Er du klar for å ta steget vidare i den akademiske karrieren din? Bli ein del av eit internasjonalt fellesskap av forskarar og akademikarar og del lidenskapen din.
Utforsk moglegheitene og finn ut korleis du kan bidra til banebrytande forsking.
Sommerskular
Vi tilbyr fire sommerskular med blanda format for ph.d.-kandidatar i 2025. Søknadsfristen for å delta på disse er nå dessverre over.
1. Critical Methodologies – Universitetet i Sørøst-Norge
Med utgangspunkt i kritiske, dekoloniale og deltakarbaserte perspektiv, diskuterer vi metodar i praksis knytt til dekolonisering av forsking og alternativ tenking. Vi tek for oss tverrfaglege tilnærmingar som deltakarbaserte, multisensoriske, dekoloniale, feministiske, urfolks- og interseksjonelle metodologiar. Vi engasjer oss i og problematiserer globale tilnærmingar innan samfunnsvitskap, humaniora og kulturstudiar, og fører ein dialog med perspektiv frå marginaliserte posisjonar om forskingspraksis på tvers av disiplinar og i tverrkulturelle kontekstar.
- Datoar:
- Digitalt: 28. april + 5., 8., 12. og 19. mai – 15:15-17:00 kvar dag
- Til stades: 2-7 June: 09:00-15:00
- Mer informasjon: Blended Research - PhD Summer School in Critical Methodologies - Universitetet i Sørøst-Norge
- Søknadsfrist: 17. mars 2025
- Søknadsskjema for USN- og eksterne studentar: EDUC Blended Research Summer School at USN: Critical Methodologies (nettskjema.no)
2. Creative Product Design: Towards a More Sustainable Society Through Research – Universitetet Jaume I (Spania)
Utforsk emnet produktdesign og ingeniørfag, med fokus på berekraft og kreativitet for å utvikle nye produkt- eller systemløysingar for samfunnet og menneske. Få styrka sjølvtillit i dei ulike forskingsfasane, som å forstå eksisterande litteratur og bakgrunn, forbetre skrivedugleik, halde munnlege presentasjonar og få betre kommunikasjonsferdigheiter. Sommarskulen vil også gi deltakarane engelskkunnskapar, med fokus på forsking og aspekt ved produktdesign og ingeniørfag.
- Datoar:
- Digitalt: Mai 2025 (eksakte datoer kommer)
- Til stades: 9.-13. juni 2025
- Meir informasjon finn du i EDUC Course Catalogue
- Søknadsfrist: 17. mars 2025
- Søknadsskjema: Application for Blended Research Summer School (nettskjema.no)
3. PaleoGeography: Reconstructing the Earth System through geological times – Universitetet i Rennes (Frankrike)
Evna til å rekonstruere utviklinga av miljøforhold og geografiske trekk gjennom geologiske tider er avgjerande for vår framtid. Morgondagens vitskapsfolk som arbeider med miljøendringar, treng detaljerte paleogeografiske kart og numeriske verktøy for å validere modellar av tidlegare og framtidige livs- og miljøutviklingar. For den veksande grøne industrien er paleogeografiske rekonstruksjonar grunnleggjande ressursar for å vurdere potensielle kjelder og lokasjonar av viktige geo-resursar.
- Datoar:
- Digitalt: 13. mai 2025 – 09.00-16:45 + 14. mai 2025 – 09.00-12.00
- Til stades: 30. juni-4. juli 2025 09.00-17:30
- Mer informasjon finn du i EDUCs kurskatalog
- Søknadsfrist: 17. mars 2025
- Søknadsskjema: Application for Blended Research Summer School (nettskjema.no)
4. Intercultural Sensitivity – Universitetet i Pécs (Ungarn)
Fordjup deg i forsking på identitet, kultur og globalisering medan du samarbeider med andre stipendiatar med ulike bakgrunnar. Forbetre di kulturelle medvit, styrk dine interkulturelle kommunikasjonsevner, og få verdifulle innsikter i europeisk kulturelt mangfald. Få hjelp til å utvikle essensielle ferdigheiter for suksessfullt interkulturelt samarbeid.
- Datoar:
- Digitalt: 7.-11- april – 16.00-17.30
- Til stades: 13.-19. juli 2025
- Mer informasjon finn du i EDUCs kurskatalog
- Søknadsfrist: 17. mars 2025
- Søknadsskjema: Application for Blended Research Summer School (nettskjema.no)
Retreats (samlinger)
i 2025 tilbyr vi to samlingar (for ph.d.-stipendiatar og postdoktorar), utforma for å fremje profesjonelt engasjement og nettverksbygging blant unge forskarar ved våre åtte partneruniversitet. I 2026 er det berre planlagt éin slik samling.
Dette gjev unike moglegheiter til å knyte kontakt med kollegaer, dele innsikt og styrkje forskingsreisa di.
I 2025 kan du velje mellom to samlingar; i Tsjekkia og Frankrike
1. Universitetet i Rennes (Frankrike)
- Tema: «AI for Research and Eduction»
- Dato: 3. til 7. november 2025
- Søknadsskjema: Kjem snart
2. Søknadsfristen er gått ut. Masaryk Universitet (Tsjekkia)
-
Tema: «Refocus, and Rediscover Balance»
-
Beskriving: Ta ein pause frå presset i akademia og utforsk viktige tema som velvære, balanse mellom arbeid og fritid, motstandskraft og mindfulness. Dette er ei unik moglegheit til å finne attende til deg sjølv, få praktiske verktøy for å handtere stress, og finne eit støttande fellesskap av likesinna unge kollegaer frå ulike bakgrunnar. Invester i din mentale helse og vend attende til forskinga di med fornya klarheit, motivasjon og energi.
-
Målgruppe: unge forskarar frå heile Europa
-
Dato: 1.-5. juni 2025
-
Søknadssskjema: Application for EDUC PhD-retreat Masaryk (nettskjema.no)
-
Søknadsfrist: 2. mars klokka 23.59
I 2026 er det planlagt ein samling i Spania:
1. Universitetet Jaume I (Spania)
- Tema: «New Ethical Challenges in Research»
- Dato: Våren 2026
- Søknadsskjema: Kjem snart
TESE DAYS: EDUC Talents and Entrepreneurial Skills Days
TESE Days 2025
- Tidspunkt: 10.-12. juni, 2025
- Stad: Universitetet i Rennes, IGR-IAE School of Management, Frankrike
- Søknadsskjema (nettskjema)
- Søknadsfrist: 25. mars 2025 kl. 23.59
- EDUC-stipend: 1350 Euro
Dette er eit årleg arrangement som fokuserer på utvikling av ferdigheiter og karrierebygging. Arrangementet samlar ph.d.-stipendiata frå alle universiteta våre, og blir støtta av EDUC sine entreprenørskapsekspertar.
TESE-dagane understrekar viktigheita av internasjonalisering og fleirkulturell utveksling, og fremjar eit europeisk perspektiv blant deltakarane. Ved å samle ph.d.-studentar og ekspertar frå ulike kulturelle og akademiske bakgrunnar over heile Europa, skapar TESE-dagane eit levande miljø for samarbeid på tvers av landegrenser og deling av kunnskap.
Verkstadar (engelsk: workshops) og andre møteplassar gjev gode høve til å vise fram din entreprenørskapstankegang.
Grip moglegheita til å oppdage og vidareutvikle dine talent, og hjelpe deg legge grunnlaget for din framtidige karriere.
- Påmelding til TESE Days 2025: Søknadsskjema (nettskjema)
- Les om TESE Days 2024 på Universitetet i Cagliari: A Success for Education and Entrepreneurship (educaliance.eu)
Karrierelæringsaktivitetar
Meld deg på nettkurs:
1. Introduction to science communication
Er du interessert i å formidle forsking, men treng hjelp til å finne ut korleis du skal gjere det og kor du skal starte? Då er det asynkrone nettkurset «Introduksjon til forskningskommunikasjon» en perfekt start, spesielt for vitskapelig tilsatte og ph.d.-kandidatar.
- Søknadsfrist: 31. mai 2025
- Les meir om dette kurset: Bli med på forskingskommunikasjon - USN Intranett (krev innlogging)
- Meir info og søknadsskjema i EDUCs kurskatolog: EDUC Alliance - Course Catalogue (educalliance.eu)
2. Female Empowerment in Academia
Er du klar for å ta tak i kjønnsulikskap og vere med på å forme framtida? Vårt asynkrone, sjølvstyrte nettbaserte kurs er skreddarsydd for akademisk tilsette og ph.d.-kandidatar av alle kjønn.
Dette tverrfaglege kurset tek for seg kjønnsulikskap i akademia. Deltakarar som er interesserte i å forstå kjønnsrelasjonar betre i sitt arbeidsmiljø, vil få innsikt i dei viktigaste problema som hindrar kjønnsjamstelling i akademia og få nokre praktiske tips om korleis ein kan handtere dei.
- Søknadsfrist: 15. mai 2025
- Meir info og søknadsskjema i EDUCs kurskatolog: Female Empowerment in Academia (courses.educalliance.eu)
3. Career Diversification in Research
Dette kurset består av to valfrie og to obligatoriske moduler. Kvar modul inneheld innhald i form av video(ar) og blir etterfølgt av ein kort test.
- Oversikt over karriereutviding (obligatorisk)
- Kapasitetsvurdering (obligatorisk)
- Kapasitetsbygging: Mjuke ferdigheiter for å betre karrieremoglegheitene dine (valfri)
- Frå akademia til praksis og tilbake (valfri)
- Søknadsfrist: 1. juni 2025
- Mer informasjon og søknadsskjema: Career Divirsification in Research - EDUC Alliance - Course Catalogue (educalliance.eu)
4. International Entrepreneurial Mindset
Dette er eit omfattande, 27-timars program utvikla av 25 undervisarar frå EDUC-alliansen. Det er designa for å gi ph.d.-studentar viktige tverrgåande ferdigheiter som er essensielle for suksessfulle karriereovergangar.
Anten du forlet akademia eller går inn i det profesjonelle arbeidsmarknaden, vil dette kurset gje deg verktøya du treng for å lykkast i dagens dynamiske jobblandskap.
- Meir info og søknadsskjema i EDUCs kurskatolog: International Entrepreneurial Mindset (courses.educalliance.eu)
- Søknadsfrist: 15. oktober 2025
Kurs som er opne for ph.d.-kandidatar
Kurskatalogen, EDUC Alliance - Course Catalogue (courses.educalliance.eu), blir stadig oppdatert. Her kan du filtrere søket ditt gjennom å velje «PhD» som «Target Group» og finne dei til ei kvar tid tilgjengelege tilboda.
Lær språk
1) Digital språktandem
EDUCs digitale språktandem kobler deg på en annen ph.d.-kandidat som også har lyst til å bli bedre i fremmedspråk.
Språktandem er en uformell måte å lære + holde ved like fremmedspråk på.
Det er forsatt ledige plasser våren 2025:
- Les mer: Øv på framandspråk saman med ein annan EDUC-student - USN Intranett
- Påmeldingsskjema (nettskjema)
Hugs: Du må ha minst B1-nivå i engelsk og i det språket du vil utvikle deg innan.
2) Digitalt språkkurs
Husk at kurskatalogen blir oppdatert løpande med nye tilbod, så sjekk innom oss igjen, hvis du ikkje finn det du letier etter akkurat no.