk. Eg ser på korleis problem blir framstilte, kvifor enkelte spørsmål får merksemd, og korleis slike forståingsrammer kan problematiserast og arbeidast om for å gi rom for andre måtar å skape kunnskap og ta ansvar for endring på. Samstundes er eg oppteken av korleis desse prosessane blir opplevde og tolka av menneske som lever med mobilitet og immobilitet, og av korleis dei som blir utsette for frårøving og utbytting, held fram med å yte motstand.
Desse perspektiva låg også til grunn for bidraget mitt til PhD-kurset Critical Methodologies. Der arbeidde eg saman med studentane med korleis forskingsproblem blir formulerte, og korleis kategoriar og metodiske val avgjer kva som blir synleg i prosjekta deira. Vi utforska også korleis tilnærmingar som poststrukturell politikkanalyse, trans-Indigenous-perspektiv og pluriversale perspektiv kan gi forskinga ei ny retning. Dette blei knytt til mobilitet og immobilitet og til dei vidare makt- og kunnskapsrelasjonane som formar desse og andre former for forsking.
Åsne Håndlykken-Luz
Tilsettprofil: Åsne Håndlykken-Luz – Universitetet i Søraust-Noreg
Eg er førsteamanuensis ved Institutt for kultur, religion og samfunnsfag ved Universitetet i Søraust-Noreg. Der underviser eg på masterprogrammet i menneskerettar og fleirkulturalitet og leier det strategiske satsingsområdet Demokrati, samfunnsorganisering og styring.
Eg forskar på bykultur og politikk, med særleg vekt på korleis kvardagslivet utfaldar seg i område prega av vald, kontroll over rom og av at staten er til stades på ulike og ujamne måtar. Forskinga mi tek utgangspunkt i arbeidet mitt i favelaer i Rio de Janeiro, der eg undersøkjer korleis «pasifiseringspolitikk» og militarisering av byrom blir gjennomført i praksis. Eg har sett på korleis slike inngrep blir opplevde i kvardagen, mellom anna korleis politiarbeid, rasialisering og sosioromleg kontroll blir forhandla gjennom dei daglege møta innbyggjarane har med stader og styresmakter.
I publikasjonane mine viser eg korleis tiltak som blir presenterte som forsøk på å skape orden og tryggleik, kan opplevast som vedvarande kontroll og vald – også det innbyggjarane sjølve omtalar som eit «løyve til å drepe». Eg undersøkjer korleis denne dynamikken kjem til uttrykk gjennom fordriving, avgrensingar og kontinuerlege forhandlingar. Eit sentralt utgangspunkt har vore erfaringane til menneske som bur i «pasifiserte» favelaer, og korleis vald, styring og kvardagsliv møtest i romlege og kroppslege relasjonar. Dette forskingssporet omfattar også kulturarv, politisk minne og sosial rettferd, særleg kvinnene som organiserer seg i favelaene. Eg ser på korleis den kollektive kampen deira for minne og stad bidreg til å halde oppe alternative former for nærvær og kontinuitet.
Ein sentral del av arbeidet mitt har vore å utvikle deltakingsbaserte, multisensoriske og kroppslege tilnærmingar. Her blir kunnskap skapt i møte med lyd, rom, bilete og rørsle. Dette perspektivet pregar også undervisninga mi på masterprogrammet i menneskerettar og fleirkulturalitet. Der er metodisk refleksjon tett knytt til situert engasjement, sansing og korleis forskinga står i forhold til samanhengane ho spring ut av. Den same innretninga forma bidraget mitt til PhD-kurset Critical Methodologies. Der arbeidde eg med studentane om korleis multisensoriske og kroppslege arbeidsmåtar kan gi forskingspraksisen ei ny retning og la andre sider ved materialet tre fram gjennom merksemd på rom og sanseerfaringar.
Eg har tidlegare hatt akademiske stillingar ved Universidade de Lisboa, ISCTE, Universitetet i Bergamo og Universidade Federal Fluminense.
Kva var formålet med sommarskulen?
– Sommarskulen Critical Methodologies voks fram gjennom eit langvarig samarbeid med Gabriela Mezzanotti og dei svært inspirerande samtalane vi hadde då vi utvikla EDUC-modulen Gender Methodologies. Ideen oppstod først i forskingsgruppa Menneskerettar og mangfald og blei seinare vidareutvikla gjennom EDUC. Heilt frå starten handla det om å skape eit felles rom der vi kunne tenkje nytt om korleis vi utviklar kunnskap saman, seier Åsne Håndlykken-Luz.
– PhD-skulen byggjer også vidare på PhD-kurset Critical Theories and Narratives, som vi koordinerer. Det er eit kurs på 5 studiepoeng i PhD-programmet i humaniora, idretts- og utdanningsvitskap. Her går vi i djupna på sentrale omgrep og faglege diskusjonar innan kritisk teori og ser dei i samanheng med forteljingar, makt og kunnskapsproduksjon. Critical Methodologies fører dette arbeidet vidare, men flyttar merksemda frå det teoretiske grunnlaget til korleis perspektiva kan takast i bruk og arbeidast vidare med i forskingspraksis. Vi ønskte å stille spørsmål ved sider ved forskinga som ofte blir tekne for gitt. Målet var å rette merksemda mot korleis dei ulike forskingsfelta til studentane definerer kva som blir rekna som «sentrale» metodar, og kva desse metodane gjer synleg eller usynleg. Vi var særleg opptekne av korleis kategoriar og metodar formar forskingsproblema, og korleis vi kan tenkje nytt om deltaking, forfattarskap og ansvar – utover former for kunnskapsproduksjon som hentar ut kunnskap utan å gi noko tilbake. Det har vore ei stor glede å utvikle dette saman med Åsne. Eg meiner kurset speglar dei feministiske, relasjonelle og kritiske perspektiva vi byggjer arbeidet vårt med utdanning og forsking på, seier Gabriela Mezzanotti.
Kven samarbeidde de med om sommarskulen?
– Kurset blei arrangert ved USN i samarbeid med kollegaer i EDUC-alliansen, særleg frå Université Paris Nanterre og Universitat Jaume I. Samarbeidet førte saman ulike faglege tradisjonar og forventningar og opna nye moglegheiter for vidare samarbeid, seier Åsne Håndlykken-Luz.
Korleis valde de aktivitetane og sette saman programmet?
– Vi utforma PhD-sommarskulen som ein stad for å utvikle kritisk medvit. Heile kurset bygde på å gi studentane rom til å reflektere over korleis metodiske val set grenser for kva det er mogleg å vite, kven som får kome til orde, og kva former kunnskapen kan sirkulere i. Vi ønskte å vise korleis metodeval heng saman med konkrete arbeidsvilkår, tilgang, institusjonelle krav og maktrelasjonar. Studentane fekk utforske relasjonelle, kroppslege, feministiske og fellesskapsbaserte tilnærmingar. Vi arbeidde også med relasjonalitet, delt forfattarskap med lokalsamfunn og formidlingsmåtar som går utover akademiske publikasjonar og fører kunnskapen tilbake til samanhengane han kjem frå. Slik blei studentane oppmoda til å utvide det metodiske førestillingsrommet sitt, seier Gabriela Mezzanotti.
– Vi behandla ikkje kolonialitet, kjønna og rasialiserte strukturar og kunnskapsformer frå urfolk som skilde tema, men som grunnleggjande vilkår som formar både forskingsprosessen og resultata. Programmet blei derfor lagt opp slik at studentane kunne veksle mellom ulike arbeidsformer, mellom anna førelesingar, seminar, arbeidsverkstader og feltarbeid. Målet var å halde oss tett på korleis kunnskap faktisk blir skapt. Studentane blei oppmoda til å undersøkje korleis deira eigne prosjekt inngår i desse prosessane, og korleis dei plasserer seg i forhold til menneska og samanhengane dei forskar på, seier Åsne Håndlykken-Luz.
– Noko av det mest verdifulle ved kurset var at det førte saman kollegaer og studentar frå mellom anna utdanning, religion, musikk, kunst, juss, sosiologi, filosofi, antropologi, språk, kjønnsstudiar, menneskerettar, miljøstudiar, ingeniørfag og til og med medisin. Det gjorde det lettare å sjå korleis fagtradisjonane påverkar både kva spørsmål vi kan stille, og vilkåra for å skape kunnskap. Tverrfagleg arbeid handla derfor om å arbeide seg gjennom brytningane, grensene og moglegheitene som oppstår når ulike kunnskapstradisjonar møtest, seier Gabriela Mezzanotti.
Kva augeblikk hugsar de best?
– Det eg hugsar best, er dei små stundene då eg kunne sjå at studentane endra måten dei nærma seg si eiga forsking på. Eit spørsmål kunne bli vurdert på nytt med eit kritisk blikk, eller ei oppfatning som tidlegare var teken for gitt, var ikkje lenger like sjølvsagd. I slike augeblikk kunne studentane sjå tydelegare kva vilkår og relasjonar som hadde halde desse oppfatningane oppe. Samstundes opna det rom for andre måtar å skape kunnskap og gå inn i forskinga på. Det var også slåande å sjå korleis vi, trass i svært ulike faglege bakgrunnar, fann eit felles språk. Vi delte ei merksemd på korleis materielle vilkår og ulike former for ulikskap som verkar saman, formar kampane i samtida – og korleis ulikskapen blir vidareført gjennom det som blir anerkjent, verdsett og følgt opp, seier Gabriela Mezzanotti.
– For meg var minifeltarbeidet eit av høgdepunkta. Her fekk studentane prøve forskingsmetodar som kunne omfatte lyd, rom, bilete og kroppslege erfaringar. Feltarbeidet gav dei høve til å utfordre meir tilvande arbeidsmåtar. I mange tilfelle fekk det studentane til å reflektere over eiga forsking og sjå henne på nye måtar. Dei måtte vurdere på nytt kva som kan reknast som data, og korleis deira eiga plassering påverkar kva dei er i stand til å oppfatte. Det opna også for kunnskapsformer som ofte blir oversette, og gjorde det mogleg å møte samanhengane dei arbeidde i, på ein meir kritisk måte, seier Åsne Håndlykken-Luz.
Skjedde det noko uventa som de sette særleg pris på?
– Det som overraska meg mest, var kor sterkt prosjekt frå fag som ingeniørvitskap og medisin engasjerte seg i spørsmål som ligg i kjernen av vilkåra vi lever under. Dette var svært tekniske og praksisnære prosjekt, men dei var samstundes tett knytte til større spørsmål om tilgang, omsorg og skeiv fordeling av ressursar og moglegheiter. Det var slåande å sjå at studentane ikkje berre løyste konkrete problem. På mange måtar arbeidde dei også der dei eksisterande systema kjem til kort, med behov som oppstår nettopp på grunn av desse vilkåra. Det gav samtalane større djupn fordi dei metodiske refleksjonane blei knytte direkte til materielle realitetar og til tiltak som både er praktiske og politiske, seier Gabriela Mezzanotti.
– Eg blei overraska over kor raskt studentane blei opne for å eksperimentere med kunnskapsformer og metodar dei ikkje var vane med. Meir relasjonelle tilnærmingar kravde ofte at dei gjekk ut av tilvande tankemønster og bort frå å bruke metodar etter ei fast oppskrift. Det var interessant å sjå korleis dei reflekterte over måtar å bruke det dei lærte på, som var betre tilpassa situasjonen og meir lydhøyre for samanhengen, seier Åsne Håndlykken-Luz.
Lærte de noko av studentane og dei andre undervisarane?
– Ja, absolutt. Det blei tydeleg kor tett metodeval, teoretiske forståingsrammer og sjølve oppfatninga av kva som er eit relevant spørsmål, heng saman med institusjonelle forventningar og former for anerkjenning. Samtalane synleggjorde kor ujamt kunnskap blir produsert og halden ved lag, og korleis dette framleis påverkar kva som kan seiast, bli høyrt og førast vidare i akademia. Eg opplevde også at samarbeidet mellom oss fungerte svært godt. Eg sette stor pris på å kunne arbeide med kollegaer ved USN og dei andre EDUC-universiteta. Utvekslinga, samtalane og kontaktane som lever vidare etter kurset, er svært verdifulle, seier Gabriela Mezzanotti.
– Ja. Det blei tydeleg korleis bestemte faglege og institusjonelle vilkår påverkar kven som kan delta i å skape kunnskap, og på kva premiss. Slik viste diskusjonane våre korleis koloniale kunnskapsstrukturar framleis blir haldne ved lag, seier Åsne Håndlykken-Luz.
Kva kjem de til å hugse frå sommarskulen?
– Eg kjem til å hugse gleda over at vi skapte eit felles rom som kan føre til meiningsfull endring. Samtalane våre var forankra i kritisk refleksjon og ansvarskjensle, og vi tok på alvor behovet for å endre vilkåra som formar samtida vår. Samstundes gjorde vi håpet til ein felles praksis og ein del av ein vedvarande kollektiv kamp, seier Gabriela Mezzanotti.
– Eg kjem til å hugse korleis vi nærma oss spørsmåla gjennom det vi kunne leggje merke til, sanse og møte på ein konkret stad. Det gav arbeidet ein annan rytme. Vi senka tempoet og gav plass til sider som ofte blir oversette, slik at dei kunne bli ein del av måten vi forstod og arbeidde med forskinga vår på, seier Åsne Håndlykken-Luz.
Kva betydde det for kurset å samle studentar frå ulike fagområde?
– Det var heilt sentralt. Dei samfunnskampane vi arbeider med gjennom kritisk forsking, følgjer ikkje faggrensene. Dei spring ut av breiare, samverkande former for ulikskap. Når vi arbeider på tvers av fag, blir det tydelegare korleis kunnskapen blir forma av faggrensene, kvifor enkelte tilnærmingar blir dominerande, og kvifor andre blir usynlege. Tverrfagleg arbeid handla derfor ikkje berre om å samle ulike perspektiv, men om å skape eit rom der vi kunne utfordre vilkåra som framleis formar både forskinga og problema ho prøver å møte, seier Gabriela Mezzanotti.
Vil de oppmode fleire studentar til å delta i EDUC-aktivitetar?
– Ja. Slike arenaer opnar for former for deltaking og samhandling som ofte er rikare enn dei meir tradisjonelle akademiske formata, seier Åsne Håndlykken-Luz.
Vil de tilrå å organisere fleire samarbeidsaktivitetar gjennom EDUC?
– Ja. EDUC kan vere ein svært lovande arena for samarbeid mellom studentar og vitskapleg tilsette, seier Åsne Håndlykken-Luz.
Er det noko de ville ha gjort annleis neste gong?
– Vi kunne nok ha sett av endå meir tid til å arbeide tett med materialet til studentane, seier Åsne Håndlykken-Luz.
– Kanskje vi skal utvikle Critical Methodology Part I og II? Eller kanskje eit heilt nytt tverrfagleg studieprogram i kritisk teori og metodologi? Det er vel ingen dårleg idé? seier Gabriela Mezzanotti.
